Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Tjuvbad

Onsdagsbad Posted on Thu, September 06, 2012 07:35

Javel, onsdag igjen!

OK, det var i går, men skitt au, det var godt bad allikavel.

Litt tidligt ute denne morningen, så då fysste gjengen heiv seg uti 4 minutt på 7, så vart det ymta frampå om tjuvbading då dei meir presise dukka opp.

8 badara i sjøen og nå duppa målet ned til 14,9 ( nedadgåande tendens).

Likevel – sviefritt og tid til eit andre bad for dei som tjuvbada.. 🙂

Merete stillte med nyplukka ertebelgar, knasande godt, og så kom jo sola!!!

Nok ein flott morning i Godalen!

Klar til ny dag på jobb!

Me badast!

smiley Svein Egil



Solbad

Onsdagsbad Posted on Wed, August 29, 2012 15:06

Guddagen!

Makan til soloppgang og horisont i dag…

Det er jo bare ein opplevelse å vandra mot sjøen og sjå korleis dagen lysnar..

5 morgenfuglar i sjøen, og Jon var også igang.

Idag vart det målt 15,4 grader. Ingen svier og eit godt langt bad!

Som sagt: Himmelen gløda og satte oss i god stemning!!

Ha ein flott dag!

🙂 Svein Egil



Måkebad

Onsdagsbad Posted on Wed, August 22, 2012 15:43

Godagen!

Vekslande ver for tida, men…

opp og stå, Godalen neste!

.. og badefolket kom stigande.

Idag vart me 10 stykk rundt frukostbordet.

Blikkstille sjø, ingen maneter og ein himmel som lova sol og regn, men som ikkje gav nokon av delene. God følelse etter badet. 16,7 grader i sjøen og det heile vart overvaka av måkemafiaen..

Planar om ekskursjjon til Danmark er nå lagde, med avreise den 5.okt og retur 7. eller 8. alt etter jobbsituasjon.

Kjenner eg gleder med allerede.

Ha ein fin dag!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Solbad!!

Onsdagsbad Posted on Wed, August 15, 2012 15:25

Guddagen!

“Morgonstund har gull imunn”.. heiter det i ordtaket.

Dette stemde heilt i Godalen denne onsdagen.

Blikkstille sjø, sol i aust og sjøbadarar som samlast på neset.

8 stk. i dag og 16,2 grader i sjøen.

“Floaters” er vel eigentleg lik i sjøen. I dette tilfellet badarar som slappa heilt av i vannskorpa.

Låg tungt i sjøen og var ein fare for skipsfarten…

God stemning som alltid rundt frukostkaffien, som i dag vart halden ved stupebrettet.

Prata litt om Danmarksturen i haustferien, og at me nok bør bestilla plass om ikkje lenge.

Ha ei flott veke!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Godalsåpninga

Onsdagsbad Posted on Thu, August 09, 2012 17:04

Hallaisen igjen!

Onsdagsgjengen kan rapportera om upåklageleg temp. og stemning.

5 klare badefjes kom triltande nedover stien, ein itte ein..

Som du ser så var det blå himmel KUN over Godalen denne badetimen, og sola skein..

Tilfeldigt? Neppe!!

På vegne av vannnnnvittigt mange..

Ute på neset var det nok eit par som hadde hatt det litt travelt, for underbuksene låg igjen, saman med ein overdel.. Vel..

God og roleg stemning i vatnet, der svieradaren var i full rotasjon. Litt svier i dag, men ingen plaga.

Temp. 14,9

Det eine bordet er blitt herpa, men me fekk varsla Natur- og idrettservice som hadde sin sedvanlege målerunde på temperatur.

God plass til oss badehungrige og lite konkurranse om tilgang til sjøen.

Ha ein flott dag!

Me badast!

smiley Svein Egil



Oneandonlybad

Onsdagsbad Posted on Fri, August 03, 2012 08:20

Guddagen sjøbadarar!

Feriemodus her i heimen framleis, og sjøbad i Økstrafjorden. Sviefritt og temp. rundt 17 grader.

Føles godt med ein kald avrivning etter ein varm og heit dag….

Sten er i gang igjen og melder:

Nydelig morgenbad. Var heldig med været. Solskinn, men over

Sandnes lå det tunge skyer.

Ca. 15-16 grader og manetfritt.

Kaffien smaker best i lag med andre, men eg koste meg med kaffi på stupebrettet!

Bilder fulgte med:

Ole og Niels melder på FB at dei er på gang til lørdag, så det er tydeleg at det kriblar i

gode sjøbadarbein.

Så ses me kanskje til onsdag?

Me badast!

🙂 Svein Egil



Tosomhetsbad-II

Onsdagsbad Posted on Wed, July 18, 2012 15:49

Guddagen badfolk! (Not badpeople)

Onsdag og klar for eit siste onsdagsbad i juli for vår del.

No peikar med nasen mot Ryfylke..

Lite med kjende fjes denne morgonen.

Me venta å høyra andre stemmer, men vart sittande med oss sjølve.

Fin og roleg stemning denne morgonen.

Blikkstille sjø og sola brøyta seg fram og gav oss ein tår av sin kopp…

15,9 grader idag, og 1 svie observert.

Dessverre knuste flasker ved stupebrettet, men mee fekk fjerna det som låg.

Frukost i det grønne, og så jobb.

Ha ein fin dag!

🙂 Svein Egil



Surversbad

Onsdagsbad Posted on Wed, July 11, 2012 15:26

Suura veret!

Men blide fjes å sjå då me kom fram..

15,2 grader og 1 svie i sjøen. (Observasjonspost oppretta etter HMS-sjefens anmodning,.)

Lenke til Godalen/vannkvalitet/temp

God stemning som vanleg.

smiley Svein Egil

Meir kjem. problemer med sida..



Morgensolbad

Onsdagsbad Posted on Wed, June 27, 2012 16:14

Rise & shine!

..og i dag stemte det til gagns.

Kjempefine morgentimar i Godalen denne morgonen.

og med 13,3 grader i sjøen var det ikkje tvil om at ein vakna.

Gry slo på svieradaren og fekk raskt blipp på hornhinna. Det gjaldt då å tima svømmeturen
opp mot svievarsel frå land.

I dag var det også andre badarar på det nordlegaste neset.

No dreg badefolket på badeferie i inn og utland, så me ber alle om å senda bademeldingar og mms’ar frå det ganske land.

Ynskjer alle ein fin badesommar, så vil me nok treffast i Godalen utover sommaren!

Ha ein fin dag!

🙂 Svein Egil



Bollebad

Onsdagsbad Posted on Thu, June 21, 2012 12:53

Guddagen!

Fiina veret!

Okej då.. det variere litt, ein smule, men pytt, sol e sol og regn e regn.

Me må ta det så komme, med et smil.. og krydra det heila med eit bad!

Slik blei det denne onsdagen og.

Samling klokka 7 i Godalen, og ein liten koste/rydderunde etter knust flaske.

(Burde vært forbud mot flasker ved badestrender, kanskje kalla det plastflaskepåbud..)

Enighet om at det blir ein liten spyle/ryddedugnad mandag kveld ( 25.juni kl. 1800 )

med kost og trykkspylar. Kom dei som vil. Me sjekkar ut naustdøra i same slengen.

Bad:

Klesbytte på pynten, og uti med oss.

Eit fantastisk solstreif mot Ryfylkefjella gav oss eit vakkert bakgrunnsteppe (lite brukt i badesammenheng) til dette badet.

Kristin klarerte for svier og uti til 13 grader satte oss i gang med lovprising av sommar og sol..

7 badarar i sjøen, inkl. gjestebadar Susanne som cruisa inn med rapport frå danskekysten.

På plass ved frukostbordet, og Kristin kunne framvisa ferske boller med nyrørt syltetøy.

Bolleperspektivet vart grundig diskutert og utnytta, med møje lått og løye, før me kunne runda av med eit fyndig adjø og vidare til dagens dont.

Ha ei flott veke!

Me badast!

smiley Svein Egil



« PreviousNext »