Ja, tenk, snart midtsommar og ferietid!!

No er tida inne for å setja ut i livet dei ferieplanane ein la i kalde og mørke vinterkveldar, då badevatnet låg rundt 2 grader og me enno måtte stå ute under halvtaket og byta klede.

Sommar og sol, med badevatnet tilgjengeleg “like ved” ytterdøra.

Nei, me har det godt så har denne muligheten.

Onsdagsmorgenen også…

13 grader i sjøen denne dagen, og litt svier.

Likevel, med litt rekognosering før ein dreg uti, går badet heilt fint.

Tydeleg at Godalen vert nytta av stadig fleire, for borda er flytta på kvar gong me kjem.

Me tar det som eit godt teikn.

Badevakt Bente Nyman hadde eit flott innlegg i Bystyret tirsdag, der ho la inn eit godt ord om sjøbading, Strømvik bad og dei gode sidene ved å nytta denna perlå.

Gå fra til ca. 1 time 18 minutt så kan du sjå og høyra sjølv:

Web-TV

No blir det nok færre som stiller til bad framover, med ferievekene framføre oss.

Lite blogg og mye hyttetid, med sjølvsagt bad innlagt kvar morgon.

Ha ein fortreffeleg sommar, så sjåast me i alle fall i august.

Men, det vil nok alltid vara sjøbadarar innom under sommaren….

🙂 Svein Egil