Laurdagsbad for n’te gong!

Ikkje det heilt fina veret, men ka gjer vel det?

På med oljehyra og godt skoty – så ut i veret!

Kjenna at ein e te..

Jorunn og eg stod litt åleina ved miljøstasjonen.. men så høyrde me at det

klirra i flaskefor og me forstod at det var ein sjøbadar på gang.

Ein- to- tri, så var me 5 ( Tok du det reknestykket?) smiley

.. og etter ein radletur langsmed sjøkanten var me fortare enn svint 11 sjøbadesjeler og godt med badevakter, klare for dagens dont.

Torill e klar etter at me har vore uti. Det vert fleire bad då det er ulik døgnrytme på desse badarane. Litt usynkrone klokker og ymist.. men dei kjem seg uti!

Jorunn har mykje å fortelja og Torill dokumenterer.

11 i sjøen som sagt og ennå 7,6 grader uti. Det er ein fin temperatur for årstida.

Ettersom me trekk oss innandørs i dag, er det greit å ha ein avslappa vakthund utføre!

Godt oppmøte av den yngre garde..

..som fekk god oppvarting av ein sjokoladelikande gjeng..

Trivelig gjeng som hadde vanskeleg for å gå videre i dagen!

Men nokre tok seg ein tur innom Byttebua og koste seg der.

Litt oppbyggeleg NuArt på vegen!

Ha ein fin dag!

Me badast til soloppgangsbad på Onsdag!

smileySvein Egil

NB! Stormlykta har fått påfylling av parafin, så ein treng ikkje frykta mørket!