God morgen kjære sjøbadar!

Igjen vakna me til eit strålande ver, med minus 9 på
gradestokken i Idsegata!

Lag på lag vart kledde på, og etter kvart var me klare, lenge før normalen.
Me hadde til og med god tid då me rusla bort til miljøstasjonen på Varden.
Fysste mann..

Idag var me 9 stykk som la turen om Hillevåg. Inklusive Maren og Lars frå Hetland vgs.
Maren vil skriva ei oppgåve om Godalen sjøbaderforening. Ho går på Media og kommunikasjon og trengde eit tema som gjekk på ein litt uvanleg forening.
Då skulle me passe godt inn!

I Hillevåg var det frose til innerst inne, men utover låg sjøen blank og fin, med litt antydning til
frostrøyk.

I Godalen møtte med tre til. Borda vart flytta ut i flott solskinn før kleda gjekk.

9 badarar i sjøen denne flotte kalde januardagen.

Ser at billeda kom i omvendt rekkefølge.

Idag kunne me melde om 2 grader i sjøen og minus 7,8 på land. Landmålaren gjekk ned til minus 9 etter kvart.

God stemning som alltid, men eg hadde venta meir skrik og skrål denne dagen. Vart eit meir beherska uttrykk på veg uti!

Det var godt å kjenna at blodet kom tilbake i fingrar og tær. Det tok ikkje lang tid før blodet brusa rundt.. Kaffien gjekk rundt bordet og badetøyet fraus fast og kunne stå oppreist utan hjelp.

Turen fortsatte mot Ramsvik på broddkledde føter (for dei som hadde det).
Eivind filma frå seansen, så kanskje me får inn ein snutt på sida. (Niels meinte at
Jorunn kunne vera redaksjonelt ansvarleg for lovligheten i filmen).
Eg tar det som eit komplement på at eg alltid legg ut det eg har!!

<!–
WriteFlash('’);
//–>

Film

Andre meinte at det var lite å skjula i denne kulda, så faren var visst ikkje så stor.

I alle fall.

takk for eit flott bad.

;.)) Svein Egil