God morgen igjen!

Det er onsdag 28.oktober og godt oppmøte når Lokalen Rogaland melder sin ankomst.

Flott at Lokalen følger opp dei ulike lokale friluftsinteressene som vert dyrka i
nærområdet.

Sjølvsagt er fotoapparatet gløymt denne morgonen, men i desse tider har ein jo mobil med til ei kvar tid!! Det er tydeleg at det er folk i anmarsj, og både Astri, Torill, Sten, Gry og undiderteikna var vitne til at NRK-bilen svingde nerom Godalen på badetokt.
Skjæveland steig ut og retta på antennå og var klar… men ikkje til bad! Sjølv!

Me har mistanke om at det ikkje var kaldt nok. 9 grader på lang og 8,5 i sjøen. Mildver med andre ord…

Iallefall var det hyggeleg med besøk, men neste gong utfordrar me til bad!!

God stemning rundt bordet, og stormlykta er det rette på morgonkvisten, før det lysnar mot dag! Jess…

Ha ein fin dag!

🙂 Svein Egil