Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

LongTimeNoSeeBad

Ekskursjoner Posted on Wed, February 24, 2016 21:39

OGNATUR!

Hei alle badarar. Då er det klart for tur til Ogna/Sirevåg laurdag. Værvarselet ser bra ut. Toget går frå Stavanger St Kl 9.54. Møt fram ti min før, og kjøp billett til Ogna, der Niels tek i mot oss og viser veg til”dei fem små strender”. Etterpå et me og varmer oss i hytta til Niels. Hugs badetøy og niste. 😊 Helsing Niels og Jorunn

Og me helsar frå Godalen i dag!


8 badefrendar og ein hund tok ei vinterkledd strand i heite favntak og samla seg deretter til ei roleg oppvarming rundt eit “pelskledd” bord med lys og lykte. 3 grader i sjøen tyder på at det er eit lite bel til lunken kjem til vassande kner.

Snart soloppstandsbad!

Me gler oss!

Men fysst…. te Ogna!

Me badast!

smileySvein Egil



Adventsbad

Onsdagsbad Posted on Thu, December 03, 2015 20:01

Nye lodd og nye bad!

Onsdag igjen og me e klare..
så egg!

Stranda i Godalen er rydda rein – av bølgene som skyljer mot strand.

Godalsnissen har vore tidleg ute.. og var som lufta ute.. heller brisen .. då me opna døra.

Han var i godt selskap, så på andre sida av bua satt der ein i litt trangare kår, utan både mat og drikke.

Ut med oss, alle åtte badefrendar, til ein sjø som såg heller kjøleg ut, men som avslørte heile 9,9 grader, nok til å kjenna seg oppfriska og klar for..

Innesamling og god drøs. Mange nye idear te sosial aktivitetar som vert annonsert itte kvart.
Stor takk te adventsternene Gry og Torhild som har pynta sååå fint til adventstida.
Me set stor pris på initiativet!
Ha ei fin helg!

Me badast!

smileySvein Egil

og… Torhild sender invitasjon frå arrangørane i Ramsvik kolonihage som ønsker alle i badegjengen hjertelig velkommen:

Julemarked hos Liv

5 desember kl 12 – 14

Grønnkålveien 37

Rosendal og Ramsvik Kolonihage

Salg av fine håndlaga julegaver, julegodsaker og pølser og

gløgg. Musikalsk innslag av Elin Furubotn.

Velkommen!



Flobad

Onsdagsbad Posted on Thu, November 12, 2015 07:32

Hei igjen!

Ny onsdagsmorgon og Godalen i sikte.

Vermeldinga seier regnbyger og overskya, med litt vind frå vest.

Godalen seier: Stjerneklårt og stille hav, med druse mål på vatnet.

Me e klar!!

..og då Jorunn rundar neset, ser me lys i bakken og høyrer stemmer som seier God Morgen og ein klem.. den gjer alltid godt.

I nord er det eit fint skille i skylaget, og i ryfylke har dei regnbyger.. saman med tåkelandet i sør. Over oss er det stjerneklårt!

Det er Godalen.. som i dag tek imot 9 sjelefrendar i vatnet, som igjen seier: 10.7 grader.

Dagen Gryr og me har vore innom meir enn flyktningesaka i drøsen. Det skyar litt til og på veg mot jobb kjenner me eit lite regnsdryss.

Ha ei fin veke og..

me badast på lørdag?!

Avgang klokka 10.54 frå Stavanger!

smileySvein Egil



Blåtimebad

Onsdagsbad Posted on Thu, November 05, 2015 08:05

Onsdag er det kvar veke!

..og me er litt godt vante ittekvart med ein soloppgang som seier både

5-6-7 og 9.

Ser at bilda vert svært like veke for veke, noko ein ikkje skulle trudd når ein ser ut vindauge idet ein står opp.

Blir overraska av kor fint det vert, sjølv med utgangspunkt i ein heller grå morgon..

Og det vert betre og betre..

Folket strøymer til.

Og ut i morgonfriskande vatn. 12,3 grader denne morgonen.

Tilbake på land og snart klart for å sitja ned og nyta stilla og dagen som gryr.

Mor feirar Aksel sin dag med eit lys! Hipp-hipp!!

14 i laget og me er klare for nye oppdrag!

Me badast!

smileySvein Egil



Soloppgangsbad

Onsdagsbad Posted on Thu, October 29, 2015 12:56

God morgen godtfolk!

Onsdag og klokka er på vintertid..

Fina veret og fullmåne på himmelen kan ikkje bli feil.

Litt tung i håve, men Godalenlysten alligavel!

Jorunn og eg fekk ein fin velkomst på veg frå parkeringa på vgs.

og det vart fleire stemningsbilleder etter kvart..
The bade people is gathering..


Eit bad .. og eit til..


På veg uti!

9 badarar i sjøen og 3 badevakter i dag. 11 grader vart dagens temp.

Godt å samlast i soloppgangen og sjå at dagen gryr!

Me badast!

smileySvein Egil

Melding frå Jorunn og Niels:

Godalen sjøbadeforeningen på dagstur laurdag den 14. november til Ogna

Me møter på jernbanestasjonen i Stavanger 15 minutter før felles togavgang kl 10.54. Du kjøper billett i automaten på perrongen. Etter en flott togtur over Jæren går me av på Ogna st der Niels møter oss. Han loser sjøbaderne langs fem små smellvakre sandstrender som ligger på rekke og rad mellom knatter og berg. Dette er virkelig pittoreske og utsøkte perler av noen badestrender ! Me velger ut den aller vakreste og bader der J . Så loses vi videre til hytta til Niels litt lenger sør for å varme oss og spise medbrakt matpakke. Deretter går vi på beina til Sirevåg st (2000m) . Du kjøper billett i automat på perrongen. Derifrå er det avgang til Stavanger en gang i timen. Ta med godt fottøy og så regner me med 4-5 timer på hele turen.

Eg regner med å stiller med bil på Ogna og fraktar dei som treng det dei 3-4 km ned til hytta etter at me er ferdig med rundtur og bad på Ognastrendene. Dei mest spreke kan gå desse siste km til hytta..

Fra hytta til Sirevåg togst er det 2000m å gå

Niels Skramstad

Heng deg meg på badetur langs Jærkysten!

smiley



Fjærebad

Onsdagsbad Posted on Wed, September 30, 2015 15:42

Har du sett?!

I dag tidleg var det meste tomt for vatn…

..men folket strømma te i kortesje..

Trappa var satt på land og det vart mest slik at me ikkje rakk ner te sjøs…

HMS-sjefen tok ansvar, og godkjente at Niels hadde gjort ein god jobb med å lysa etter lite intellegente vesener i sjøen ( ikkje dei du ser her). smiley

Desse er koslige badefruer med godt hummør!

Som sagt lie vatn og møje tare, i seg sjøl eit godt teikn.

Plass for tørrbad!

Og med 13 badefrelste rundt bordet smakte det med wienerbrød frå Merethe og den sedvanlege drøsen.

Ha ein fin dag!

Me badast!

smileySvein Egil



Badermedsvier

Onsdagsbad Posted on Thu, September 17, 2015 07:30

Morndu!

Onsdagsmorgen og fiina veret.. iallefall når ein ser ut vindauget og

skimtar blå himmel og raudskjer i aust.

..og det stemmer. Fin stemning ved brettet.

Litt antydning til fraksjonsbad. Brett eller strand?

Men Kristin trossar alle svievarsler saman med brettfolket, og duppar seg ned i ei sviefri sone, alt i kontrollerte former og under stadig oppsyn frå brettet.

Så er det samling og frukosten er på plass..

..og sola får lov til å skine på 10 lystige morgenfriske sjeler.

..som diskuterte Peps Blodsband, Dungen og Kapittel-programmet like lett og lekent som dei var i vatnet… i 15,6 grader.

Ha ei fin veke!

Me badast!

smileySvein Egil



Plaskebad

Onsdagsbad Posted on Thu, September 03, 2015 14:49

Hallaien!

Alle trudde det vart eit forrykande bad..
itte vermeldingane å dømma..

men..

iført heildekkande oljehyra og sandaler ( sko for ein badar ) såg eg på min vandring
mot Godalen.. to likekledde skikkelsar.

Stille sjø og eit tydeleg regnver.

Snart var jentene klare, Gry undervegs.. og me kunne stiga ut, men vent..

her har andre vore før oss.. Hrmm.

Med 17 grader i sjøen føltest det heila som eit varmebad.

Ein god følelse for morgonstøle lemmar.

Plaskande god stemning i vatnet, og ikkje teikn til svier, sjølv om radaroperatøren
kvakk til eit lite bel.

..men 6 våte sjeler kunne samlast rundt bordet og opna gluggen mot verda.
Litt tåkelagt, men dog..

Ha ei fin helg!

Me badast!

smileySvein Egil



17gradersbad

Lørdagsbad Posted on Sun, August 23, 2015 20:11

Lørdag formiddag og fina veret!

Jo, det var litt å kasta på miljøstasjonen denne lørdagen og.
Og sanneleg var det ikkje kjende fjes å sjå!

Godalen ligg klar for oss!

Men fysst vart det opprydding etter flaskeknusing av spritflasker. Trist, men sant.
Synd at det ikkje går an å ha eit anna forhold til badeHMS’en enn dette.


Men etter ein skikkeleg ryddedugnad var det klart for..
Gry sin svieradar! Fort lokalisert og klarlagt. Sviefri sone er konstatert, varsla og klargjort.
Struamretning fastlagt og avdrift utrekna.

Full og hektisk aktivitet rundt stupebrett og trapp.

16 badarar i sjøen som var på 17 grader.


Svoger Per, bror til Jorunn, dukka opp og tok eit forfriskande morgenbad for å vakna til dyst.
Bryllupsfeiring står på menyen til Romsbotngjengen..

..og kem har sagt at der ikkje er plass der det er hjarterom?

Me er alle klare for å nyta nok ei helg i ettersommarvarmens teikn!

Me badast!

smileySvein Egil



Elling-bad

Onsdagsbad Posted on Wed, August 19, 2015 23:27

Hallaien!

Så va det onsdag igjen.. fiina veret og høg stemning ut døra!

Godalen har kledd seg i sommarskrud. Med ein smule vind frå aust.

Og Elling-familien var på synfaring!

Der badefolket steig ut til den ytterste nøgne…

Me etter kvart fekk besøk avoffentlege temperaturmålarar.

16,8 i vassflata og 15,2 i vår måling som er ca. 1,5 meter djupt.

13 badarar og denne gongen vart det dårleg synkronsvømming mellom sviestimen.

Sykkelen til Helge Dagfinn bles te sjøs og buksa var ikkje til å redda. Det vart vått..

PÅ veg inn vart me var eit fraksjonsbad i stranda.

Dag får meg seg samling rundt bordet for ymse slåser.

God å merka at badegjengen er godt i gang. Me gleder oss til fortsettinga.

Snart helg!

Me badast!

smileySvein Egil



« PreviousNext »