Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Etterårsmøtebad

Heilårsbad Posted on Sun, October 25, 2009 18:24

Guddagen igjen!

Flott å treffa så mange gilde sjøbadarar ein morgon i oktober.

God stemning både på sjø og land!

Tempen denne laurdagen er på
9,9 i sjøen og 10,2 på land.

Denne helga snur me klokka mot sommar!

No forstår eg kvifor…

Det er fordi me sjøbadarar skal få med oss endå nokre
morgonbad i soloppgang!

;-} Svein Egil



Årsmøte2009

Heilårsbad Posted on Sun, October 25, 2009 18:00

Kjære heilårsbadar!

Årsmøte vart avholdt i år, som i fjor.
Svært godt oppmøte, med godt program for kvelden og godt gjennomført
møteledelse. Referat og fleire bilete kjem seinare

Foreninga innvia gåva frå Susanne og Rasmus, ei flott stormlykt til bruk på
onsdagsmorgonane i Godalen. Stor stemning då den vart tend.

Heile gjengen sender takksigelsar til våre danske venner, og me gler oss te danmarksturen og kjem tilbake med tilbakemeldingar. Ser at det er gjort eit godt forarbeid.

Og styret tok gjenvalg, sjølv om dei aldri er på valg.

Sylvi er kreativ som vanleg, og presenterte denne varianten av erkebadeengelen Jorunn.

Her eit gruppebilete frå samlinga, som holdt høg standard.


Innslag frå Jærbadarane, og mykje god mat og drikke, gav heilårsbadarane
ein fornuftige formstige heilt fram te laurdagens bad!

Temperaturen på land var god!

Ha ei framleis fine helg!

:-} Svein Egil