Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Onsdagsbad på glattå

Heilårsbad Posted on Thu, February 18, 2010 14:13

Onsdagsmorgen og såpeglatt!!

Vegen til Godalen ligg speilblank og fin.

Det er berre å seila ned bakken for eigen maskin.

Sten står som vanleg og ventar, med broddar på beinå.

Det er greitt å vera godt skodde slike morgonar, med eit føre som

kan utfodra både lårhalsar, håndledd og kneskåler!

På plass i Godalen var det bare å vrenga av seg og hiva seg uti.

Sa eg hiva seg? Det vart eit stykke å gå denne morgonen.

Mykje fjære gjorde det svært langgrunt denne dagen, så me måtte gå eit stykke før

dei små, vesale kroppane våre fekk vatn øve hovudet, men det gjekk til slutt.

Vel på land kunne me melda Lokalen:

Lokalen Godalen sjøbaderforening melder: 2,3 i sjøen og 0,2 på land. Nydelig horisont og skikkelig lavvann.

Me skifta i ein fei og satte oss ned med kaffikoppen og nistepakken.

Vår faste raudstrupekompis kom og satte seg på bordet og brusa med fjøra.

Me kunne nok trenga å brusa litt med og, men badet hjalp oss godt igang.

Godt nøgde med morgonen kunne me vandra vidare i dagen…

Då snakkast me på laurdag!!

Svein Egil!

PS! På onsdagskvelden var det rundt 50 oppmøtte på samlinga til Storhaug historielag, med tema: Strømvik bad. Svært kjekt med engasjerte Storhaugbuar, som alle meinte at eit nytt Strømvik bad var å ønska seg!



Danmarkstur til Roskilde

Heilårsbad Posted on Tue, February 16, 2010 21:14

Hei gode sjøbadar!

Ein liten rapport frå sjøbadarar på tur!

Susanne og Rasmus inviterte til februarbad i Roskilde sjøbadeforening.
Det var uken etter deres 10års jubileum, der de nå e 288 medlemmer, i en by med
ca. 50.000 innbyggere.

Torsdag dro 5 stk. ned og 3 kom etter fredag. Vi møttes på Strøget og ruslet mot Nyhavn
der vi hadde fått anbefalt “Told og Snaps” av Anne Grethe.
Før vi fikk plass ved bordene gikk vi en tur og fikk med oss utsikten over til operabygget.
Flott!!

“Told og Snaps” var en svært hyggelig opplevelse som anbefales på det varmeste.
Hyggelig betjening, kjempegode smørrebrød og dertil godt øl og utvalg i snaps.
Noe for enhver gane.

Videre gikk turen til vårt endelige mål – Roskilde og sjøbadet.

Susanne og Rasmus tok oss vel imot på togstasjonen, og turen gikk gjennom byen ned til havnen,
der vi installerte oss på vandrerhjemmet, bare et steinkast frå vikingemuseet og badanlegget.

Turen gikk så rett i havet..


Her er Gry, Sten og Jorunn i sine nyinnkjøpte badekåper. Posh!!

Fleire bilder kjem..


Eit hol var laga i isen og vatnet var på rundt 0 grader.
Ei trapp ned og ei anna trapp opp.

Så var det inn i badstu og deretter i stampen.

Vedfyrte stamp med litt tilbehør – ja det var svært flotte veksling mellom stamp, bad og badstu.

Ein svært god følelse då me etter kvart gjekk vidare og klare for måltid.
Omvisning undervegs til nokre av kjeldene som er grunn til navnet: Roars kilder.

På veg heim ein tur innom katedrale og kveldsmesse med vakker song!!

Me vil alle takka Susanne og Rasmus!

Tusen takk for invitasjonen, det gode vertskap og en svært hyggelig opplevelse.
Me gleder oss til kommande ekskursjonar!
Det gav meirsmak.

🙂 Svein Egil



Mildverslaurdag

Heilårsbad Posted on Sat, February 06, 2010 12:53

God dagen igjen!

Fina veret!

Gradestokken strever med å nærma seg 2 talet og me kan se at det er
smelting på gang.

Sjeldan at det er slike tilstander her i vest, men denne vinteren ser ut til
å setja nye normer for vestlandsvinteren.

Idag tok eg direkte oppmøte i Godalen, etter ein kort oppstartstur med korpsungdomen til Stangeland. Sten fylgjer dei idag.

Ingen å sjå då eg kom vandrande nedover stien, te ei Godalsstrand i vinterdvale.
Endene kom meg imøte for å sjekka om der var noko å henta.

Patrick og vår skotske venn kom joggande idet eg satte ifrå meg, og då eg ser mot
Strømvik ser eg gjengen marsjerande på stien, klare for bad.

Gry jobba godt som motor til Eirik og resten av gjengen fulgte på.
Etter kvart var me 10 badarar og 4 badevakter. Gode tal!

Dagens badetemp. vart 4 grader i sjøen og 4,3 på land.
Mildt med andre ord.

Praten gjekk laust rundt bordet. Cubareise vart gjennomgått og kommande Danmarkstur
likeså. Me glede oss til å besøka Susanne og Rasmus. Neste laurdag…..

Dagens næringsliv hadde denne fredagen ein flott artikkel om kallbadhus langsmed
svenskekysten.
Her er nokre lenker:

DB
Strømstad
Varberg
Ribergsborg
Bjerred

Ha ei flott helg!

🙂 Svein Egil



Påskestemning

Heilårsbad Posted on Thu, February 04, 2010 13:24

Godagen sjøbader!

Kort rapport frå onsdagens morgenbad!

Gry var tidlieg på plass denne morgonen og tok vel mot oss

då me kom gåande nedover stien i godveret!

Nysnø, kaldt, svart morgenhimmel med stjerner og fullmåne på hell.

Horisonten over Hommersåk og Dalsnuten i lysning.

Ein ny dag på gang!!

Fotoapparatet hadde gjøymt seg denne morgonen, så mobilen

fekk dokumentera:

Vatnet låg blikkstille og lokka, med ender som flaksa avgarde då me kom stormande.

“Lokalen Godalen sjøbaderforening melder: 3 i sjøen og minus 6,3 på land. Nydelig horisont,måne og lukt av old spice”

Ei flotte tid framover, med ei vermelding som seier fortsatt kaldt og vinterleg!

Berre å sko seg godt!

🙂 Svein Egil



Snøbad

Heilårsbad Posted on Sat, January 30, 2010 12:33

God morgen kjære sjøbadefrende!

Idag sit eg på Jelsa og har ein kopp kaffi etter å ha måka snø i oppkjørselen til
foreldra mine.

Ca. 10-12 cm nysnø i løpet av morgontimane.

Fekk melding frå badegjengen:

Friskt og kaldt bad i dag.
3 grader, mye vind og snø.
6 badere og 4 vakter.

God stemning!

Sten

Eg ser at eg har mottatt mail frå Maren Einarsen som var med oss for
å laga ein artikkel (prosjekt på media- og kommunikasjonslinja på Hetland).
Legg den inn på sida om eg får lov av henne!

Ha ei fortsatt fin helg!

🙂 Svein Egil



Morgenregn??

Heilårsbad Posted on Wed, January 27, 2010 15:46

God morgen kjære badefrende!

Dagen starta litt uvanleg, med regnver og våte ruter!

Mildver igang, for ei kortare stund.

Vegen til Godalen var såpeglatt og våt, og stranda tok imot oss med litt uvanleg

tåkedis utover sjøen.

Gry kom etter kvart, og hadde fått med seg det alle nødvendigste til badet, men mangla

litt håndkle og slike unødige ting. Sjølvsagt slikt som lar seg ordna på ein

grei måte.

Lokalen Godalen sjøbaderforening melder: 2 i sjøen og 4,3 på land. Tåke og regn. Mildversbad.

Ha ein fin dag!

🙂 Svein Egil



Loooordagsbad!!

Heilårsbad Posted on Sun, January 24, 2010 10:04

Goddagen!

Glattare på veg mot det våte element.
Men Brodd’ane var på mange bein, så det gjekk svært godt!

Godalen tok som vanleg imot oss med åpne armar.
Patrick og Ben kom joggande rett før me kom fram, så oppmøtet var
veldig bra.

Som vanleg er nokre raskare enn andre med avkledninga..
Men me andre fekk temperaturmålaren i vatnet til slutt:

2,6 grader i sjøen idag, og 3,2 på land.

Litt tøvær idag, men me kosar oss i godveret!

Ha ein fin dag!

🙂 Svein Egil



Stillhetens hav

Heilårsbad Posted on Wed, January 20, 2010 15:13

God morgen igjen!

Ei stille stund åleine i Godalen denne morgonen.

Fråfall ifrå den faste stammen, men eg fann ut at eg stod an ut!

Speilblankt, stille og roligt då eg vandra ned mot badestranda og bua.

Meldinga til Lokalen kunne seie: 1,8 grader i sjøen og 4 minus på land, men som de ser av biletet så gjekk temperaturen endå nokre grader ned.

Tid til meditasjon og tankar om det som skjer i tida.

Kaffien smaka godt, men ser godt at det sosiale i at fleire badar er ein

vesentlig faktor.

Me badast laurdag!

:-)) Svein Egil



Rise and shine!

Heilårsbad Posted on Sat, January 16, 2010 16:33

God morgen igjen!

Temperaturen er mildare og vinden sterkare, denne laurdags formiddagen i Godalen.

Det blir glatta og holka når det vert mildare i veret, og no er det retteleg brodd-tid!

Spesielt turstien er utsatt for dette, så pass på!

Idag var me 5 badarar i sjøen og 2 badevakter.

Patrick og Benjamin frå New Zealand var også på plass, og me var ikkje seine
med sjøgang..

Ein flokk med ender var mottakskomite idag, og vart tatt vel imot.
Dei hadde nok ikkje venta besøk i vatnet, så dei trekte seg tilbake til trygg avstand
då badefolket steig i.

Temperaturen idag var på 2,8 i sjøen og 2,3 på land.
Ein god del mildare enn på sist onsdag.

Else hadde tatt turen på morgonkvisten, så me vart budne på ferske rundstykker og
ekta Kristianlaks som var røykt hos Janas. Eit ekte Storhaugprodukt med andre ord.
Kaffi og frukost i Godalen byr alltid på noko godt. Patrick hadde med seg honning frå New Zealand.

Har no sjekka ut ein lovande frokostkafe i København, med sild og snaps og det hele, så det
er godt det nærmar seg..

Ha ein fortsatt fin dag!

:-)) Svein Egil

Foto idag; Svein Egil og Benjamin



Milda veret!

Heilårsbad Posted on Wed, January 13, 2010 12:32

Godmorgen!

Denne morgonen er den mildaste på lange tider.

Berre minus 1 grad på land!

Med gårkveldens opplevingar med brann i sentrum og ei eim av brannlukt

i lufta, var det godt å samlast rundt konkrete morgonritualer.

Sten, Gry og Svein Egil er på plass denne morgonen også.

Denne dagen starta med 1,2 grader i vatnet, det kaldaste til nå i vinter!smiley

Som dere ser så er det fremdeles greitt å ha med seg stormlykta!

Gry fikk litt problemer idag med påkledningen, men det ordnet seg etter hvert.

Klimaendringer og brann var et godt og hett tema denne morgonen!

Me sjåast til helga og…

minner om Danmarksturen og tilbakemelding til Susanne og Rasmus.

Ha ein flotte dag!

🙂 Svein Egil



« PreviousNext »