Onsdagsmorgen og såpeglatt!!

Vegen til Godalen ligg speilblank og fin.

Det er berre å seila ned bakken for eigen maskin.

Sten står som vanleg og ventar, med broddar på beinå.

Det er greitt å vera godt skodde slike morgonar, med eit føre som

kan utfodra både lårhalsar, håndledd og kneskåler!

På plass i Godalen var det bare å vrenga av seg og hiva seg uti.

Sa eg hiva seg? Det vart eit stykke å gå denne morgonen.

Mykje fjære gjorde det svært langgrunt denne dagen, så me måtte gå eit stykke før

dei små, vesale kroppane våre fekk vatn øve hovudet, men det gjekk til slutt.

Vel på land kunne me melda Lokalen:

Lokalen Godalen sjøbaderforening melder: 2,3 i sjøen og 0,2 på land. Nydelig horisont og skikkelig lavvann.

Me skifta i ein fei og satte oss ned med kaffikoppen og nistepakken.

Vår faste raudstrupekompis kom og satte seg på bordet og brusa med fjøra.

Me kunne nok trenga å brusa litt med og, men badet hjalp oss godt igang.

Godt nøgde med morgonen kunne me vandra vidare i dagen…

Då snakkast me på laurdag!!

Svein Egil!

PS! På onsdagskvelden var det rundt 50 oppmøtte på samlinga til Storhaug historielag, med tema: Strømvik bad. Svært kjekt med engasjerte Storhaugbuar, som alle meinte at eit nytt Strømvik bad var å ønska seg!