Hei!

Nesten fullmånebad i dag, og soloppgang i halv åtte tida, men..

det var litt for overskya på morgonen til at me fekk sjå noko sol.

Grått, men..

..lysning i aust!

Og ikkje minst – Marianne og Dag har fyrt opp i bålpanna og er klare med varmen.

Ut i vatnet med 10 våte sjeler..

..pluss 1!

7,2 grader i sjøen i dag. Litt ner frå lørdag, men varmt til å vera på denne tida av året!

Det lysnar fort, og no går det raskt mot soloppgangsbad denne våren.

Me gleder oss!

Like mye som Kari, som sleit (bokstaveleg talt) med å få alle med seg heim!

Me badast!

smileySvein Egil