Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Onsdagsbadarane igjen

Heilårsbad Posted on Thu, December 10, 2009 20:28

Guddagen!

Kaldt og blåst, men ligavel på gang!

Litt sjukdom i gjengen grunna detta svineriet, men bading vert det.

Difor vart det innan familien idag!

Lampa vart tend og badetempen ligg idag på 7,5 grader.

Lite folk på trim, men me koste oss med kaffikoppen itte å ha fått brusa litt med blodet.

Utruleg kor varme ein blir når ein får kleda fort på seg.

Ha ein fine dag!

🙂 Svein Egil



Laugardag med fleire

Heilårsbad Posted on Thu, December 10, 2009 20:20

Kjære heilårsbadar og frender!

Ja, så vart det ein laurdag i delvis landflyktighet til
Ryfylke!

Laurdag den 28.november og siste laugardag i november måned.

Flemming har bidratt med bilder og Gry med termometer denne gongen.

4 nye ansikter stilte på plass i Godalen, noko me likar svært godt!

Gry melder om 8 grader i sjøen og stor stemning.
Badarar frå New Zealand og Skottland tok og del i det heile, samt nye lokale krefter.

Me treffest kommande onsdag!

🙂 Svein Egil



Tosomhet i frisk blest

Heilårsbad Posted on Wed, November 25, 2009 15:31

Hallåisen!

Idag var det myrkt og blåsigt!

Men.. to var på plass! Eg va fysstemann idag, då Sten var sjuk.

(Det trur eg er fysste gong han ikkje e føre meg, og vekke i det heila).

Fekk tatt eit tidleg morgonbilete av Hommersåk:

Men lite å sjå.

Gry kom syklande nerøve stien til Godalen og parkerte sykkel og utstyr.

God plass til skifte, og det var greitt, då det blåste godt og småregna.

Meldinga til Lokalen vart idag:

Godalen sjøbaderforening melder: 10 grader i sjøen og 10,3 på land. Frisk blest fra syd.

Mao. varmare enn det ein skulle tru.

Eit lite stilleben frå frukostbordet før inntak!

Fiina veret med gode kler!!

Ha ein flotte dag!

:-)) Svein Egil



Ventever

Heilårsbad Posted on Sat, November 21, 2009 16:29

God dagen!

Etter solskinn kommer regn….

Eller.. det e visst omvendt!

Idag vart det målt 8,6 grader i vatnet og 12 grader på land.

Det var stor spredning i badegjengen denne laurdagen. Me var ein gjeng så
var med Nylund skolekorps på Stavanger Open, og dei var på scenen kl.0900.
Tidleg opp, men det var greitt. Kjempeinnsats frå musikantane.
I alle fall, me vart litt seine tilbake og kom vandrande ned til Godalen kl. 10.30.
Det var Sten, Else, Jorunn og meg sjølv.

Carolyn, Niels og Elisabeth var på plass og hadde starta badinga.
Fine gjeng rundt bordet og god prat.

Det var solskinn og fina veret då me bada, så no ser me i spenning
mot kveld og morgendag og ventar storregn..

Sjekk bildet av Else og hundepose-automaten.
Flott at kommunen har satt opp skilt gjeldande båndtvang og ekstra posar te trengande.

Ha ei fine helg!

:-)) Svein Egil



Gode tider

Heilårsbad Posted on Wed, November 18, 2009 15:33

God morgen!

Regntung natt, men opphold kl. 0700.

Årets 322. dag, uke 47
43 dager igjen av 2009

Lokalen: Godalen sjøbaderforening melder 9,5 i sjøen og 8 på land. Litt sjø og flott morgenstemning.

Varselet:

Stavanger

10 °C

– i morgen ….

12 °C

God stemning både i sjø og rundt bordet.

Med god kaffe, frukost og god diskusjon.

Pass på å rensa slukane ute. det er regn i vente!!

Ha ein fin dag!

:-)) Svein Egil



Vel blåst!

Heilårsbad Posted on Sat, November 14, 2009 12:29

God morgen igjen!

Fina veret… med vermelding som varslar kuling og væte.
Alligavel, ut på tur – aldi sur. Godt uttrykk for ka me synes når me tar runden ein
laurdags morgon. Godt kledde og klare for det meste.

Godt med bølger og syd-austlege vind møtte oss i Godalen denne morgonen.

Dameandelen imponerar stadig med rask avkledning og tidleg bølgebryting.
Herresida ligg godt etter, men “kjem godt”.

Dagens temperatur er: 10,3 i sjøen og 9,8 på land.
Med andre ord varmare enn ein skulle tru.

Helge Dagfinn imponerer med skikkeleg frukostbrett, men god kaffi frå
Palestina og frå Aust-Timor er ikkje å forakta, ja den er høgt skatta.

Sundag dreg ein gjeng opp til Røysland gard. Litt tur, litt utstilling, litt middag, og masse kos!!
Hadde ei god oppleving der oppe i fjor.
Kanskje det vert kjøpt med pinnasteik i år også!

Ha ei luftige helg!

:-)) Svein Egil



Danmarksbesøk

Heilårsbad Posted on Wed, November 11, 2009 15:22

Fiina veret!

Idag var det kjøligt i veret, men stille og rolig å komma vandrande ned

stien mot Godalen. “Det e så å komma inn i eit eget rom i dagen”..

Sten tok imot og me tok oss god tid, sjølv om Jorunn var lynraske uti.

Speilblank sjø og nokre få trimmarar var på veg rundt stien.

Lykta vart tent og så kom Susanne vandrande. Ho var innom det norske fastland ei stund før ho tek turen tilbake til Danmark. Ho ber oss helse alle i gjengen og ønkser oss velkommen ned i februar.

Me helsar tilbake til Rasmus og gleder oss til turen.

7 har meldt seg så langt.

Idag var fotoapparatet blitt liggande att, så mobilen fekk ta seg av biletdokumentasjonen.

Lokalen: Godalen sjøbaderforening melder 9,5 i sjøen og 4,7 på land. Blank sjø og flott morgenstemning.

Ha ein fin dag!

🙂 Svein Egil



Hipp-hipp

Heilårsbad Posted on Mon, November 09, 2009 20:16

Hei igjen badefrende!

Laurdag igjen og ting på gang..

Ja meir enn det me hadde venta faktisk.

Vel skein sola, sjølv om vinden ruska litt, og turen rundt langs med sjøkanten var meir enn fin.

Då me nærma oss Godalen merka me at noko var på gang…

Niels har runda og vart overraska av systera og Marianne!!

Gratla Niels og

Hipp, hipp HURRA!

Dette medførte at me etter badet fekk kake, ost og kjeks, i tillegg til vårt sedvanlege
laurdagsbord (som jo også kan innehalda litt av kvart!)

Denne laurdagen var det 10,4 i sjøen og 10 grader på land.

No til onsdag er det mulig at Susanne kjem innom, og me må etter vart
sjå kor mange som tek turen til Danmark i februar!
Det nærmar seg fort og det er greitt å bestilla i god tid for ein grei pris..

:-)) Svein Egil



Stormbad

Heilårsbad Posted on Wed, November 04, 2009 09:39

God morgen!

Vermeldinga var klar…

Kuling med storm i kasta, frå ost-sydost. Oppholdsver.

Det stemde i Godalen denne morgonen.

Store variasjonar på tema: Haustaleg blest!

Denne dagen var me overbevist om at dei siste haustbladene låg tynt an på trea.

Det suste godt i trekronene og me kunne høyra endringane i vindkasta på lyden..

Melding avsendt: 10 i sjøen og 7 på land.

Stormlykta tent og god stemning rundt bordet.

Ha ein fin dag!

og husk:

Tou Scene har Storhaugsamling torsdag!!!

🙂 Svein Egil



Siste oktoberbad

Heilårsbad Posted on Tue, November 03, 2009 18:56

God stemning….

ser det ut til, då eg får tilsendt dette bildet frå badegjengen i Godalen, laurdag 31.oktober.

Eg er på Jelsa, men dette syner kor bra dette funkar. Alltid nokon av gjengen som badar
heile året i Godalen. Kva var tempen Gry??

Takk for helsing!

No gler eg meg til onsdagsbad!

Fullmåne og etter vermedlinga: Storm frå syd-ost…

🙂 Svein Egil



« PreviousNext »