Gudd mårning!

Rise and shine!

Lovande takter denne morgonen, med fullmåne på hell i vest og lysande himmel i aust!

På veg ned til Godalen fekk eg denne visjonen:

Ja, det er tre profilar mot sjøen, eg veit den eine er Ina, for henne har eg fått SMS frå, men to til??

Det er Tonje og Astri som er på plass! Godt forberedt og klare for sjøbad!

Idag er det klart og fint og sjøen ligg speilblank.

Alle går i sjøen og kjenner at natta har gjort sitt. Det er til å vakna av og kjenna at

blodomløpet kjem i gang når ein stig opp frå vatnet!

Lokalen Godalen sjøbaderforening melder: 12,8 i sjøen og 5,3 på land. Nydelig horisont og snart solopqgang. Blikkstille.

Septemberhimmelen ligg som ei stor blå tavle, der eit fly teiknar seg opp.

Det gir rom for godt drøs rundt frokostbordet og tankar som sviv rundt mange ting.

Sten har rapportert om regntid i Indonesia.

Blogg

Else og Sten melder frå si vandring i Australia, innom Indonesia på vegen.

Følg med!

Her takkar me for oss og kanskje me ses på lørdag!?

🙂 Svein Egil