Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Laugardagsbad

Lørdagsbad Posted on Mon, August 19, 2013 21:42

Hallais!

Ny veka og vermeldinga ser lovande ut for dei komande dagane.

Likeeins denne laurdagen!

Heldige med veret då me endar opp i Godalen med ulike startposisjonar og vegar til mål.

Etter kvart er det samla ein heil bøling av badarar som gjer seg klare til morgenbadet.

Fysst to-tre, så aukar det på..

Sviealarm, men det gjekk stort sett godt!

17.1 grader i sjøen og 14 badarar.

Øivind var ny badar i dag og godt i gang!

Det var godt å drøsa i solveggen utafor naustet og føla at sommaren heng litt igjen!
Mangt skal delast av opplevingar fra varme sommardagar!

Ein filmsnutt!

//www.youtube.com/embed/uPziYQEquHMSå kan me berre lengta til onsdagsbad!

Me badast!

smileySvein Egil



Tosomhetsbad

Lørdagsbad Posted on Tue, July 23, 2013 11:09

Mornings!

Den nye vestlandsbunaden er todelt og eventuell overdel vert festa bak.
Finnes i ulike fargenyansar og stoffkvalitetar, også tuva ull.

Kan nyttast i vatn og turkar som oftast lett!

Astrid melder frå Godalen den 20.juli:

Heia frå Godalen!

Til vanleg badetid var det jammen tomt for heilårsbadarar!

Manetalarm ved eine stupebrettets å vi gjekk til det andre.

Der var det fint, og no får Tonje bruk for den nye solhatten sin. Kanskje 16 grader i vatnet
om ein legg godviljen til.

Bilete følgjer!

Helsing Astrid og Tonje i GSBF’s ungdomsfylking!


Flotte bilder av sommaren i Godalen!

Her på Jelsa har me fantastiske sommardagar!

Sit ute lenge etter at sola har gått ned, og badevatnet er no målt til 21 grader.
Ikkje til å tru!

Har kjørt Jorunn til Yogasamling på Askøy. Flott tur via Odda, Årsnes, Hatlestrand, Eikelandsosen og Bergen.

Men godt å vera tilbake i kringla heimsins..

Ha ein flott sommar!

smileySvein Egil



Linerlebad

Lørdagsbad Posted on Sun, June 16, 2013 09:25

God morgen!

Jelsatur på meg denne helga!

Det er tid for å skifta hyttetak, og det krev forberedelsar..

Men når det klaffar med å få smaka på dei fyrste Jelsajordbæra, så kjenner eg

at det går greitt. (Sjekk vedlagte smaksvedlegg: Jelsa.smk).

Eg får ikkje med meg badet i Godalen, og går glipp av ein sommarfest, men pytt!

Melding frå Gry:

8 badere.

Ett brudepar,

en frustrert linerle,

12,7 i sjøen og

ingen eggdeler.smiley

Og bildet fortel:

Smilande badefjes og godsaker til kaffien. Joda, det er eit typisk Godalenbad.

Ha ei strålande helg!

Me badast!

smileySvein Egil



Jabad

Lørdagsbad Posted on Sat, June 08, 2013 22:16

Javel…

Laugardag og fiina veret!

Då me kjem vandrande mot stranda i Godalen møter me eit heller sjeldant syn..

Der sit tre jenter og strikkar i veg. Forberedt på kjøligt ver, men godt i gang med strikkinga.

Garnnøstene klare. Me såg at dei koste seg skikkeleg, men bada ville dei ikkje, ennå!

Nokre sat og venta då me kom, andre var på veg.

I alt 11 sjøbadarar i dag!

Me tok alle til badetrappa, då det gav oss betre oversikt med tanke på sviene.

Gry hadde oversikten, og der var lite å sjå. Med litt styring gjekk det svært bra!

13,6 grader er i alle fall rette vegen!

Kaffi, frukost og andre godsaker var delt rundt bordet, og Bodil synte seg retteleg flink

til å apportera.

No er det berre to veker til sola snur og me går mot ein ny sesong vinterbad.

Kjenner det skal bli godt.. men først..

sommar og sol!

Me badast!

smileySvein Egil



FørsteJuniSvieBad

Lørdagsbad Posted on Sat, June 01, 2013 14:38

Hei igjen badfolk!

Fleire på tur denne helga også.

Likevel god samling hos Carolyn og Helge Dagfinn i går kveld.

Fantastisk god suppe blei servert, med kaffe og kaker etterpå.

Og sjølvsagt godt med sang og spel!

Det høyrer til.

Takk til vertskapet for ein flott tradisjon!

og så dagen i dag..

Litt antydning til regn i lufta, men ikkje meir!

Det betyr som alltid.. det er badfolk på veg!

Og dei kjem stormande.

Frå alle kantar!

Litt bading her..

Stupebrett og trapp vart flittig nytta, også som utkikstårn.

og litt der..

Eit sommerleg tegn er jo at sviene er på plass i hopetall. Det gjorde det til ei utfordring

å hiva seg uti. Det heile vart meir kontrollert og beherska.

“Svøm til høgre.. NEI, venstre, rett fram..” Gry har kommandoen med svieradaren på plass.

No er fleire på reis. Paco er i Spania i Juni og lovar å sende melding.

Og ei oppfordring til alle: Send ferierapport på MMS frå din badeferie.. Så legge eg han på bloggen.

Ha ei flott helg!

Me badast!

smiley Svein Egil



Sommarigjenbad

Lørdagsbad Posted on Sat, May 25, 2013 22:18

Hei igjen badande godtfolk!

Laurdag igjen og Jorunn og eg er på søskenbarntreff på

Klungtveit i Suldal. Fantastisk ver og godt oppmøte ( 9 av 10).

Svært kjekt!

Men om me ikkje er på plass i Godalen..

Melding frå Torhild:

“Med lyd ville dere ha hørt:

Hoppe sa gåsa, danse sa reven.. :-)”

Det ser jo svært så rytmisk ut. Synkrondans på eit høgare plan.

Og ikkje nok med det.

Når heilårsbadarar dreg på tur kjenner dei si plikt, dei sender baderapport:

Kristin: “Lørdagsbad fra Givær. Etter fiske av storsei, torsk og kveite. Bortsett fra at fotografen knuste mobiltelefonen i beflippelsen av isbadet er alt i skjønneste orden.

God helg til sjøbaderne i sør!”

og

Vel Kristin, fortår godt at det ble litt beflippelse, men slikt tar jo ein heilårsbadar

med kald ro!

Ha ei framleis stråland helg og husk!

Fullmåne i dag og eit strålande nordlysvarsel!

Følg med på nattehimmelen!

Kanskje eit nordlysbad i vente??

Me badast!

smileySvein Egil



Pinsebad

Lørdagsbad Posted on Tue, May 21, 2013 17:57

Hallaien!

17.mai og pinseheljå e øve, og dei gode vermeldingane strøymde på.

Jelsafeiring for oss, og besøk austante.

Bading, sjølvsagt, og reine sydenstemningen på Noresjøen, med mange “sydenturistar” på stranda.

Så kjem melding frå Torhild:

..Og 17.maifesten fortsatte med kransekake, hatter og latter og snop.

En fin start på pinsehelg 🙂 Torhild

og som fulgte på med:

12 badere i Godal, 2 nye( fra Slovakia og Daniel fra Stvgr) sommertemperatur i luft og

nesten i sjø: 10,3 g.

Og snart onsdagsbad!!

Me badast!

smileySvein Egil



Tobadsbad

Lørdagsbad Posted on Sat, May 11, 2013 20:11

Hei godtfolk!

Lørdag er laugardag!

Og Torhild sender melding:

“12 badere i Godal, litt flere grader på den ene enn på den andre sida.

Tid for 2 bad.

Kommentar rundt bordet etterpå:

En blir helt fredelig inni sjela av dette:-) God helg!”

Og bilde fulgte med:

Takk Tohild!

.. og her på Jelsa er det forberedelsar til 17.mai og pinsehelg.

Planting og gjødsling ute og reingjering innandørs.

No er det vår!

Det har me bestemt!

Ha ein fin helg!

Me badast!

smileySvein Egil



Nyttbadeårsbad

Lørdagsbad Posted on Fri, May 10, 2013 22:31

Hallaien!

Travle tider for oss kvardagsheltar i badety!

Konfirmasjonar og festligheter stormar mot oss i denne vakre

mai, den skjønne milde…

Ja du vett sjøl..

Og som alltid kjem det nokre linjer og bilder frå badefolket:

Torhld melder..

Rundt 20 badere, frisk bris og d var kaldt i sjøen. Venter på varme m synkron svømming. Åpnet badeåret m dikt og delte musserende vin m årets badere. Dagfinn sier: bad i Badedammen kl 1900 fredag 31. Mai, fest i hos D & C etterpå:-)

med bilde

Kanskje noe varmere i vente.

Takk Torhild!

Og Sten melder med badebilde frå bua:

Ingen tvil om at stemningen er god, sjølv om ein må trekke innadørs.

Fullt hus!

Me Badast!

smiley Svein Egil



Årsbadefeiring

Lørdagsbad Posted on Mon, April 29, 2013 20:45

Hei igjen!

Sjølv om nokre dreg i andre retningar av ulike grunnar, så kjem det

melding og bilder frå dei som er tilstades.

Sten melder:

18 stykker som var med på badinga på lørdag. Temperaturen viste over 7 grader, og det var flere som tok 2 dukkerter i dag. Været var og fint, og for første gang i år, var det flere som bytta ut enn inne i bua.

Etter badet hadde HMS-ansvarlig det ærefulle oppdraget å offentliggjøre “årets bader”. Stor jubel da det viste seg at alle vår årets vinner(e).

Som vanlig varte etterbadet både lenge og vel. Men etter noen timer rusla med hjemover. Dagfinn og Sine tok turen mot Emmaus for å være med på Aktivitetsdagen der, mens andre gikk og lytta til fuglesangen.

Leste i avisa at skolen også hadde funnet sprøyter i Godalen, så Else hadde fått tak i egen bøtte for å legge sprøyter i. Den står nå inne i bua!

Helsing Sten

Og Kristin melder:

Hei. Litt seint men..

Her er dokumentasjonen på min storesøster fra Oslo tar sitt første vinterbad.

Sprekt og uten nøling.

Ses på onsdag! 🙂 Kristin

Kjempebra!

Og som bildene syner.. lørdagen var det sol og antydning til vår i luftå!

Det nærmar seg 1.mai, som jo er ein onsdag.

Bad klokka 7 som vanleg.

Anledning til å drøyan litt før ein eventuelt dreg til Midjord bydelshus

og 1.mai frukost hos Helge Dagfinn og SV på Storhaug.

Uansett,

me badast!

smileySvein Egil



« PreviousNext »