God lørdag folkens!

Litt nedtur å få ein lørdag utan den store solvarmen!
Me blir fort godt vande når me fyssta får fint ver.

Denne lørdagen var litt gråare enn vanleg, men opphald frå start, så me kom oss turre
til Godalen.

Lite folk i dalen, men joggarane er trugne…. som badarane.

Idag vart det å ta tren ut på neset og mannfolkå skifta der.

Blikkstille på sjøen, men då Gry skulle uti vart ho var ein ting… Ein liten ting..

“Se nedi der!!” “Svier” Bitte små svier virra rundt i vårt våte element.
Altfor tidler, og Ole er litt betenkt også, men har eit klart valg. “Me skal uti”.

11,5 grader i sjøen er bra, og på land var det også greit. Overskya og regnvær i lufta, men me gjorde oss klar for lørdagsfrukost! 8 grader på land. Kjølig idag.

Sjølv om regnet kom, hadde me redningen…
Inn i naustet, opp med naustdøra og fram med stolane.

Flott å sitja inne når me er ute!

Tenkjer oss eit fullmånebad den 17.

Kjem tilbake til det!

Ha ei fortsatt fin helg!

🙂 Svein Egil