Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Vårjamningsbad

Onsdagsbad Posted on Wed, March 28, 2012 15:43

Goddagen sjøbadarar!

Nok ein dag med tåka og yr i luftå, men blikkstille på ein fjære sjø.

Vandrande ned bakken mot Godalstranda såg me ein skikkelse som venta..

Hadde Sten ordna stand-in? Diskusjonen gjekk mellom Jorunn og Marianne på vegen nedover.

Nei, kim e dette?

Bjørn! Bror min… Jorunn anar at ho nå er utsatt for utsjekking om ho verkeleg stiller desse onsdagane, eller om det berre er eit ordhell.

Jo, broder Bjørn er på plass i by’n og vil vera med på onsdagsbadet.

Kjem vel med for meg som ellers …

Nei, eg stoppar der!

Inn naustet for omkleding og fleire kjem.

Idag vert me 7 badarar i sjøen, som vert målt til 6,6 grader.

7,5 på land.

Dette kan ein kalla vårjamningsbad.

No kjem påske og fleire dagar både på sjø og fjell!

Ha ei fin påske!

smileySvein Egil



Fastebad

Onsdagsbad Posted on Wed, March 21, 2012 15:56

Ja, overskrifta relaterer til den perioden me er inne i, men

me må vel med handa på hjarta sei at fasten er meir eit begrep enn

noko som er nærmare enn det!

Idag tidleg svinsa gjengen nerøve te Godalen, der Sten stod klar (som vanleg).

Lett overskya og ein stille sjø.

Døra vart åpna og eit raskt klesbytte med påfølgande bad gav oss ei klar oppleving av at sjøen held seg lite endra. 5,3 grader i dag, og målinga vart kontrollert av ein ivrig boxer i fri dressur. (Kva er båndtvang?)

Samling rundt bordet og..

drøset i gong. Alle hadde sett innslaget i gårsdagens Dagsrevy om den vellukka forskninga ved Psykiatrisk og dei gode resultata dei hadde oppnådd.

Så over til manetfobi og alternative løysningar på korleis bli kvitt problemet som me veit kjem..

Sten og Else gjer seg klar til langreis og me vil legga inn bloggadressa for turen på sida.

Flott værmelding til helga, så dette blir bra.

Helga som var viste Gullingen seg frå beste side..

Påskestemning og rimelig greitt føre, men held snøen til påske??

Ha ein fin dag!

smileySvein Egil



Stillebad

Onsdagsbad Posted on Wed, March 14, 2012 15:31

Goddagen!

I dag kunne me melda til lokalen at sjøbadarane i Godalen var 0,1 meter under havet!

På ein morgon der sjøen låg blikkstille og takå/skydekket var heller lågt.

Lite vatn i sjøen var det også, med sjelden stor fjære.

Dagen nykommar var Mike frå Danmark. Han bur i Rosenli og me håper at han fann badeturen så bra at den kjem fast på kalenderen.

Ellers var Susanne på plass frå Danmark. Ho måtte opp og sjekka badetemperaturen og korleis det stod til med oss….

10 badarar var uti denne morgonen, i 5,3 grader forfriskande sjø.

Vatnet verka kjøligare, då det var fin temperatur på land.

No er det berre ei veke omtrent til me skal snu klokka mot sommar og det igjen blir litt mørkare om morgonen.

Det betyr nye sjansar til eit morgonbad i soloppgang.

Hadde det vore klar himmel i dag ville sola gitt oss varme i badet, men denne gong ei..

Ha ein forrektige god dag og…

me badast!

smileySvein Egil



Blæstbad

Onsdagsbad Posted on Wed, March 07, 2012 15:35

Goddagen!

God trekk i lufta då me gjekk ned mot stranda i Godalen.

Sten og eg vandra nedover og ser Kristin i ly av naustet.

Bodil kjem halsande etter!!

Idag tok me ingen sjansar og legg nøkkelen på utsida om døra skulle slå igjen.

Mattene kom på golvet og me bytta kler i ein fei og tok te byljene!

Idag kunne me ha surfa inn!

5,4 grader i sjøen og iskalde vind rundt 3 grader.

Bildene i dag er tatt med mobil i blåsten, så eg har valgt å vera litt kjiip med fargane..

men dei syner stemninga under dagens bad!

Lunt rundt hjørna og kaffien varma godt!

He ein god dag vidare!

Då er det avtalt fullmånebad og 8.marsbad i morgen kl. 2100.

Direkte, eller oppmøte ved miljøstasjonen kl. 20.30.

smileySvein Egil



Skotårsbad

Onsdagsbad Posted on Fri, March 02, 2012 08:10

Hallaisen!

Litt forsinka badehilsen, men..

Frå Wikipedia:

Et skuddår er et år som har en dag mer enn et normalt år.

Jorden bruker ca. 365,2422 dager på en runde rundt solen. For at dette skal passe inn med vår kalender, har vi satt inn skuddår. Et normalt år har 365 dager, med 28 dager i februar. I et skuddår har februar en ekstra dag, altså 29 dager, og samlet 366 dager for hele året.

Grunnen til at den ekstra dagen ble lagt til februar, og grunnen til at februar er så mye kortere enn de andre månedene, er at i den eldre romerske kalenderen var mars den første måneden i året og februar den siste.

En kuriositet er at den «nye» dagen ikke ble lagt sist i måneden, men etter den 24. februar. Den 24. februar ble av romerne kalt dag 6 før Kalendaee i mars. Skuddagen var da kalt den andre dag 6 før Kalendaee i mars. Kalendaee er romernes navn på den første dagen i måneden, og de regnet seg bakover til Kalendaee, der dag 1 før Kalendaee var Kalendaee selv.

Med andre ord, den eine ekstradagen dette året starta med eit bad i Godalen..

Og som dokker ser, blikkstille sjø, 5,4 grader og godalenstemning rundt bordet!

Idag kom dagslyset fort på!

Det er ei flott oppleving å sitja ved stranda og merka at dagen gryr!

Ha ei flott helg!

smileySvein Egil

PS. Fekk dette flotte kortet frå Ellen i Peru, til alle sjøbadarane i Godalen:

No får ho snart besøk av foreldra og gler seg nok svært til det, men eit bad i Godalen kjem nok også høgt på lista!

DS.



Askebad

Onsdagsbad Posted on Wed, February 22, 2012 15:07

God dagen!

Onsdag 22. februar
Årets 53. dag, uke 8
313 dager igjen av 2012

ASKEONSDAG
Starten på fasten, 45 dager før påskeaften, en botstid i «sekk og aske» med spartansk levesett

Vel, botsgang til Godalen idag?

Nei! Veret var flott.

Mildt, rundt 7,5 grader, opphaldsver og lett overskya.

Et velkjent motiv etterkvart, men ser du godt etter ser du at Kristin og Jorunn er på veg ned.

Sten står og tar imot, og rett rundt hjørna kjem Bodil!

Lettskya og eit skimt av blå himmel som enno ikkje har lysna..

Her er det rett inn, skifta og uti.

Merka at innbrytardronningane sjekka etter om døra var sikra…

5,3 grader i sjøen i dag. Mildt med andre ord..

Forfriskande bad og så klesbytte og ut til frokostbordet!

Greit å ha med godt med kaffi, for i dag var det fleire som hadde lagt termosen frå seg heime..

Lyset skiftar fort og det lysnar av dag!

Så var økta over, nista spist og kaffien drukken.. Lyset kan blåsast ut og me dreg vidare i dagen!

Ha ein fin dag, så ses me til neste bad!!

smileySvein Egil



Lockout-bad

Onsdagsbad Posted on Wed, February 15, 2012 23:05

Gudd ivning!

Ja, så sit eg her på Lillehammer og det tikkar inn sms

frå Gry;

“Tre Dramaqueens i halvmånebad, Vindrosser og vindstille. Krystallklart og forfriskende vann som holdt 4,6 grader,

Tre morgenfriske dronninger hoppet i mens lyset seg frem over horisonten og ei vindrosse effektivt lukket døra til bua med klær, mobiler, nøkler… Kritikkverdig HMSarbeid fra sikkerhetssjefen. Krisehåndteringen derimot var i de beste hender og hoder hos 2 psykiatriske sykepleiere og en beredskapsleder.

Våte badedrakter og 2,3 grader stopper ikke de små grå. Samarbeidet fungerte perfekt og etter kort tid var alle inne i varmen igjen. Uten skade på bu eller folk. 🙂

Etter slike utskeielser måtte det ekstrabad til.

Nytt badetermometer innviet!”

Godt jobba!

Men.. ærlig talt…..

Då treffest me på Varden miljøstasjon kl. 10:00 lørdag for avmarsj til Hundvåg!!

smileySvein Egil



Fullmånebad-nesten

Onsdagsbad Posted on Wed, February 08, 2012 15:35

Goddagen!

Idag var det klart for eit omtrent fullmånebad.

Fullmåne i går kveld, og eit strålande ver med klar himmel, stjerner og sol i emning..

Turen til Godalen blir forventningsfull.

Koss blir det å bada i dag?

På vegen ned treff me Sten og me ser at det står ein gjeng forventningsfulle badarar og trippar nede ved naustet!

Det er onsdag og klart for bad..

Som dokker ser, så er det ikkje lett å fanga badenymfer med kamera..

Bodil og Kristin tar ein ekstra tur, det gjer så godt etter ein springmarsj på stranda.

Idag var det minus 2 på land og pluss 3,5 i sjøen.

(Blir det kaldare har Bodil og Jorunn lagt opp vedlager for bålfyring på stranda!)

Fjære sjø og måne i vest, med sol på gang i aust!

Kan det bli betre??

No nærmar det seg den tida at me kan få soloppgangen medan me sit rundt kaffibordet.

Ei oppleving av dei gode og varmande.

Til alle: Ha ein fin dag og

så sjåast me på laurdag!

smileySvein Egil



Februarmorgenbad

Onsdagsbad Posted on Wed, February 01, 2012 15:21

God morgen!

..eller dag blir det vel nå!

Idag ble det samling allerede fra parkeringsplassen.

God timing der! I samlet flokk bar det nedover bakken mot stranda og naustet!

Ganske så stille, ingen vind, minus 4-5 i lufta og fjære sjø.

I tillegg fekk me Tastabesøk av Ingrid og Maria, som hadde stått tidleg opp for å oppleva morgenbad i Godalen.

Maria var til og med uti for å kjenna på tempen – som i dag var 4 grader i sjøen.

At det var kolse er det ingen tvil om, men det gjer alltid godt å samlast rundt bordet og oppleva

at morgonen gryr!

Eit flott syn når natta slepp taket!

Ha ein fortsatt fin dag og nyt ei kald helg!

smiley Svein Egil

Ei lenke som me kan komma tilbake til…



Aurora Borealis-bad

Onsdagsbad Posted on Wed, January 25, 2012 19:28

..blei det ikkje, men du for ein flott himmel denne onsdagsmorgenen.

Me hadde eit lite håp om kanskje å sjå litt nordlys, men ikkje idag.

7 badarar på plass då klokka slo 7, og fint driv uti vatnet.

Prøvde å fanga Jorunn og Astri ut døra, men som de ser, dei sveiva forbi uten å la seg festa på
film..

Det vart ekstranummer på Jorunn ( bad nummer 2) og det låg an til endå eit då Susanne kom
med blinkande lys.

Som vanleg ein kjempefin stemning rundt frukostbordet ( denne dagen ute i det fri).
5 grader i sjøen i dag og 2 på land.

Då kan me leggja på veg uti dagen med god ballast!

Ha ein fin dag og så sjåast me på lørdag!?

🙂 Svein Egil



« PreviousNext »