Ha!!!

Vinterferie! Javel!

Folket er på reis, men ligavel godt oppmøte denne onsdgasmorningen òg.


Endå mørke over badplassen, men det går klart mot lysare tider.

9 sjøbadarar samlar seg ganske raskt og me er raske til avkledning i denne strippeklubbensmiley

Jubelgutta helsar frå garderoben!

.. og kan snart konstatera at det er 6,9 grader i sjøen og 7,3 på land.

Frukosten vart fortært innandørs i dag sidan det var litt yre utanføre.

Ei mus kom klatrande inn attmed naustdøra og lurte på ka farken det va så skjedde her!!

Ho fann fort ut at badefolket var venligsinna art og kunne roleg ta turen vidare, noko me også gjorde etter kvart!

Ha ein fin dag, fin ferietid og..

me badast!

smileySvein Egil