Hei igjen godtfolk!

Lørdag 15.oktober gjekk inn i historien som ein dugande badedag!

Fra eit beskjedent oppmøte ved miljøstasjonen på Varden, auka me på til 14 badarar rundt bordet etter at badet var fullført og frukostbordet var dekka.

Ny badar frå Jordan, Didi, var omtrent ikkje til å få opp av sjøen, så EBE måtte ropa henne inn fleire gonger…

Det vart målt 12 grader i sjøen og det same på land, med skimt av blå himmel over oss.

Greit med “badeburka” når ein skal kle seg om ute, så no kjem den vel med.

I alle fall.. nok ein fin start på lørdagen, og helga!

Ha ein god dag!

Kanskje me ses til onsdag?

🙂 Svein Egil