Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Innebad

Onsdagsbad Posted on Fri, May 15, 2015 16:01

Prøver meg igjen på å halda bloggen

i levandes live.

Her vore fråverande ei tid grunna bihuleproblemer etter reise, men er no landa i god behold og ikkje like tett i pappen som ei stund.

Onsdag var det samling igjen, og med yr i lufta vart det plasking i havet for 5 gode badefrendar med påfylgjande drøs innandørs.

Me fekk registrert at det no er 9,8 grader i sjøen og at me framleis ventar litt på at våren skal slå heilt ut i blomst og sleppa sommaren fram.

Greitt for oss..

Søndag som var vart det ei ekstra samling med greske tendensar..

I solveggen vart det rett og slett godt å sitja.

10 badarar konstaterte at gradene passerte tosifra og landa på 10 grader.

Kjekt med Marianne på besøk fra Køben. Ho tok del i medbrakte greske varer som varma i solå (med is ).

God stemning i solveggen som vanleg!

Ha ei fin 17.maihelg.

Kanskje me treffest den 16. i stranda?

Me badast!

smileySvein Egil



Etterpåskebad

Onsdagsbad Posted on Wed, April 08, 2015 18:18

Godt påske!

smiley

Vonar alle har hatt ei fin påske!

Fjesboka og Instagrammet tyder på det!

Reiseaktivitet eller ikkje, badefolket har benytta anledningen både til sol, sjø, ski og… bad!

Onsdagsbad i dag.. og påan igjen!

Astrid i godt driv når klokka nærmar seg 7.

Jammen er det kjende på plass..

..og det tek ikkje lange stunda før plagga er byta om og lågvatnet vert vitja!

Og badeburkaen vart fort bytta ut med vått badety.

..og eg vil også vera med!!

6 badarar i soloppgang og 5,4 grader i sjøen.

God stemning rundt bordet, der Gry inviterte til smak på dansk lakris, mild og eksplosiv?!

Kjempegod!!

Me lot dagen (G)gry og tok etter kvart turen opp bakken!

Enige om at snart vert dugnad i nabonaustet – kanskje neste veke, ei ettermiddagsøkt?!

Melding kjem!

Me badast!

smileySvein Egil



Åpningsbad

Onsdagsbad Posted on Fri, March 20, 2015 07:35

Hallaien!

Dagane går og bagegjengen består….

..og utvider!

Denne onsdagen blei det tid for ei aldri så lita “framsyning” som ein spesiell ekspolitikar ville sagt det.

Dørene vart opna og.. dette ser ikkje gale ut!

Ein liten dugnad for å spa ut litt sand..

Vaska nokre veggar og golv..

Rydda på “kontoret”..

Så kan det bli mange fine morgonbad vidare.. i dag med 7 i sjøen på 5,8 grader.

Med samling rindt bordet og god drøs..

..medan sola stig.

Nok ei fin stund med gull i mundsmiley

Snart vert det dugnad og offisiell åpning av Del II.

Me badast!

smileySvein Egil



Nevrotikkisoloppgangsbad

Onsdagsbad Posted on Wed, March 11, 2015 16:03

Jodå, solå skinne!

Også om morningen..

sånn rundt kl. 0706 eller der omkring.

Gode ting på gang like før 7.

Og det e jo klart at når ein ventar på noko godt, så er det like greit å kombinare det med eit morgonbad i Godalen!

Nokre kraftige stokkar har drifta inn og lagt seg til ro.

Fina veret, så fleire skiftar utandørs. Blikkstille!

Og 11 våte sjeler sjekka badetempen, som i dag vart målt til 6 grader.

Jorunn held ut!

Astrid og Sten lovprisar sola!

Så gjekk diskusjonane livleg for seg!

Mykje relatert til nevrotiske øyeblikk og hendelsar…

Vanskeleg å bryta opp slike morgonar, men plikta kallar!

Ha ein fin dag!

Me badast!

smileySvein Egil



Bålbad

Onsdagsbad Posted on Wed, March 04, 2015 19:14

Hei!

Nesten fullmånebad i dag, og soloppgang i halv åtte tida, men..

det var litt for overskya på morgonen til at me fekk sjå noko sol.

Grått, men..

..lysning i aust!

Og ikkje minst – Marianne og Dag har fyrt opp i bålpanna og er klare med varmen.

Ut i vatnet med 10 våte sjeler..

..pluss 1!

7,2 grader i sjøen i dag. Litt ner frå lørdag, men varmt til å vera på denne tida av året!

Det lysnar fort, og no går det raskt mot soloppgangsbad denne våren.

Me gleder oss!

Like mye som Kari, som sleit (bokstaveleg talt) med å få alle med seg heim!

Me badast!

smileySvein Egil



Vottebad

Onsdagsbad Posted on Wed, February 25, 2015 15:44

Ja, ka e nå det?

Onsdagsbad og tid for å klargjera seg til årsmøte på fredag!

Men fysst morgenbad på gang!

Og som du ser, endå er det uten tvil morgen og blåtimetid..

Men ingen kan sei at det ikkje lysnar fort.

Astrid slapp kaffikruset og vart opptatt med anna…

Slik det gjerne er når ein har frukost i Godalen på denne tida.smiley

Badet vart i dag vitja av 10 badarar og med 6,6 grader i sjøen går det klart mot vår og soloppgangsbad i nårmaste måned.

Merethe delte rundhånda av sin gode graut, så me fekk nye opplevingar og tilberedelsesvinklingar fram på bordet.

Dagen e grydde, men som ein ser her, ikkje heilt slått ut i blomst!

Det kjem!

Minner om årsmøte på fredag.

Kontakt Jorunn om du har spørsmål!

Me treffest og..

me badast!

smileySvein Egil



Musebad

Onsdagsbad Posted on Wed, February 18, 2015 16:08

Ha!!!

Vinterferie! Javel!

Folket er på reis, men ligavel godt oppmøte denne onsdgasmorningen òg.


Endå mørke over badplassen, men det går klart mot lysare tider.

9 sjøbadarar samlar seg ganske raskt og me er raske til avkledning i denne strippeklubbensmiley

Jubelgutta helsar frå garderoben!

.. og kan snart konstatera at det er 6,9 grader i sjøen og 7,3 på land.

Frukosten vart fortært innandørs i dag sidan det var litt yre utanføre.

Ei mus kom klatrande inn attmed naustdøra og lurte på ka farken det va så skjedde her!!

Ho fann fort ut at badefolket var venligsinna art og kunne roleg ta turen vidare, noko me også gjorde etter kvart!

Ha ein fin dag, fin ferietid og..

me badast!

smileySvein Egil



Sjokoladepikebad

Onsdagsbad Posted on Thu, February 05, 2015 07:27

Morn!

Flott morningar for tidå!

Klårt og kaldt – og turt..

Det e så ein kan bli vane med det!

Nuvel.. Fullmånen lyser over badeenglar i sjø.. om den ikkje var gjømt bakom

tretoppane i vest.

Me opnar frå den sedvanlege vinkelen. Gryning i aust.

Glassklåre badedamer te bad og løye.

..og stemningen e ikkje dårlegare på mannehøgda.

I dag 4,1 grader i sjøen, og glassklårt vatn. Det e så ein kan vakna av mindre.

Dag hadde med seg sjokolade frå Sjokoladepiken som no er gjenopna i Kirkegata!

Noko me alle er glade forsmiley.

Chillisjokolade med hint av både det eine og det andre.

Nam..

I sør er det endå myrkt.

Men i aust..Gry(r) dagen!

10 sjøbadarar takkar for seg!

Ha ein fin dag!

Me badast!

smileySvein Egil



Rusjebad

Onsdagsbad Posted on Wed, January 28, 2015 15:45

Hei og guddagen!

Idag vart det rusjever!


Bylgjer både i hår og sjø. Men ligavel..

10 badarar og 7,4 grader i sjøen.

Herrlegt å vakna skikkeleg itte eit godt sjøbad!


Fraksjonsrepresentanten lurte på om det va nødvendigt å ha frukosten ute, når det va så fint og lunt inne… så då blei det det! Innekaffi altså!smiley

Og plass til gode historiar, og derav dagens badetittel: Rusjebad!

Det e rusje – det e basje! Det e
fint ver i mårå!

Eit uttrykk så må forklarast av Sten.
Spør itte neste gong!smiley

..og nå nærmar det seg opning av naust 2..

Me badast!

smileySvein Egil



Lynbad

Onsdagsbad Posted on Wed, January 14, 2015 16:28

Juhuu!

smileySmil !

Det va voldigt te blitzing i dag!

Sjøen låg rolige, med lågt skydekke og brått vekslande ver, frå opphald, via yr, te kraftige haglbyger, blanda med torden og lyn.

Jorunn og Gry stod litt skeptiske i kroken, men konkluderte med at eit lyn-raskt bad burde vera grei HMS.

Guttekroken avventa HMS-leiaren og erkebadeengelens avgjersle..

Jo, som sagt.. det blei bad.

7,4 grader denne morgonen, og 9 våte badefrendar kunne bordsetjast.

Det var opphaldsver då me sette oss ut.

Godt kledde og klare for dagen!

Så kom ei kraftig haglbyge, som godt kunne skremt mange innadørs, men nei..

Kaffislush vart eit nytt begrep!

Ha ein forrykande fin dag!

Me badast!

smileySvein Egil



« PreviousNext »