Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Sommarferiebad

Onsdagsbad Posted on Thu, June 16, 2011 07:19

Ja, tenk, snart midtsommar og ferietid!!

No er tida inne for å setja ut i livet dei ferieplanane ein la i kalde og mørke vinterkveldar, då badevatnet låg rundt 2 grader og me enno måtte stå ute under halvtaket og byta klede.

Sommar og sol, med badevatnet tilgjengeleg “like ved” ytterdøra.

Nei, me har det godt så har denne muligheten.

Onsdagsmorgenen også…

13 grader i sjøen denne dagen, og litt svier.

Likevel, med litt rekognosering før ein dreg uti, går badet heilt fint.

Tydeleg at Godalen vert nytta av stadig fleire, for borda er flytta på kvar gong me kjem.

Me tar det som eit godt teikn.

Badevakt Bente Nyman hadde eit flott innlegg i Bystyret tirsdag, der ho la inn eit godt ord om sjøbading, Strømvik bad og dei gode sidene ved å nytta denna perlå.

Gå fra til ca. 1 time 18 minutt så kan du sjå og høyra sjølv:

Web-TV

No blir det nok færre som stiller til bad framover, med ferievekene framføre oss.

Lite blogg og mye hyttetid, med sjølvsagt bad innlagt kvar morgon.

Ha ein fortreffeleg sommar, så sjåast me i alle fall i august.

Men, det vil nok alltid vara sjøbadarar innom under sommaren….

🙂 Svein Egil



Takka meg te

Lørdagsbad Posted on Sun, June 12, 2011 08:50

God morgen, kjære sjøbadar!

Nok eit glimt inn i sjøbadartilværet i Godalen.

Juni månad, og ein skulle tru at ein ekta heilårsbadar lengta tebake te snø og kuldegrader…

Nei, takka meg te sol og sommar. Det e jo det besta.
Men ka e det besta om ein ikkje erfarer ka alternativa er?

Koffor slita seg gjønå ein haust, vinter og vår – for endeleg å få seg ein dukkert i Godalen, med
sol, klart vann, kvte strender, nyslåtte grastepper og måkeskrik.

Svaret må ligga i minst to ting:

Me e någen sosial dyr. Og når det komme te gjengen i Godalen, så er vel det ei flott samling av arten Homosapiens aqualis sosialis exstremadura. Eller någe sånt. Me like å gjørr ting i lag.

For det andra – me utføre dette ritualet til faste tider, heile året. Det tyder på eit behov for struktur, ritualer, trygghet, sjølpining, tilfredstillelse og nullstilling.

Når ein så toppar dette med ein god frukost, gjerne med egg, nykokt kaffi og ein god drøs om livets viderverdighter, smått og stort, så snakkar ein om det gode liv.

Det går mot sommar og badetemperaturen nærmar seg 15 grader, idag, lørdag 11.06.11 målt til 14,5 grad. Sommardagane ligg framføre oss og me kan lengta til alternativet.

Grønt mot rødt, natt mot dag, vinterbad mot sommarbad!

Denne badedagen var ikkje unntaket.

Når gjengen som starta ved miljøstasjonen kom fra til stranda, var den tredobla.
Og velkommen til Berit som ny badar i gjengen.

Ha ein flott sommar!

🙂 Svein Egil



Onsdagbad igjen

Onsdagsbad Posted on Thu, June 09, 2011 16:43

hallais!

Bortreist igjen denne lørdagen, men fleire på plass.

Merethe gav tilbakemelding denne onsdagen, 9.juni.

Brodd har rydda i bua, og melder at salget startar 20.juni og frem til august.

Kanskje lurt å rydda vekk ein del ting som heng på knaggane i naustet.

Flotta veret idag igjen!

Temperaturen var 12,5 grad og det er stor endring sidan sist.

Susanne var også på plass, og vi hadde omkledning på neset idag.

Som ein ser så ligg det farlege gjenstandar igjen etter fluefiskarane…

Gry var i forberedelse til store vannmengder i Ryfylkeheiene, men rolige forhold i Godalen.

Natur- og idrettservice kom og drog igang rydding av stranda.

Mye tare og anna sidan siste vindrossene.

Sjåast til helga!?

🙂 Svein Egil

D



Junibad

Onsdagsbad Posted on Thu, June 09, 2011 16:36

Onsdagsmorgen 2.juni 2011

Blikkstille og lun stemning i Godalen.

Ina er i form og gir OK-tegn. Alt klart!!

Temperaturen er relativ kjølig, men noe godt er på gang.

10 grader i sjøen og sviene er i emning.

Det blei ei flott helg!!

🙂 Svein Egil



Siste onsdagsbad i mai

Onsdagsbad Posted on Thu, May 26, 2011 17:27

God morgen sjøbadarar!

Denne onsdagen var det svært mye blæst i løpet av natta!

Kvelden før var tre av onsdagsbadarar på Folken og feira Bob Dylan sin 70årsdag.
Flott konsert og ditto foredrag og diskusjon før konserten.

Godt å komma igang etter ei god natts søvn og 4 timar ståande på Folken.


Stormen hadde stilna av og regnveret gitt seg, så det var nesten blikkstille då me kom ned.
Stranda var merka av det urolege veret, så det blir litt rydding framover.

Greitt å bytta innandørs for så å gå ut på neset. Sten var fysstemann, men det viste seg fort at det var godt med svier i vatnet.

Ina og eg merka dei godt, men slapp unna. 10 grader i vatnet idag og kaldare på land.

Susanne kom litt etter og prøvde seg i stranda, men fann ut at det var greiare å sjå sviene på neset.
..så ho tok turen ut..

Godt bad og sjølvsagt kaffi og frukost med drøs om viktige ting..

Litt meir i ly rundt naustet..

No går det mot juni, sommar og ferie.

Ha ein fin dag!

🙂 Svein Egil



18.mai-bad

Onsdagsbad Posted on Wed, May 18, 2011 10:01

God morgen og vel overstått 17.mai.

Fullmånebadet i går ble det ikke noe av.

En hel dag med aktiviteter tok på utholdenheten, og behovet for en
kald avrivning var ikke tilstede..

utrolig nok!

Men idag var det onsdag og morgenbad.

Utsatt ein time riktignok, men med regn i lufta og blest frå sør, var gjengen samla.

Gry var svie-patrulje før badet, men intet at melde.

10,5 grader i vatnet føltes varmare. Vinden gjorde nok sitt til denne opplevelsen, men då var det greitt å skifta i naustet.

Opphald i regnet gjorde at me kunne nyta kaffien ute, og av alle ting hadde eg gått fra mine sedvanlege krus, så kaffien vart sjenkt i høge glas, og drukke med høg føring!

Vel overstått og signe dagen derpå!

Ha ein fin dag!

🙂 Svein Egil



Manetbad

Lørdagsbad Posted on Sat, May 14, 2011 17:43

God lørdag folkens!

Litt nedtur å få ein lørdag utan den store solvarmen!
Me blir fort godt vande når me fyssta får fint ver.

Denne lørdagen var litt gråare enn vanleg, men opphald frå start, så me kom oss turre
til Godalen.

Lite folk i dalen, men joggarane er trugne…. som badarane.

Idag vart det å ta tren ut på neset og mannfolkå skifta der.

Blikkstille på sjøen, men då Gry skulle uti vart ho var ein ting… Ein liten ting..

“Se nedi der!!” “Svier” Bitte små svier virra rundt i vårt våte element.
Altfor tidler, og Ole er litt betenkt også, men har eit klart valg. “Me skal uti”.

11,5 grader i sjøen er bra, og på land var det også greit. Overskya og regnvær i lufta, men me gjorde oss klar for lørdagsfrukost! 8 grader på land. Kjølig idag.

Sjølv om regnet kom, hadde me redningen…
Inn i naustet, opp med naustdøra og fram med stolane.

Flott å sitja inne når me er ute!

Tenkjer oss eit fullmånebad den 17.

Kjem tilbake til det!

Ha ei fortsatt fin helg!

🙂 Svein Egil



Maibad

Onsdagsbad Posted on Wed, May 11, 2011 15:46

Jess!

Årets 131. dag, uke 19
234 dager igjen av 2011

Fiina veret då me såg opp mot himmelen og såg sola farga vinduskarmen.

På med kaffien og ein frukostpakke.

Badetøy trengs ikkje, det er på plass i bua, saman med badeburka, temp.målar og badesko..

Blikkstille sjø og allerede folk på plass..

..men andre kom bak!

Av og så på.. i ein fei, så var me på veg ut til badetrappp og stupebrett.

Flott med sviefri fjord, så det var berre å hoppa uti!

Tempen idag låg på 10 grader.

Oppfriskande med eit morgonbad, med påfølgande frukost!

Susanne hadde idag laga ein tabell for badetemperaturane frå 2009 til idag.

Legg dei til i morgon.

Ord for dagen

Håper du på tilgivelse av dem som er over deg, så tilgi dem som er under deg.

Arabisk ordtak

Ha ein flott dag!

🙂 Svein Egil



Kongebad

Lørdagsbad Posted on Sat, May 07, 2011 13:03

Ja.. meir i retning av dei russetradisjonane som er.

Men no i Godalen for dei meir tilårshaldne exrussane.

Me vil og ha knute!!

Uansett, me stiller som garantistar for dei av russen som tek eit vinterbad!

Dei kan få ein badeknute av oss!!

Dagens temp. var 12 grader i sjøen og nærmare 18 på land, stigande.

Litt vind frå aust, men lovande for helga.

Bua vert no nytta til skifte og knaggane vert pynta med badeburkaer, handkle, badetøy og sko.

8 badarar og fleire badevakter på besøk.

Sommarstemning!

Ha ei flott helg!

🙂 Svein Egil



Onsdag i mai

Onsdagsbad Posted on Sat, May 07, 2011 12:53

Onsdagsbad i mai og klar for det nye badeåret!

Fin gjeng som møttes ved bua denne morgonen.

Tempen denne morgonen var 11 grader og stigande tendens…

7 badarar er heller ikkje verst ein morgon i mai!

Gleder meg til kaldare tider der badeburkaen verkeleg vil gje ly.

God vermelding for dei som skal i konfirmasjonar til helga.

🙂 Svein Egil



« PreviousNext »