God dagen godtfolk!

No er det tida for å få spasert og bada av seg litt julafeitt!
Det har vore godt med snø denne jula, og sjølv om det vart mildare ver nokre dagar, så har me endå kvit jul i Stavanger, og det er svært kjekt.

Det er noko spesielt med kvit jul.

Alt vert stillare, lysare og venare, ja sjølv naboen vert mildare ( nei det var
berre vas).

Det vart godt å koma igang med bad att.

Arvid, Sten, Jorunn og Svein Egil tok runden langsmed sjøen idag.
Det var ikkje så glatt som tidlegare. Litt snø gjorde vegen “håsare”.
For å sei det så sant er: “Ikkje Risa-style”.

Det er: Ikkje brøyting, berre sand og salt. Då får du ei fin smørje!

Men i Godalen var himmelen blå!

Me kom akkurat fram til at sola steig over Dalsnuten.

Idag var det 5 grader i sjøen og 0,5 på land. Veret som sagt upåklageleg, og me fekk mange
badevakter. Åse, Olav, Else og Helene & Tassen passa godt på, og samlinga rundt bordet
var som sedvanleg: Svært god stemning. Som det ser så var frokostboksane fulle og cognacbegra store ( Takk berre litt på botnen!!).

Me hadde litt påskefølelse, då sola skein og snøen blenkte og sjøen var roleg og fin.

Det vert ondagsbad og me noterer oss at månen er full på nyttårsaftan..

Ha ei fortsatt fin romjul!

:-)) Svein Egil