Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Vind i seila

Onsdagsbad Posted on Wed, November 23, 2011 15:08

Hva blåser det før vind i da?

Jo, sørlige friske va an’!

Så det holdt.

Litt sein i vendinga idag, men Godalen låg forlokkande i mørket, der døropninga til naustet

lyste som ei fyrlykt mot meg på vegen ned!

Så her var det bare å hiva seg rundt å få skifta! Dei andre var ferdige med badet og hadde alt benka seg rundt hjørna, i ly for vinden!

Marianne var på fotojakt, men diskusjonen var godt i gang. Litt på ryddighet og reinhald denne morgonen. Tolkar det slik at alle er enige i at ryddighet gjer og ein klåra topp ( hjelper i alle fall) men at ingen går for det komplette støvfrie, nipsfrie totalitære stuemiljø…

9 grader i sjøen er det klar enighet om.

..idet dagen lysna.

God gang i sjøen, og ei vermelding som lovar godt med væte og vind. Skalk lukene og gjer klar for lørdagsbad!

Jorunn helsar frå Madeira! smiley

Ha ein fin dag!

🙂 Svein Egil



SO-lørdag

Lørdagsbad Posted on Sun, November 20, 2011 14:20

God dagen godtfolk!

Helga har satt seg og me kan sjå tilbake på eit flott lørdagsbad no seinhaustes..

Mange aktivitetar for fleire, som igjen gjer at ein må prioritere hardt. Likevel vert det folksamt i Godalen også denne lørdagen.


Me ser iallefall ein..
Nei to..
nei.. fleire..

I alt 18 sjøbadarar denne dagen, så me måtte henta ut bedehusbordet og stolar.

Flott samling av både gamle i tralten og nyvunne..

Nokre valgte brettet.. og andre..

..valgte stranda.

Det fine med Godalen er at ein har mange alternativ, alt etter vær, vind og lynne.

Idag kunne me måla vatnet til 10 grader.

og vatn var det nok av.

Sjøen låg blikkstille rundt oss, så lyden rundt bordplatene vart dominerande.
Godlyd som gjer godt!

Styret hadde visst eit lite særmøte..
medan andre kunne konsentrara seg om sitt.

Dei vart nok einige om at dei skulle gå føre med eit godt eksempel, og viste så vei..

Så fekk dei hengt opp oppslag om isbading, velvære og om binyrebarkhormoner, samt humørstoffet serotomin.


Badegjengen kunne etter kvart seie farvel og går kvar til sitt, til ulike tider og retningar, men i Godalen om ei veke, kl. 1030, det er fast møtetid….


Ha ein fin seinhaust!!

smiley

Svein Egil



Ein kald morgen i november

Onsdagsbad Posted on Wed, November 16, 2011 15:34

Godagen!

Du kom deg til arbeid?

Med frost på bilglaset og nedkjøla vegbane… tok me turen til Godalen denne morgonen.

1 grad viste temp.målaren, så no tek vinteren til.. kanskje!

Flott himmel på veg ned!

.. og klare som blekk var med..

Sjølv om det var blikkstille og ein flott himmel, var det godt å var rett kledd, slik som Sten..

Då var det berre å hiva seg uti det klåre vatnet, som idag vart målt til 9 grader.

Her er gjengen på land.

Med månen som lyskilde..

Då var det igjen godt å få på seg kleda og ringa seg rundt bordet med noko varmt i handa..

Gode bordlampar gjorde sitt til at me såg kvarandre godt..

..men greitt å kunne strekka lanken…

når det gryr mot dag!

Og me kan seia farvel til Godalen og ta retning mot vårt daglege brød..

Amen.

Ha ein fin dag, så kanskje me sjåast på lørdag?

smiley Svein Egil



Fixit

Ekskursjoner Posted on Thu, November 10, 2011 08:22

God kveld…

Dugnadsgjengen i arbeid denne flotte tåke-månekvelden i Godalen.

Niels, Flemming, Sten og undertegnede samlet våre verktøy denne kvelden og snekret i hop

dør og veggfeste til flere knagger.

Nå kan flere investere i egen knagg og henge opp.

God stemning og finslepen teknikk var å se…

Se så…

smiley

Svein Egil



Tåkebad

Onsdagsbad Posted on Thu, November 10, 2011 07:53

Hei igjen!

Nok ein onsdag og fine gjeng på plass.

Ein fin stemning denne morgenen, med blikkstille sjø og fin tåkedis rundt oss.

Sjøen vart målt til 10 grader, og på land omtrent det samme.

Det å tenna parafinlampen og setta seg ut etter å ha fått tørka seg og frottert, klada på og frokosten på bordet…. det er gullgjevt.

6 badarar til frokost!

Ha ein god dag!

smiley

Svein Egil



Novemberbad

Lørdagsbad Posted on Sat, November 05, 2011 20:35

Goddagen godtfolk!

Dagen starta med lett gange mot Varden miljøstasjon, ilag med Sten, der Tove stod og venta.
Ventinga var ikkje forgjeves, for fort spratt det fram fotgjengarar med plastposar i hendene, med same intensjon som oss andre; Plast og metall, lett gange og bad

Mot Godalen var gjengen auka til over 10, og vel framme vart det kø i naustet , med mange badehungrige og ivrige sjeler.

Det blåste litt, så det vart deling av gjengen – nokre til stigen og dei fleste i stranda.

Tempen var idag 11,5 i sjøen og 14 på land.

Fleire “nye” badefjes, og 16 badarar rundt begge borda.
Veret var upåklageleg, og diverse smågodt vart sendt rundt, til almen hygge og
vderkvegelse.

Me planlegg ei økt på onsdagskvelden, med litt vølimg og reparasjon av ymse dører og oppheng.

NB! Kommande torsdag er det fullmåne, så kanskje det blir eit fullmånebad?

Ha ei fin helg!

smiley
Svein Egil



Soloppgangsbad

Onsdagsbad Posted on Wed, November 02, 2011 12:19

Jessss!

Regnver dagen før, så kom onsdagmorgen, med klokkå ein time mot sommar, og igjen

mulilgheter for soloppgang..

Det skimrar av dag, ein lovande himmel..

Me nærmar oss og ser så vidt to skikkelsar mot sjøen..

Døra er åpen og me kan klargjera oss..

Seier litt om stemninga denne morgonen.

Susanne kom også syklande, så me var ein god gjeng rundt bordet.

11 grader kunne me lesa av på badevatnet og litt kjøligare på land, men blikkstille og fantastisk horisont. Badeburkaene gjorde sitt til eit velværebad utan like.

Praten gjekk om mulige reisemål/ekskursjon for badegjengen og anna badedrøs..

Me får konkretisera dette etter kvart, men det kjem.

Godt bad! Sjåast til helga!

smiley

Svein Egil



Årsmøte2011

Festligheter Posted on Mon, October 31, 2011 15:38

Hei alle sammen!

Vil bare takka for eit svært kjekt årsmøte!

Som vanleg med god deltagelse, på alle måtar..

Mat og medbrakte varer såg ut til å vederkvega oss alle, og etter både mat, åresalg, allsang, salmesang og anna ut i dei små timane, enda det heile opp i ein gryande dag og bad.

For dei fleste!

Badevaktene var i storslag og slo om seg med gode ord, formaningar, overraskingar frå sitt overfløymande gåvehorn, og ikkje minst, med å vera tilstades.

Nytt motto for badeåret vart: A perfect day!

Me får alle gjera vårt for å leva opp til det!!

..og styret var i godform:

Åresalget var nytt av året, og eg trur ikkje eg tar feil om eg seier at det kjem til å bli eit fast innslag i kommande samlingar..

Så derfor:

Takk til alle for ein kjempefin årelating!!

Nå er klokka snudd ein time tilbake, så nå vert det soloppgang på onsdag!!

smiley

Svein Egil



Årsmøte2011

Festligheter Posted on Mon, October 31, 2011 15:38

Hei alle sammen!

Vil bare takka for eit svært kjekt årsmøte!

Som vanleg med god deltagelse, på alle måtar..

Mat og medbrakte varer såg ut til å vederkvega oss alle, og etter både mat, åresalg, allsang, salmesang og anna ut i dei små timane, enda det heile opp i ein gryande dag og bad.

For dei fleste!

Badevaktene var i storslag og slo om seg med gode ord, formaningar, overraskingar frå sitt overfløymande gåvehorn, og ikkje minst, med å vera tilstades.

Nytt motto for badeåret vart: A perfect day!

Me får alle gjera vårt for å leva opp til det!!

..og styret var i godform:

Åresalget var nytt av året, og eg trur ikkje eg tar feil om eg seier at det kjem til å bli eit fast innslag i kommande samlingar..

Så derfor:

Takk til alle for ein kjempefin årelating!!

Nå er klokka snudd ein time tilbake, så nå vert det soloppgang på onsdag!!

smiley

Svein Egil



Vel blåst!

Onsdagsbad Posted on Wed, October 26, 2011 15:45

Guddagen!

.. og Godt blåst folkens!

Idag var det skikkelige vindkast på veg ned til Godalen.

Det tok skikkelig tak i kleshabitten og rista godt, men turra veret!!

Som dokker ser, så var det vanskelig å halda kamera i ro idag!

Lite vannstand betydde langt å vassa for å dukka stor kropp, men rakk fram til slutt!

11 grader i sjøen idag og 10 på land.

Flott stemning då dagen grydde, med lyktene tent på bordet og himmelen meir og meir lys i fleire sjatteringar frå blått..

Nytt begrep: Sekkekoser Forklaring kjem på fredag!

Me sjåast fredag??

Ha ein fin dag !

Svein Egil



« PreviousNext »