Javel.. det vart bad i dag og..

Men det var på hengande håret.

Sviene sto i kø, både raude og blå, men me fann ei ledig renne der me kunne samla oss!

Og i alt 8 badarar delte plass. 15 grader i sjøen (1 meter ned).

Natur og idrettservice var innom og målte 15,6 i vassyta!

Etter kvart vart det diskusjon om parkering for badande til Godalen.

Parkeringsplassen ved Godalen vgs er no kun til skulerelatert bilbruk, og det vert eit problem å parkera for køyrande badegjester.

Niels melder at han var innom Stavanger Parkering og der seier ein at det skal være

fri parkering fram til kl. 8 i vekene og i helgene.

Men det står det ikkje på tavlene!!

Me får påpeika til kommune, Stavanger parkering og våre politiske aktørar om at dette må klargjerast!

Me badast!

smileySvein Egil