Godagen!

Du kom deg til arbeid?

Med frost på bilglaset og nedkjøla vegbane… tok me turen til Godalen denne morgonen.

1 grad viste temp.målaren, så no tek vinteren til.. kanskje!

Flott himmel på veg ned!

.. og klare som blekk var med..

Sjølv om det var blikkstille og ein flott himmel, var det godt å var rett kledd, slik som Sten..

Då var det berre å hiva seg uti det klåre vatnet, som idag vart målt til 9 grader.

Her er gjengen på land.

Med månen som lyskilde..

Då var det igjen godt å få på seg kleda og ringa seg rundt bordet med noko varmt i handa..

Gode bordlampar gjorde sitt til at me såg kvarandre godt..

..men greitt å kunne strekka lanken…

når det gryr mot dag!

Og me kan seia farvel til Godalen og ta retning mot vårt daglege brød..

Amen.

Ha ein fin dag, så kanskje me sjåast på lørdag?

smiley Svein Egil