Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Isbad

Lørdagsbad Posted on Sat, January 26, 2013 15:53

Javel?

Snø i lufta og gradene rundt minus 1.

Det er duka for bad i Godalen, og badety og termos blir gjort klar.

Der er ein fin gjeng som svinsar rundt Strømvik og registrerer at isen har pakka seg inn mot Hilllevågsvatnet. Sørleg vind samlar isflaka.

Me rundar neset og ser inn mot Godalen:

Rundt naustet har ein gjeng samla seg.

Fort er me 14 badarar som skal kle seg om, og det vert trangt og svært sosialt i naustet.

Herrene i sin avdeling og damene i den største salen.. Dei er jo alltid i fleirtal..

Naustdørene vert opna i dag, då det er lett å hiva seg direkte uti vinterbølgene.

0,6 grader er det i sjøen utafor, og alle tek seg turen uti her, før andre prøver seg på

isødet i stranda. Bad 1.. 2.. 3..

Simon balanserar seg utover isflaka før han går i sjøen.

Og me får ein familiefar på tur til å ta bilder for oss når me hiv oss rundt.

Minus 1 grad vert det målt uti isflaka.

Det kjennes mest på fingrane at det er kaldt i vatnet. Dei svinn og vert lite brukande når blodet trekk seg bort. Rart å kjenne.

Så opp og badeburkaen på.

Da kjem varmen og me hiv av oss kaldt badety og tørre kler kjem på.

Høg stemning i naustet, og me bestemmer oss for at været er ikkje verre enn at me sit ute i dag også.

Litt antydning til snø i lufta, og drøset går som alltid godt.

Simons says:

Dette må være som å bade i en Gin & tonic m/is.

Ha ein flott dag!

Me badast!

smileySvein Egil



Frostbad

Lørdagsbad Posted on Sun, January 20, 2013 10:48

Juhuu!

Kuldegrader, sol og blikkstille.

Ka vente oss då ein laurdagsmorgen i Godalen..

for dei som er i by’n?

Jelsa for vår del, men me heng ikkje med hovudet for det..

Stille sjø gjer også fort is, så det vert fort rundt 0 grader i overflaten.

Då tikkar det inn melding frå nyhetsbyrået VASS:

Gry melder: Rekordbad! 0,6 i sjøen, Minus 5,5 på land. 17 badere fra 4 nasjonaliteter.

og her fikk vi besøk av Ylana fra Polen og Sofie fra Russland. Ylana mente 1 bad var for lite.

Bad nummer 2 eller 3 var best!

og som bilde fra Sten viser, Gry kjører heile rakkå..

Bilde frå Gry:

Torhild:

Flott bad i Godalen i fantastisk vintyervær. 2 nye badere fra Russland og Polen, ble godt mottatt av gjengen.

Ny pers med 0,6 grader.

Sten sender fleire bilder:

Bildene til Sten seier sitt. Frå yrande badeliv, med Arvid i luftige svev, til isjuklar på stupebrettet.

Med andre ord: Ein god dag i Godalen!

Ha ei flott helg!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Nytebad

Lørdagsbad Posted on Sat, January 12, 2013 15:23

Ja, akkurat – NYTE!

Her vakne me opp og ser ut i eit blått himmelhav!

Blå himmel, sol og kaldt.

Minus 7 grader viser gradestokken, og det er berre å gjera kaffien klar og

smøra frukostpakken.

Søren, badeskoa låg ute og er klaka. Hiv dei i ein påse, så får me sjå.

Med plastpåsane i handa startar turen mot miljøstasjonen og..

nei, der var me visst åleine.. i nokre sekund.

Så er me på vegen.

Hillevågsvatnet ligg med is, og sola står imot. Flott syn når gjengen rundar neset og

Godalen ligg klar med speilblank sjø.

Simon sende dette bildet!

For eit syn.

Så er døra open og me er med eitt blitt 19 stk.

Nokre er raskare enn andre og lørdagsbadet er i gang.

Dei fleste tek rett ut i stranda, medan nokre av mannfolka tek turen ut til trappa og legg

på svøm.

Kaldt på hendene i dag, og eit islag ligg på vassflata utover.

Men det vert berre 4,3 grader i sjøen.

Så på med badeburkaen og av med badebuksa.

Nokre kler på seg ute i sola, ekstra bordplate kjem ut og snart er tre bord dekka.

Kaffitermosen oppe og godsaker tar runden rundt bordet, den eine svingen etter den andre.

Så er drøsen i gang og helga har så vidt starta.

Ha ein feiande fin dag!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Tastabad m.thaisuppe og avdukning

Lørdagsbad Posted on Mon, January 07, 2013 15:39

Hallaisen badpeople (badefolk)!!!

Ei lita tilbakemelding frå utskremt reportar til Astrid sitt årlige Tastabad med nogo attåt!

Flott alternativ til Godalenbadet ( men det vart bada i Godalen på sama tidå..)

Godt oppmøte på Tasta hos Astrid og ein gode gjeng la ut på stien ned til båthavna i Dusaviga

og stilte seg opp langsmed steinmuren etter ein rask tur ut til Vardeneset.

7 grader i vatnet og ein gjeng på ca. 20 stk. i kaute klyv mot sjø og tare.

Ei lett yr sette ein våt krans rundt det heile før ein fekk på seg vandrestasen og sette nasen mot Astrid sin heim.

Samling i heimen, med storslagent besøk av Herr/fru Hjelm med finstas og slåbrokk.

Kjekk underholdning i Vrejsviks ånd. Hønan Agda toppa det heila! Dette satte me pris på!

Før suppe og kaffi vart det avdukning av bilde som Astrid hadde kjøpt hos Gorm i Danmark ( som me besøkte under turen vår i haust). Ein historie for seg.

Bildet gjorde seg svært godt på veggen til Astrid. Eit godt kjøp Astrid!

Stemningen steig og svetteperlene kom i takt med inntak av nydelig thai-kyllingsuppe med tilbehør.

Klokka var 2 før me hadde snudd oss, og me kunne farta vidare i laurdagen.

Gilde minner frå denne mangfoldigkulturelle opplevinga!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Mot nyttårsbad

Lørdagsbad Posted on Wed, January 02, 2013 15:11

Ja, så lakka det mot slutten av året og det var tid for litt

“contemplasjon” i naustet!

Vel, det gjekk mest på ka farge sjokoladebitane hadde og at dei gule var best..

(appelsinsmak, ikkje sant Marianne?)

God stemning som vanleg, 5 badarar og 5,3 grader i sjøen.

Godt med vind og regn, så me søkte ly i dag.

Stranda vår skikkelig dekka med tang og tare, og me måtte eit stykke uti forå få klart vatn.

Men innandøørs var tempen høg!

🙂

Me badast!

Svein Egil



Solsnubad

Lørdagsbad Posted on Wed, January 02, 2013 14:52

Litt oppdatering frå oss i influensatåka.

(Som nå er over!!)

Lørdag 22. desember!

Melding frå Sten:

SOLSNUBAD

Det var bara 3 stk som møttes på Varden lørdag, Arvid, Gisell og meg- Fant ut at siden det var solsnubad, så tok med turen over Varden for å nye sola.

Vel oppe i bakken, traff med Bodil, som og var på vei til stranda. Men hu hadde ein egen snarvei, og me slo følge.

Gikk via ridesenteret og kom ned til Godalen via skogen. Kjekk tur og kjekt med litt forandring.

Der nede sto det flere og venta på oss. Og to nykommere var alt i vannet. Dei ga oss skikkelige mindreverdighetskomplekser.

Bada sikker 5 ganger, sprang opp og ned bakken i badetøyet, uti sjøen igjen. Og me sto der og var litt øvegidde. Det var godt å se at dei frøs da dei kledde på seg. Så det var ALLIKAVEL kaldt i sjøen, sjøl for andre.

Alt i alt var me 11 badarar i aksjon. Tempen var 4,1 grad og me hadde ein rektig så fine solsnu frokost. Der me til og med fekk se solå.

Sten

Med bilder:

Godt bad!

🙂 Svein Egil



Ekstremjulebad

Lørdagsbad Posted on Mon, December 17, 2012 07:54

God morgen!

Ei lita julehelsing frå badenissen!

Ja, ikkje det at eg har nissa i badet… høh..

Rare tider for oss som er blitt litt uvante med snøfall og kolonnekjøring.

Ligavel, ein godt klede gjeng samla seg frå ulike kantar nede i Godalen denne morgonen også.

Eg talte til 14 badarar og ein oppsøkande danske ( Fl..) som stua seg inn i naustet, til eit aldri så lite julabord. Når alle tar med litt blir det mye av alt, på ein måte.

Men først..

4,7 grader i sjøen denne laurdagen. Og som du ser så er det ikkje mangel på entusiasme når ein badar!

Me feira også Torhild litt på førehand, som fyller 60år ..omtrent på denne tida..

Travle førjulstider, men det kjennes heilt rett med denne fristunda her nede ved vannkanten, kjenna litt på elementene..

Apropos det, det var så pass mye elementer denne dagen at sjøen slo inn under naustdøra og skylla over golvet. Ka gjer vel det..

Me sørga for å halda beinå høgt ( leggja de øve ein krakk eller lignande )

Slagord for dagen: Tørr champagne mot våte golv er tingen.

God og variert julefrukost med ein svært trivelig badegjeng.

Kanskje me badast før jul?

..og, eg merkar meg at det er fullmåne fredag den 28.desember.

Kanskje eit fullmånebad på tampen av året?

Ha ei fin førjulstid!

smileySvein Egil



Nisseluebad

Lørdagsbad Posted on Sun, December 09, 2012 17:37

Lørdag igjen og sjøbad?

Jess, selvfølgelig.

Sjøl om eg er på Jelsa og Jorunn i Kingston/London, så tikkar det inn meldingar og bilder:

Torhild:

Morgenbad i 4,9 g og 9 fornøyde baderer. Stor overgang fra sist bad i Hua Hin hvor d var så varmt at vi ikke orket å bade. Litt forfriskende skal et bad være, og d var d garantert i dag:). Fortsatt god helg. Torhild

Og bilde:

Så kommer MMS fra Gry:

Til slutt 10 nisser i Godalen. Noen mer slitne enn andre. Men alle nissene koste seg med 4,9 i sjøen og 0,1 på land. Døren gled bedre enn noensinne 🙂

Med bilde:

Som dere ser, så er noen av nissene byttet ut fra hvert bilde.

Stor stemning i gjengen og tydelig at temperatur og føreforhold heller gir en høydare…

Godt å høyra at “Torsdagsgjengen” har gjort ein skikkeleg jobb med døra.

Sten meldte at dei trudde det var låsen som var frosen.

Men no i godlage, velsmurd og tilgjengeleg!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Haggel i drinken bad

Lørdagsbad Posted on Sun, December 02, 2012 12:48

Nå e’ det vinter igjen – zum-zum
eg ligge nagen i havet, – badet.
Men så kom der ei frua- hua……

Svært fritt etter Svein Tang Wa.

Ja, så kom då snøen igjen, med desember måned.

Vakna til ei merkeleg stillhet og sjå at takvinduet var dekka med kvitt.

Snøen lyser godt opp i denne mørketida, og det er nok ei meining med
at me skal ha litt kvit snø oppå det mørka.
Liksom for å toppa heile dr… .

Opp å hoppa!

Klar som eit egg, godt med kler frå innerst til ytterst!
Ka’ e’ temperaturen?
Minus 2 ute. OK!
Vottar og hua pluss..

Plastposar og gode klemmar ved miljøstasjonen, og så vidare.

Mange fotografar i aksjon i dag, men så var der jo flusst av motiver då..

14 badarar og 5,7 grader i sjøen gjorde sitt til at det var godt å få igang blodsirkulasjonen og varme kler ittepå..

Dagens motto: Haggel i drinken

Som Susanne sa; “Idag sørget Vår Herre for naturlig is i drinkene” ( Hyllebærshot fra Helge Dagfinn og Gammel Dansk fra vårt danske alibi, Susanne).
Og Jorunn snødde neste ned, men ville hu gi seg?

Me badast!

🙂 Svein Egil



Lyd&taushet

Lørdagsbad Posted on Wed, November 28, 2012 19:59

Hallai!

Melding frå Sten om lørdagsbad:

“Sender og ei bodda med bilder fra lørdag. Då var me 16
badere, 7,8 grader. Og mye lyd fra jentene da dei sprang ut på stranden.

Men dei tause gutane gjekk mot stupebrettet og det åpne
havet.

Frokosten i nydelig solskinn, me slapp unna regnet denne
gangen!”

.. og som alltid: Hummørgjengen slår tell!

Ser ut til å være god stemning i haustsola!

Mykje regn har gjort sitt innhogg i strandpromenaden, men det ordnar seg fort!

Kjem tilbake emd bilder frå idag, onsdag 28.november ( Under ein månad til sola snur!!!)

Me badast!

🙂 Svein Egil ( som rapporterer frå Jelsa!)



« PreviousNext »