Gode sjøbadar!

Denne helga vart det god spredning i badeøkta!

Lørdagen var det 3 badarar i aksjon. Rasmus stillte frå Danmark. Opp med ferja natt til lørdag, bad og heim om kvelden. Nå var det ikkje berre badet Rasmus kom for, men ligavel..
Godt jobba Rasmus.

Carloyn og Jorunn var og på plass og tempen låg kring 15 grader. Blikkstille på sjøen, og blide badarar kom innom Vardendagen og vakte åtgaum.

Søndagen var det ikkje like godt vær, men 5 badarar i sjøen igjen. Carolyn for andre gong denne helga! Klokka var 11 då me hoppa i sjøen, og Godalen var godt besøkt av turgåarar og barnefamiliar!

Badetemperaturen vart målt til 15,2 i sjøen og 14,5 på land.

Kaffedrøsen ittepå var like god som vanleg!

Niels sender SMS om saunabad am Tegernsee på veg opp til 2900 meter o.h.

Sjåast onsdag morgon kl. 0700!!

🙂 Svein Egil