God dagen godtfolk!

Helga har satt seg og me kan sjå tilbake på eit flott lørdagsbad no seinhaustes..

Mange aktivitetar for fleire, som igjen gjer at ein må prioritere hardt. Likevel vert det folksamt i Godalen også denne lørdagen.


Me ser iallefall ein..
Nei to..
nei.. fleire..

I alt 18 sjøbadarar denne dagen, så me måtte henta ut bedehusbordet og stolar.

Flott samling av både gamle i tralten og nyvunne..

Nokre valgte brettet.. og andre..

..valgte stranda.

Det fine med Godalen er at ein har mange alternativ, alt etter vær, vind og lynne.

Idag kunne me måla vatnet til 10 grader.

og vatn var det nok av.

Sjøen låg blikkstille rundt oss, så lyden rundt bordplatene vart dominerande.
Godlyd som gjer godt!

Styret hadde visst eit lite særmøte..
medan andre kunne konsentrara seg om sitt.

Dei vart nok einige om at dei skulle gå føre med eit godt eksempel, og viste så vei..

Så fekk dei hengt opp oppslag om isbading, velvære og om binyrebarkhormoner, samt humørstoffet serotomin.


Badegjengen kunne etter kvart seie farvel og går kvar til sitt, til ulike tider og retningar, men i Godalen om ei veke, kl. 1030, det er fast møtetid….


Ha ein fin seinhaust!!

smiley

Svein Egil