Fiina veret?

Jodå. Det blir alltid verlette om me berre styrer tankane mot lyset!

Det vart det i dag og.

Gode byger om natta, men då morgonen leid på vart det lette i veret, og med

gode steg mot Godalen – kunne me etterkvart sjå sola glimta til!

Idag kom Ole til badegjengen! Heiv seg uti, og nokre trudde det var for å redda dei som låg uti og flaut! Då er han igong.

Kjekt å merka seg at no er det fleire nye som rundar oktober og set seg nye mål for november.

Ein månad om gongen, sakte men sikkert, bad for bad.

Samtidig så kunne me feira at Niels fyller år på mandag. Hipp- Hipp!

Melding til Lokalen: 10,5 i sjøen og 12,3 på land. 11 badarar i sjøen. God stemning.

Ha ei fin helg!

🙂 Svein Egil