Kjære sjøbadar!

Flotta veret og beine vegen!

Samling som sedvanleg ved Varden!
Idag var det flott å spasera langsmed turstien og sjå på haustfargane.
Grønt, brunt, rødt, gult, oransje…. Eit flott spel som gjer godt å få med seg
på vegen mot sjøbad og helg!

7 badarar var på plass og uti!
Idag var det knust glass ved stupebrettet og trappa, så det vart ein del plukking!
Synd at ein ikkje plukkar opp etter seg om ein er uheldig.

Trappa ute ved neset er ikkje på plass, så det vart å hoppa uti over haugen!

Samtlige fulgte slagordet: “Ein gong te!!” .. og hoppa uti igjen!
15,2 grader målt i sjøen og 17 grader på land,

Sola stråla då me kom opp og etter kvart sette oss ned ved borda og delte det me
hadde med oss.

Idag vert det ein tur på Kapittel 09!

Mye spennande på programmet!

Ha ein flott dag!

🙂 Svein Egil