God dagen igjen!

Fina veret!

Gradestokken strever med å nærma seg 2 talet og me kan se at det er
smelting på gang.

Sjeldan at det er slike tilstander her i vest, men denne vinteren ser ut til
å setja nye normer for vestlandsvinteren.

Idag tok eg direkte oppmøte i Godalen, etter ein kort oppstartstur med korpsungdomen til Stangeland. Sten fylgjer dei idag.

Ingen å sjå då eg kom vandrande nedover stien, te ei Godalsstrand i vinterdvale.
Endene kom meg imøte for å sjekka om der var noko å henta.

Patrick og vår skotske venn kom joggande idet eg satte ifrå meg, og då eg ser mot
Strømvik ser eg gjengen marsjerande på stien, klare for bad.

Gry jobba godt som motor til Eirik og resten av gjengen fulgte på.
Etter kvart var me 10 badarar og 4 badevakter. Gode tal!

Dagens badetemp. vart 4 grader i sjøen og 4,3 på land.
Mildt med andre ord.

Praten gjekk laust rundt bordet. Cubareise vart gjennomgått og kommande Danmarkstur
likeså. Me glede oss til å besøka Susanne og Rasmus. Neste laurdag…..

Dagens næringsliv hadde denne fredagen ein flott artikkel om kallbadhus langsmed
svenskekysten.
Her er nokre lenker:

DB
Strømstad
Varberg
Ribergsborg
Bjerred

Ha ei flott helg!

🙂 Svein Egil