er eit godt uttrykk for det flotta haustveret me fekk denne laurdagen!

Sol, opphaldsver, haustblå himmel, utan ei sky på himmelen.

Når ein då i tillegg får ein badegjeng med på kjøpet vert det som å toppa det heila.

Fin tur langsmed sjøen før Godalen låg med speilblank sjø og freista!

Melding til Lokalen: 10,1 grader i sjøen, 4,8 på land. 11 sjøbadarar, sol og høg hausstemning.

Sylvi meinta at gradestokken synte omvendt Richter.

Jo lengre ned på skalaen, jo meir skjelving!!

Me får sjå etter kvart! Kanskje me neste helg kan feira under 10 grader i sjøen..

Ser og ut til at Sylvi ligg godt an til årets vervepremie. Ho har

motivert fleire til sjøbad, og det kan me lika

Turen fortsatte rundt mot Ramsvik og vidare.

Før me skilte lag vart me einige med Ole om å ringast om me ikkje fekk billett til Iver Kleive-konserten i St.Petri kl. 1900 i kveld!

Ha ei flott helg vidare!

🙂 Svein Egil