Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Plakat i Godalen

Heilårsbad Posted on Wed, November 17, 2010 16:09

Hallais!

Melding frå Sten og Niels denne lørdagen:

11 badere i sjøen og 9,3 gr. etter Niels pi.

Oppholdsver og god stemning.

Eller fekk eg denne tilsendt som forslag til plakat:

Må nok modererast ein del!

Ha ein god dag!

Svein Egil



Morningen va kalde, og månen va halve

Heilårsbad Posted on Thu, November 11, 2010 15:28

..og me kunne nok godt ha tenkt oss te køys!

Men der sleppe med Stavangerensemblet og rusle avgårde te

Godalen me godt humør.

Flotte morning!

Bildene kommer litt i feil rekkefølge, men oppstarten er relativt mørk, men det lysnar fort.

I det eine bildet kan ein kanskje skimta ein hegre heilt ute på neset.

Denne onsdagen vart det to lag.

Eit strandlag og eit brettlag.

Tove imponerer med sterkt pågangsmot og klar vilje te å stå

løpet ut!

Sjøen var speilblank og fin, så me slapp bylgjene, og vel på land tid til

kort frottering og på med kler.

Godt å ha ein fin diskusjon rundt bordet før ein tuslar seg vidare i dagen.

Melding til Lokalen:

8,9 i sjøen og 1,2 på land. 5 badere i sjøen er betre enn 10 på taket.

Ha ein fin dag!!

🙂 Svein Egil



Du og du!!

Heilårsbad Posted on Sat, November 06, 2010 13:09

er eit godt uttrykk for det flotta haustveret me fekk denne laurdagen!

Sol, opphaldsver, haustblå himmel, utan ei sky på himmelen.

Når ein då i tillegg får ein badegjeng med på kjøpet vert det som å toppa det heila.

Fin tur langsmed sjøen før Godalen låg med speilblank sjø og freista!

Melding til Lokalen: 10,1 grader i sjøen, 4,8 på land. 11 sjøbadarar, sol og høg hausstemning.

Sylvi meinta at gradestokken synte omvendt Richter.

Jo lengre ned på skalaen, jo meir skjelving!!

Me får sjå etter kvart! Kanskje me neste helg kan feira under 10 grader i sjøen..

Ser og ut til at Sylvi ligg godt an til årets vervepremie. Ho har

motivert fleire til sjøbad, og det kan me lika

Turen fortsatte rundt mot Ramsvik og vidare.

Før me skilte lag vart me einige med Ole om å ringast om me ikkje fekk billett til Iver Kleive-konserten i St.Petri kl. 1900 i kveld!

Ha ei flott helg vidare!

🙂 Svein Egil



November i sjøen

Heilårsbad Posted on Wed, November 03, 2010 16:26

Ja, nå er det november, og for ein start!

Då eg stoppa opp for å gå ned til Godalen måtte eg sjå meg tilbake…

Ein heile gjeng kjem vandrande!

Sten, Gry, Tonje, Astri og Ina!

God start på dagen, med Sten på plass tilbake frå Australia og snorkling på

Barrier Reef og solbading på Bondi-Beach.

Det må jo bare bli goe greier..

Idag var det fint å tenna stormlyktå og gi litt stemning til omkledningå.

Stor enighet om at det er viktig å kle av seg i ei rekkefølge som er grei å kjøra i retur.

Gjerne alt på overkroppen i eitt, beinklede i eitt og sokkar/sko samla.

Påkledninga er og ei god trening i balanse, minneøkt og gjenfinning.

Seier ikkje meir om det.

Melding til Lokalen:

10,2 i sjøen og 9,7 på land. 6 badere og høgvatn. Kort veg til sjøen.

Ha ein forfriskande dag!

🙂 Svein Egil



Siste oktoberbad 2010

Heilårsbad Posted on Sat, October 30, 2010 16:34

Fiina veret?

Jodå. Det blir alltid verlette om me berre styrer tankane mot lyset!

Det vart det i dag og.

Gode byger om natta, men då morgonen leid på vart det lette i veret, og med

gode steg mot Godalen – kunne me etterkvart sjå sola glimta til!

Idag kom Ole til badegjengen! Heiv seg uti, og nokre trudde det var for å redda dei som låg uti og flaut! Då er han igong.

Kjekt å merka seg at no er det fleire nye som rundar oktober og set seg nye mål for november.

Ein månad om gongen, sakte men sikkert, bad for bad.

Samtidig så kunne me feira at Niels fyller år på mandag. Hipp- Hipp!

Melding til Lokalen: 10,5 i sjøen og 12,3 på land. 11 badarar i sjøen. God stemning.

Ha ei fin helg!

🙂 Svein Egil



Morgenblesten!

Heilårsbad Posted on Thu, October 28, 2010 09:41

Denne onsdagen var det eit godt drag i lufta då me tok turen

ned bakken mot Godalen.

Men…

då me fekk satt oss under overbygget kom me i ly, og med lampen tent steig stemninga!

Godalen sjøbader forening melder til lokalen:

10,3 i sjøen og 10,7 på land. God blest og flotte bølger.

🙂 Svein Egil



Etterårsfestbad-2010

Heilårsbad Posted on Thu, October 28, 2010 09:35

Ja, så va det påan igjen!

Laurdagsbad dagen itte årsfesten.

Takk for sist forresten til dei som var med.

Flott tur i skiftande haustver.

Haustfargane var sterke og lyssettinga skifta heile tida.

Godalen melder: 10,9 i sjøen og 6,7 på land. Haustaligt og skiftande ver.

🙂



Årsfest-2010

Heilårsbad Posted on Sun, October 24, 2010 10:18

Ja, så var det gått ett år og på tide med ei ny samling

av sjøbadarane i Godalen.

Det sjølvoppnevnte styret (erkeenglane) hadde sendt ut forvarsel om samling og brukt

nokre minutt på eit styremøte, der dei kort sette opp punkter til

kveldsorden.

Badevaktane vart utfordra til ordstyrar og Bente (Storhaug Øst) trådte fram og tok

kjevlen i si hand.

Karen si Thai-suppa vart servert av Karen sjølv, og det vart raskt eit taland bord.

Mange hadde noko på hjarta og fekk fri seg frå si byrde.

Det var tydeleg at det gjorde godt.

Innimellom vart det lagt opp til kort pausar og utlufting.

Marianne hadde dikta eigen song til foreningen, og den vart repetert kvar heile time.

(Kjem tilbake til teksten.)

Valg av styre vart avlyst av styret, og Astrid valgte seg sjølv til varamedlem.

Johanne fekk tildelt dobbelt æresmedlemsskap, tufta på særs ærbødig tilnærming

på tema: Dessert. Og den slo jo godt an (som vanleg).

Tematur til Jelsa vart dagsett til helga 4.-6. februar. Sett av tida.

Det kan rapporterast om god stemning utover kvelden, og

alle vel heim!

Takk for årets samling!

🙂 Svein Egil



Mot vinter

Heilårsbad Posted on Wed, October 20, 2010 15:39

Gudd mårning igjen!

Kaldt idag!

Lokalen Godalen sjøbaderforening melder: 10,3 i sjøen og 4,6 på land. Nydelig horisont og god stemning.

Mørkt rundt bordet nå ein kler seg om, men det lysnar fort!

Ha ein fin dag!

🙂 Svein Egil



Haustferie

Heilårsbad Posted on Sat, October 16, 2010 12:45

Fiina veret!

Siste helga i haustferien. Sol, oppholdsver og kaldt dra i lufta.

6 samla ved miljøstasjonen før avmarsj.

Det er ein flotte tur lang sjøsida inn til Godalen.

Nå er båtane på veg opp av sjøen og til opplag for vinteren.

Haustfargar og mye skrot på strendene.

Helge Dagfinn på plass i Godalen då me kom inn.

Etter badet kom frokosten på bordet og kaffien går rundt.

Temperaturen steig med sola og sank då sola rann.

Lokalen Godalen sjøbaderforening melder: 11,3 i sjøen og 12 på land. Nydelig dag. 7 badere i sjøen.

Ein kar i motorisert stol føyk forbi med retning Ramsvik.

Me venta returen eller at det skulle gå kast i kast ned bakken, men han karra seg

tydeligvis opp, for me såg ikkje meir til han.

Husk årsmøte fredag!

🙂 Svein Egil



« PreviousNext »