Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Solbad!!

Onsdagsbad Posted on Wed, August 15, 2012 15:25

Guddagen!

“Morgonstund har gull imunn”.. heiter det i ordtaket.

Dette stemde heilt i Godalen denne onsdagen.

Blikkstille sjø, sol i aust og sjøbadarar som samlast på neset.

8 stk. i dag og 16,2 grader i sjøen.

“Floaters” er vel eigentleg lik i sjøen. I dette tilfellet badarar som slappa heilt av i vannskorpa.

Låg tungt i sjøen og var ein fare for skipsfarten…

God stemning som alltid rundt frukostkaffien, som i dag vart halden ved stupebrettet.

Prata litt om Danmarksturen i haustferien, og at me nok bør bestilla plass om ikkje lenge.

Ha ei flott veke!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Godalsåpninga

Onsdagsbad Posted on Thu, August 09, 2012 17:04

Hallaisen igjen!

Onsdagsgjengen kan rapportera om upåklageleg temp. og stemning.

5 klare badefjes kom triltande nedover stien, ein itte ein..

Som du ser så var det blå himmel KUN over Godalen denne badetimen, og sola skein..

Tilfeldigt? Neppe!!

På vegne av vannnnnvittigt mange..

Ute på neset var det nok eit par som hadde hatt det litt travelt, for underbuksene låg igjen, saman med ein overdel.. Vel..

God og roleg stemning i vatnet, der svieradaren var i full rotasjon. Litt svier i dag, men ingen plaga.

Temp. 14,9

Det eine bordet er blitt herpa, men me fekk varsla Natur- og idrettservice som hadde sin sedvanlege målerunde på temperatur.

God plass til oss badehungrige og lite konkurranse om tilgang til sjøen.

Ha ein flott dag!

Me badast!

smiley Svein Egil



Påanigjenbad

Lørdagsbad Posted on Sat, August 04, 2012 22:46

Hallaisen!

Her på Jelsa går det mot ferieslutt og retur til Stavanger.

Ferdig med tak over bakarovnen, så eg er svært nøgd.

Men det er tydeleg at mange har venta på at sesongen skal starta opp for fullt.

Torhild melder:

” 10 badere, 15,3 grader og nå nytes god frokost. Fortsatt god helg til dere! Torhild”

.. og sjølvsagt eit bilde:

Ja, me sit no i blåtimen etter ein flott dag på Jelsa.

Klokka er litt over halv elleve på kvelden, sola ha gått ned, men himmelranden er eit spel i fargevariasjonar frå gult, blått og svarte konturar. Flott å sitja slik og ta natta inn og kjenne at roen senkar seg…

Ha ei fortsatt fin helg!

Me badast!

smiley Svein Egil



Oneandonlybad

Onsdagsbad Posted on Fri, August 03, 2012 08:20

Guddagen sjøbadarar!

Feriemodus her i heimen framleis, og sjøbad i Økstrafjorden. Sviefritt og temp. rundt 17 grader.

Føles godt med ein kald avrivning etter ein varm og heit dag….

Sten er i gang igjen og melder:

Nydelig morgenbad. Var heldig med været. Solskinn, men over

Sandnes lå det tunge skyer.

Ca. 15-16 grader og manetfritt.

Kaffien smaker best i lag med andre, men eg koste meg med kaffi på stupebrettet!

Bilder fulgte med:

Ole og Niels melder på FB at dei er på gang til lørdag, så det er tydeleg at det kriblar i

gode sjøbadarbein.

Så ses me kanskje til onsdag?

Me badast!

🙂 Svein Egil



Tosomhetsbad-II

Onsdagsbad Posted on Wed, July 18, 2012 15:49

Guddagen badfolk! (Not badpeople)

Onsdag og klar for eit siste onsdagsbad i juli for vår del.

No peikar med nasen mot Ryfylke..

Lite med kjende fjes denne morgonen.

Me venta å høyra andre stemmer, men vart sittande med oss sjølve.

Fin og roleg stemning denne morgonen.

Blikkstille sjø og sola brøyta seg fram og gav oss ein tår av sin kopp…

15,9 grader idag, og 1 svie observert.

Dessverre knuste flasker ved stupebrettet, men mee fekk fjerna det som låg.

Frukost i det grønne, og så jobb.

Ha ein fin dag!

🙂 Svein Egil



Tosomhetsbad

Lørdagsbad Posted on Sun, July 15, 2012 09:20

Hallaisen folkens!

Juli måned og me ventar med lengsel på at vinterbadesesongen skal ta til??

Nei, fysst litt ferie, sol og late dagar.

Det må til for å fylla opp “mat”lageret.

Meteorologane seier at dette er ein gjennomsnitts sommer for oss her på Vestlandet, så eg slår meg til ro med det. Dei seier at det heile jevnar seg ut til slutt, så eg satsar på utjevning.
Her på Jelsa. Akkurat no! smiley

Ferien kjem stormande, men det blir iallefall eit bad i Godalen på onsdag fysst.

Så kjem melding frå Arvid:

“Horjegata sørger for aktiv lørdagsbading.
Temp. ca. 16 grader og sol. Bare oss to. “

og billede..


.. og fjorden ligg lokkande i bakgrunnen.

Ha ein strålande dag!

Me badast!

smileySvein Egil



Surversbad

Onsdagsbad Posted on Wed, July 11, 2012 15:26

Suura veret!

Men blide fjes å sjå då me kom fram..

15,2 grader og 1 svie i sjøen. (Observasjonspost oppretta etter HMS-sjefens anmodning,.)

Lenke til Godalen/vannkvalitet/temp

God stemning som vanleg.

smiley Svein Egil

Meir kjem. problemer med sida..



Sistejunibad

Lørdagsbad Posted on Sun, July 01, 2012 13:53

Hallaisen badefolk!

Så vart det siste junibadet for i år!

Meldingar tikkar inn både her og der om flotte strender og badetemperaturar
langt over det me vil oppnå i Godalen på denne sida av den globale oppvarmingshøgda.

Tonje og Astrid kom også syklande og fekk presentert ny badehjelm…

Idag kunne me konstatera 8 badarar i sjøen og 13,6 grader.

Det går oppover sjølv om sola har snudd.

Gry får sitt sviesveip og Charlotte har med seg venninna si, Lora, som også er i frå Frankrike.

Uti med oss….

Til vår store glede oppdagar me at årsaka til at stupebrettet ikkje er montert er at festa har vore for dårlege.

No er det montert nye augekrokar, så no er det ikkje lenge før brettet kan nyttast!

Fine, late sommardagar ligg framføre oss og me vandrar etter tur ut på sommarstiar dekte
av drøymar om sol, sandstrand og blankskurte svaberg.

Nåvel, Godalen trekk oss alle inn i bademodus og likeeins denne dagen.

Sola kom, så me flytta utomhus og kjende at dette var berre bra.

Charlotte feirar dag i dag, 1.juli, og me kunne synga gratulasjonsang ein dag på førehand.

Gratla med dagen Charlotte!

Så er morgonstunda i Godalen forbi, og me vandra kvar til vårt.

Torhild melder frå Sirdalen om regn, men badedrakta er med..

Så…

har ein drivande fin sommar, så treffest me innimellom… i Godalen.. i løpet av sommaren!

Me badast!

smileySvein Egil!

(som har fått tørka av vatndråpen på linsa..)



Morgensolbad

Onsdagsbad Posted on Wed, June 27, 2012 16:14

Rise & shine!

..og i dag stemte det til gagns.

Kjempefine morgentimar i Godalen denne morgonen.

og med 13,3 grader i sjøen var det ikkje tvil om at ein vakna.

Gry slo på svieradaren og fekk raskt blipp på hornhinna. Det gjaldt då å tima svømmeturen
opp mot svievarsel frå land.

I dag var det også andre badarar på det nordlegaste neset.

No dreg badefolket på badeferie i inn og utland, så me ber alle om å senda bademeldingar og mms’ar frå det ganske land.

Ynskjer alle ein fin badesommar, så vil me nok treffast i Godalen utover sommaren!

Ha ein fin dag!

🙂 Svein Egil



Spyledugnad

Festligheter Posted on Tue, June 26, 2012 07:42

Guddagen!

Ein liten kveldsdugnad med mye folk på tur i området.

Asfalten rydda for sand og grus, og golvet spyla reint.

Sand, sand, sand …….

Den kjem til øve alt.

“Blankspylte golv”!

Samt ei ny sperre på naustdøra.

Og etterpå: Kaffe og gulrotkake.

Nå er me klare for onsdagsbad!

Me badast!

smileySvein Egil



« PreviousNext »