Hei igjen badfolk!

Fleire på tur denne helga også.

Likevel god samling hos Carolyn og Helge Dagfinn i går kveld.

Fantastisk god suppe blei servert, med kaffe og kaker etterpå.

Og sjølvsagt godt med sang og spel!

Det høyrer til.

Takk til vertskapet for ein flott tradisjon!

og så dagen i dag..

Litt antydning til regn i lufta, men ikkje meir!

Det betyr som alltid.. det er badfolk på veg!

Og dei kjem stormande.

Frå alle kantar!

Litt bading her..

Stupebrett og trapp vart flittig nytta, også som utkikstårn.

og litt der..

Eit sommerleg tegn er jo at sviene er på plass i hopetall. Det gjorde det til ei utfordring

å hiva seg uti. Det heile vart meir kontrollert og beherska.

“Svøm til høgre.. NEI, venstre, rett fram..” Gry har kommandoen med svieradaren på plass.

No er fleire på reis. Paco er i Spania i Juni og lovar å sende melding.

Og ei oppfordring til alle: Send ferierapport på MMS frå din badeferie.. Så legge eg han på bloggen.

Ha ei flott helg!

Me badast!

smiley Svein Egil