God morgen, fuglar!!

Dagen gryr og Godalen ligg der, mørk og lokkande, med all sin

våte sjarm. Lyset er veikt, men ser ein mot horisonten, ser ein det gryr av dag,

med ei strime som stadig veks, ut av ingenting.

Badaren går mot si strand og føler eit velvære.

Kaldt, men godt.

Kjenner at det er på tide med eit lite sjokk.

Å komma seg ut av morgonhamsen og ut i dagen.

Våkna og kjenna at dagen er her for fullt.

Me er klar!!

Og dagen gryr! Saman med Gry! Sten melder på veg til Bremen by!

Dagens melding vart:

7,2 grader i sjøen og 9,3 grader på land!

God kaffi!!

Sjåast fredag!

🙂 Svein Egil