God morgen igjen!

Temperaturen er mildare og vinden sterkare, denne laurdags formiddagen i Godalen.

Det blir glatta og holka når det vert mildare i veret, og no er det retteleg brodd-tid!

Spesielt turstien er utsatt for dette, så pass på!

Idag var me 5 badarar i sjøen og 2 badevakter.

Patrick og Benjamin frå New Zealand var også på plass, og me var ikkje seine
med sjøgang..

Ein flokk med ender var mottakskomite idag, og vart tatt vel imot.
Dei hadde nok ikkje venta besøk i vatnet, så dei trekte seg tilbake til trygg avstand
då badefolket steig i.

Temperaturen idag var på 2,8 i sjøen og 2,3 på land.
Ein god del mildare enn på sist onsdag.

Else hadde tatt turen på morgonkvisten, så me vart budne på ferske rundstykker og
ekta Kristianlaks som var røykt hos Janas. Eit ekte Storhaugprodukt med andre ord.
Kaffi og frukost i Godalen byr alltid på noko godt. Patrick hadde med seg honning frå New Zealand.

Har no sjekka ut ein lovande frokostkafe i København, med sild og snaps og det hele, så det
er godt det nærmar seg..

Ha ein fortsatt fin dag!

:-)) Svein Egil

Foto idag; Svein Egil og Benjamin