Prøver meg igjen på å halda bloggen

i levandes live.

Her vore fråverande ei tid grunna bihuleproblemer etter reise, men er no landa i god behold og ikkje like tett i pappen som ei stund.

Onsdag var det samling igjen, og med yr i lufta vart det plasking i havet for 5 gode badefrendar med påfylgjande drøs innandørs.

Me fekk registrert at det no er 9,8 grader i sjøen og at me framleis ventar litt på at våren skal slå heilt ut i blomst og sleppa sommaren fram.

Greitt for oss..

Søndag som var vart det ei ekstra samling med greske tendensar..

I solveggen vart det rett og slett godt å sitja.

10 badarar konstaterte at gradene passerte tosifra og landa på 10 grader.

Kjekt med Marianne på besøk fra Køben. Ho tok del i medbrakte greske varer som varma i solå (med is ).

God stemning i solveggen som vanleg!

Ha ei fin 17.maihelg.

Kanskje me treffest den 16. i stranda?

Me badast!

smileySvein Egil