Hei bademennesker!

smiley

Bilane “laina seg opp” på parkeringsplassen ved Godalen vgs.
denne morgonen.

Morgonfriske fjes i fri dresssur trampa ned mot bleikeplassen..
Eit velkjent motiv etter kvart! Med blåstenk som eit bakteppe til det som skal skje.

Badet er unnagjort, og 13 dampande sjeler samlar seg før nokre fer uti atter ein gong.
Overoppheta? Nei, godt avkjølte etter kvart, sjølv om tempen i sjøen var gode 12,12 grader den 12. november.

Nokre “heng” att og vil luftturke meir enn andre.
Og få med seg den vakre himmelkvelven som sakte men sikkert skiftar ham.

Og vert meir og meir lys, sakte men sikkert.

Godt hjulpen av stormlykta, vår gode følgesvenn på mørklagte “quistar”.

Takk for badet og ha ein fin dag!

Me badast!

smileySvein Egil

NB! Og hugs julebordbadet den 13.des.!!