Jusses!

For eit ver!

Blæst og tordenskrall!

Flott å seila inn på parkeringa i lag med 3 andre.

Klare for bad!
Den sedvanlege opningen! Myrkever og mykje vind, men med vestleg retning vert det stilla i Godalen.

Og ikkje nok med det!

Ferdig avkledde og klåre til bad: Opphald og stjerner i sikte, med måneskalken i ne.
7 elleville i sjøen for.. og kunne konstatera at det endeleg var 1 sifra måling: 8,4 grader.


Me tok frukosten innomhus, godt opplyst av julalig belysning.
..og som du nok ser, alle fekk smaka på godsaker som vart sendt rundt..
Nordlandslefse, makronkjeks? og sjokolade frå Sjokoladepiken!

Godt bad og mykje Gutu!

Miner om julebord og fest lørdag. Me satsar på godver som alltid. Prøver oss med ein grill til pylser. Ta med det du vil til langbordet og kanskje ei nisselue og.. Bade-Lucia kjem etter det ryktene seier.

Ha ein forykande fin dag!

Me badast!

smileySvein Egil