Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Ryddenstrandbad

Onsdagsbad Posted on Wed, April 24, 2013 16:07

Javisst!

Fiina veret!

Som “alltid”…. tørrskod til bua.

Då gjelder det å få med seg standard oversiktbilde.

Litt grønare, litt våtare plenar og litt mildare.. enn sist.

Og som alltid er det snart samling når klokka rundar 7.

Godt å kunna stå seg klar med burkaen på. Dag tok nesten skrittet ut ( men enda ikkje våt i .. ).

Han er enno ein av “Vassendgutane”, men någe e´ på gang.

Samtidig fekk me meldt dagens temp som var på 5,8 grader.

Paco kom også ruslande, og fekk seg eit snarleg bad før det bar vidare..

Me tok så til havs og fekk kjølt oss litt ner før me steig opp til ny dag.

Klåre og nybada for dagen.

Lite fargar ein slik overskya dag ein tidleg vårdag, men fargane kjem..

berre sjå.

8 sjøbadarar denne morgonen, og så er det samling til Strandryddedag i kveld kl. 1800.

Kanskje ser me fullmånen som er på veg, og får oss eit fullmånebad før kvelden blir for gamal.

Me badast!

🙂 Svein Egil



Oppåvatnetbad

Onsdagsbad Posted on Wed, April 17, 2013 21:52

Hei igjen badefolk!

Onsdagsbad for n’te gong.

Gjer alltid godt å kjenna på følelsen av at det e onsdag, klokkå e 6 og du våkne te

ny badedag. Forventningar, følelsar og spekulasjonar.

Det bygge seg opp til kaffikverning, ei niste vert smurd. Koss e veret?

Ikkje regn, OK, då klarer det seg med vindtett ty.

Badety på plass og sekken pakka.

Kor la eg den grønna luå?

Den blå e alternativ.

Bente har utstyrt meg med godt skjerf og nye lua. God og varm.

Rettelegt sjøbadarutstyr te gryande morningar i godt lag.

Så er turen unnagjort og me står samla rundt naustet.

Sten er som vanleg tidleg ute. Døra er open og lokkar med ly for vinden.

Idag er det godt med vind, men hva blåser det for vind i dag….

Nei, det var visst ei drikkevise.

Alle klare til bad. I samla flokk tar me turen ut.

8 i talet i dag, og 5,4 grader i vatnet.

Badeburkaen løyer godt for vinden, og me kan samla oss litt før me startar frottering og påkledningsprosedyren.

I dag samlar me oss rundt bordet nord for naustet.

Her er det ly for vinden, og sola gleder oss med sitt nærvær.

Er det ikkje rart korleis den sola kjem fram når det rundt oss kan vera både grått og vått?

Det er som om nokon held ei hand over oss.. englar eller dragar.. Nei, same kan det vera.

Gode samtaler rundt bordet, med lått og løye. Nokre har god tid, andre må vidare i dagen te

snarlege møter og anna.

Men morgenbadet i Godalen… det vert høgt prioritert av alle.

Ein god start på dagen!

Så nokre glimt frå dagens bad;

Ja, sånn var det!

Ha ei fin veke!

Me badast!

smileySvein Egil



DenNyeMorningenBad

Onsdagsbad Posted on Wed, April 03, 2013 16:05

Guddagen!

Ein fantastisk tur ned til Godalen denne morningen.

Minusgrader i lufta framleis, men med klokka snudd mot sommarstid vart det nok eit bad i soloppgang.

Trærne er avkledde og klare for vår som ikkje kjem akkurat i dag, men dei er klare..

Snart var opptellinga klar og dagens frammøte kunne konkluderast med 8 motiverte sjøbadarar.

Godt kledde og klare som..

4,4 grader i sjøen og ein himmel som ein morgonbadar berre må leggja seg på rygg for..

Eit flott skue! Ja, eg meiner sola, fyrst og fremst!

Jo, morningen va fine!

Marianne hadde med seg og spanderte BACI-godterier med visdomsord.

Der var mange gode, men eitt tar eg med her:

Where love
is concerned, too much is not ever
enough

In amore troppo
è ancora poco.

Beaumarchais

Det får stå som eit godt ord for dagen!

Ha ein flott dag!

Me badast lørdag!?

smileySvein Egil



NårDragenGryrBad

Onsdagsbad Posted on Wed, March 20, 2013 18:33

Goddagen sjøbadar!

Me er i rute.

Våren er undervegs..

Berre minus3,3 grader i vårlufta denne morgonen.

Våryre som me er aular me fram frå hus og holer.

Me vil til havs…

og

så er me på plass i vår dal…

og sjå, før me veit ordet av det dreg me oss uti og or, i ein einaste bevegelse.

Nokre med prustande hyl, andre med seige tak.

Me er ulike, som englar og demonar, eg meiner dragar..

4,3 grader i sjøen.

Jo, definitivt eit godt vårteikn.

Med fjære sjø og stille hav som kulissar sett me oss ned rundt eit nysnekra bord.

Der ein kvar detalj vert lagt merke til..(vanskeleg å skru opp for driftige adhd-hender..)

Etter at den fysste turken er unnagjort er det samling rundt vidunderet..

Jo, dette er godkjent.

Frå fjern og nær kjem det tikkande meldingar om fråver og anna.

Ein rekk ikkje alt i ein god kvardag.

Det vert mange ordspill som:

Det gjeld å dra(ga) seg ut or senga.Når dagen Gryr.

Gry har Draget…

Det var eit jysla Dragsug i dag..

I det heile ein god, laus stemning som tyder på ein ting:

Eit sjøbad gjer svært godt for humør og psyke..

Ha ei fin påske frå meg.

Ha eit flott palmebad!

Me badast!

smileySvein Egil



Godmorgenbad

Onsdagsbad Posted on Thu, March 14, 2013 09:31

God dag igjen badevenner!

Den kjølige lufta slepp ikkje taket, og spaden

kjem ikkje langt ned i vårbedet.

Isen ligg tjukk i Saudafjorden ( 54cm ifølge lokalen) og ivrige bønder

plantar kålplanter i god tru på at vinteren tek slutt – til slutt – ein gong.

Og me…

går i sjøen.

For n-te gong denne vinteren vert det skikkeleg kaldbad.

1,8 grader i sjøen og 10 ivrige sjøbadarar, samt 1 badevakt.

Trygt og godt med andre ord.

HMS’en er ivaretatt!

Ellers..

Me har fått tilbakemelding frå Park og vei-avdelingen i kommunen at det kjem nye bord/benkar i Godalen.

Det kjem vel med, då dei som er er slitne og prega av tidens.. og andre tenner.

Og me har fått melding frå frivillighetssentralen om at:

Årets ryddeaksjon er fastsatt til uke 17, fra mandag.22
– lørdag 27. april. Med felles innsats skal det denne uken ryddes i parker,
friareal, lekeplasser og eget nærmiljø.

Der ordnar me opp på stranda i Godalen som vanleg.

Kjem nok tilbake til det.

Ellers nærmar det seg påsketid, mange dreg på tur, men det vil garantert bli badarar i Godalen.

Fullmåne den 27.mars ( i påskeveka).

Ha ei fin påsketid!

Me badast!

:-)Svein Egil



Down-under-bad

Onsdagsbad Posted on Wed, March 06, 2013 19:20

Guddagen!

Ja, litt seint på dagen, men dog..

ein flotte dag!

Møttest 4 på parkeringsplassen og 4 venta ved naustet..

og i sør kan me end skimta månen..

Berre sjå kor mye lysare morgonen er blitt.

I dag vert det solbad, ingen tvil om det!

og idag var ein australsk kollega til Kristin, som er på utveksling, med på morgonbad.

(Helen kjem frå Perth i Australia.) Sterkt å stille, men den utfordringa tok ho tydeleg på strak arm.

Flott!

Andre måtte ha litt badesalt i vatnet før ein steig i..

men så for gjengen uti, 11 stykker denne morgonen, og 2,4 grader vart målt.

Vel opp kunne ein nyta morgonen og soloppgangen, og den nye sykkelen til Gunnar.

og tida gjekk svært fort, så brått vart det å retta blikket mot jobb og andre kvardagssysler!

Ha ei fin veke!

Me badast!

smileySvein Egil



Kaldarebad

Onsdagsbad Posted on Wed, February 27, 2013 21:21

Godkveldistua!

Ein flott onsdagsmorgon igjen..

Ingen is på vatnet då me traska nedover, men svaner og ender var i mottakinga i dag også.

Her er Sten i fint driv, og me skimtar at det alt er folk på plass.

9 badarar og 1 badevakt samla seg då klokka runda 7:00, og me traska uti ein fjære sjø.

Kaldt i dag også. 0,1 grader i ein klår og stille sjø, om ein då ikkje reknar med nokre

morgenyre gisp og hyl då me seig i..

Det er godt å stiga i, men betre å komma or..Då er badeburkaen god å ha.

Leskeleg og god, der ein kan få livd og samtidig nyte morgonhimmelen medan ein turkar seg.

Berre godt!

Ser ut til å trivast ja!!

Og himmelen skifta kulør heile tida.

Ein flotte gjeng samla for å feira morningen.

Sjølv om det var soloppgang kl. 0739 var ikkje sola heilt på plass, så neste onsdag…

Men før det vert det årsmøte!

Me møtest!

Ha ein fin kveld!

smiley Svein Egil



Nytelsesbad

Onsdagsbad Posted on Thu, February 21, 2013 15:24

Hallaisen!

Ka gjørr det om det e tidligt?

Opp må me uansett, så koffor ikkje start adagen med eit bad?

Spesielt når dagen møter deg slik..

På veg ned til stranda legg endene utpå, ein heil flokk som diskuterer ivrig på vegen ut.

Ein fantastisk morgon i Godalen.

Minus 7 grader i lufta og 6 sjøbadarar på veg ned..

og snart uti..

Å ligga uti eit kaldbad med blåe himmelen som tak,

å kjenna at det riv i armar og bein

av kulde som trenger på

og som, når ein stig or,

vert fortrengd av ein endorfinsprengande varmekjensle.

DET gjer godt!

Det er då ein kjenner at det gode humøret kjem dansande saman med

den gode dialogen med den du sambadar med.

Ein god(dalen) dag har starta!

Her ved to av dei..

Og den himmelen..

Nå er det godt å la tankane sviva og tøya seg ut, la den gode samtalen gi ein fin start på dagen..

Samlast rundt bordet, med gode badefrendar..

og sjå at dagen gryr..

Ha ein fin dag, og gled deg til lørdagsbadet!

Sa eg 3 grader i sjøen?

Me badast!

smileySvein Egil



GåteHillevågbad

Onsdagsbad Posted on Wed, February 13, 2013 16:36

Rise & Shine!

Onsdag igjen og me e klare som egg!!

Ka nå det måtta bety?

Kan issje gå ront å kasta blå hår i auene på folk og la di tru

at me bare lar så me bade..

Lette snøfjon i lufta då me landa ved Høgblokkene og traska nedover stien..

Endå mørkt, men me ane eit blåskjer langt der ute i horisonten.

Sten jagar opp rundt 40 ender og nokre svaner som har vagla seg rundt stranda.

Skikkeleg lågvatn idag, så steinen vår ligg omtrent bar.

Det betyr at det blir langt å gå for eit strandbad i dag! Derfor tittelen: Gå te Hillevåg bad..

2,3 grader i sjøen og klårt vatn.

Vel or sjøen er me raske te samling rundt bordet.

Drivved og anna sop ligg framleis rundt oss, og det er for kaldt til å rydda.

Det er frose fast.

Idag gjekk drøsen blant anna rundt varme sko og anna smått. Bruk av drivved og alternativ

snekkering.

Merkbart kor fort dagen gryr.

Det vert ikkje lenge no før me kan ta oss eit soloppgangsbad! Me gler oss!

Så litt rydding, snøra sekken og vidare i dagen. Lett til sinns..

Me badast!

smileySvein Egil



Morgongrybad

Onsdagsbad Posted on Thu, February 07, 2013 20:12

Hallaisen!

Kaldare i veret igjen!

Like det faktisk bedre når kuldegradene kjem og luftå vert klåra..

Onsdagsmorgen er eg på veg til Kristiansand og Dyreparken av alle ting.

Så tikkar det inn frå Astrid:

“Slik gryr ein morgon!

5 badere fra “spinnesiden” i dag.

Termometeret ga oss valget mellom 19,5 0g 3,5 grader i sjøen, valget

var enkelt!

Gry mente sågar at også 3,5 var vel “raust”.

God dag fra Astrid”

Med bilde:

Jo, morgongryet er heilt klart på plass.

For eit syn.

Der gjengen er samla!

Kjenner eg gleder meg til lørdagsbadet!

Me badast!

smileySvein Egil



« PreviousNext »