Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Nesten-utelåst-bad

Onsdagsbad Posted on Wed, December 05, 2012 15:35

Brrrr…

God morgen!

Nydelig morgen i Godalen.

5,8 minus ved avreise heimefrå..

Knirkeføre og stjernehimmel!!

Vel nede vart det tid til nokre foto før det begynt å strømma på..

Men.. døra var ikkje å rikka! I vranglås eller..

Gjengen har vor utelåst før, og Kristin trødde til med lav åling.. inn og opp med naustdøra!

Så kom NRK med ein reportar som ville sjekka om det var liv i gjengen.

Og det var det så absolutt. Ho fekk med seg badeburkaen forstår eg ( og den var god å ha i dag, det kan me stemma i!)

8 badarar i dag, og 5,3 grader i vatnet.

Ein fantastisk himmel som lova godt for dagen, og eit løft for vår psykiske helse, var me

samstemde om!

Ha ein forykande fin dag!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Haggel i drinken bad

Lørdagsbad Posted on Sun, December 02, 2012 12:48

Nå e’ det vinter igjen – zum-zum
eg ligge nagen i havet, – badet.
Men så kom der ei frua- hua……

Svært fritt etter Svein Tang Wa.

Ja, så kom då snøen igjen, med desember måned.

Vakna til ei merkeleg stillhet og sjå at takvinduet var dekka med kvitt.

Snøen lyser godt opp i denne mørketida, og det er nok ei meining med
at me skal ha litt kvit snø oppå det mørka.
Liksom for å toppa heile dr… .

Opp å hoppa!

Klar som eit egg, godt med kler frå innerst til ytterst!
Ka’ e’ temperaturen?
Minus 2 ute. OK!
Vottar og hua pluss..

Plastposar og gode klemmar ved miljøstasjonen, og så vidare.

Mange fotografar i aksjon i dag, men så var der jo flusst av motiver då..

14 badarar og 5,7 grader i sjøen gjorde sitt til at det var godt å få igang blodsirkulasjonen og varme kler ittepå..

Dagens motto: Haggel i drinken

Som Susanne sa; “Idag sørget Vår Herre for naturlig is i drinkene” ( Hyllebærshot fra Helge Dagfinn og Gammel Dansk fra vårt danske alibi, Susanne).
Og Jorunn snødde neste ned, men ville hu gi seg?

Me badast!

🙂 Svein Egil



Fullmånebad

Onsdagsbad Posted on Fri, November 30, 2012 07:39

Hei igjen!

OK, litt seint om onsdagbadet, men Jelsa har prioritet i heimen..

Kjekt julabord på omsorgsheimen forresten!

Onsdag og fullmåne!!

Ja, den var nok oppe på himmelen ein stad, men såg me ‘an?

Niks.

Godt skjult bak eit lett skylag.

Men morningen var der..

Torrt og fint på vegen ned, og 9 sjøbadarar samlast itte kvart.

Saman med to svaner, som igjen fann det best å skygga banen då dei litt større badegjestene

kom med sine badeender..

7,4 grader i sjøen og Astrid tilbake frå backpacking i Laos.

Stor temperaturforskjell på kort tid, men det gjorde godt å få kjølt seg litt ned.

Tid for endring.

Og me kunne feira Sten med sine 62..

Kake med lys som lyste opp i mørkret saman med jubilanten!

Gratla med vel overstått!

Idag var det snø på bakken…

Kanskje kvitt bad laurdag?

Me badast!

🙂 Svein Egil



Lyd&taushet

Lørdagsbad Posted on Wed, November 28, 2012 19:59

Hallai!

Melding frå Sten om lørdagsbad:

“Sender og ei bodda med bilder fra lørdag. Då var me 16
badere, 7,8 grader. Og mye lyd fra jentene da dei sprang ut på stranden.

Men dei tause gutane gjekk mot stupebrettet og det åpne
havet.

Frokosten i nydelig solskinn, me slapp unna regnet denne
gangen!”

.. og som alltid: Hummørgjengen slår tell!

Ser ut til å være god stemning i haustsola!

Mykje regn har gjort sitt innhogg i strandpromenaden, men det ordnar seg fort!

Kjem tilbake emd bilder frå idag, onsdag 28.november ( Under ein månad til sola snur!!!)

Me badast!

🙂 Svein Egil ( som rapporterer frå Jelsa!)



Flombad

Onsdagsbad Posted on Wed, November 21, 2012 15:31

Guddagen!

Joda, værmeldinga stemte godt!

Regn og atter regn!

Det er tydelig at det meste er godt metta av det våte element.

Regn nå betyr flomkjenning.

På veg ut døra og inn til Godalen la det godt ned, og veien ned til stranda var som ein liten bekk etter kvart.

Gesine satt klar då me kom ruslande ned saman med Sten, og etter kort stund var me 7

morgenfriske sjeler som tok steget ut i sjøen.

Ha meg unnskyldt at dette bildet blei litt ufokusert. Som dere ser så er det lett å bli smitta av begeistring av denne gjengen, men eg skylder på autofokus.

Men eg må berre ta det med! Her er det liv, raj, raj!!

9,9 grader i sjøen og rundt 10 grader på land.

Som du ser så drar regnværet med seg sand ut i sjøen..

Men sandstranda blir fort ordna i neste storm..

Igjen kan me prisa oss svært lykkelige for at Parkseksjonen har gitt oss tilgang til naustet.

Godt å komma innandørs, og når me åpnar naustdøra gir det likevel følelse av å sitja i sjøkanten.

Stormlykta tent og puter på stolane.

Tema i dag vart kulturelle opplevelsar i Stavangerområdet siste tida, regn, flom og badehistorikk.

Sten snakka om gode vermeldingar på YR og her er ho:

Neste onsdag kan med andre ord bli ein flott badedag.

Eg sjekka også månefasane og fant:

..at det er fullmåne også neste onsdag! Fullmånebad i vente?

Diskusjon om vannstand dukka også opp, og Sten sende meg denne lenka for dei som er spesielt interesserte i kommande vannstand

http://www.sehavniva.no/

Me har også to havfruer på backpacking, og dei melder:

“Klokka er 22 i Hua Hin. Vi har 30 grader. Morgenbad kansellert pga altfor mange grader i sjöen. Gleder oss til forfriskende bad om en uke. A og T”.

Med andre ord: Dei lengtar heim til oss! Trøst!

Ha ein god dag!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Livsgledebad

Festligheter Posted on Sat, November 17, 2012 17:30

Hei folkens!

Her på Jelsa er det regn og dryppande ver, men i Godalen….

regnar det og!

Flott å gå seg ein tur likavel

Melding frå Godalen og Jorunn:

“Sju badarar og 9,1 grader i sjøen.

Tema for samtalen idag vart prosjekt Livsglede”.

Her er tre av gjengen på vei videre rå Godalen.

.. og her på Jelsa:

Ein tur ut på Gamle Dampskipskaien!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Badedagmedhund

Onsdagsbad Posted on Thu, November 15, 2012 07:47

Hei igjen badfolk!

Fiina veret!?

Utruleg ka me venne oss te!

Her regnet det og regne det, og me går i sjøen.

Det må vera eit gen som blei godt bløyta for ei god stund sida.

Men vil me bytta?

Nix!

Snart soloppgang i Godalen……..

Her er det samling langs sjøkanten, sjølv om det blir nokre turar til varmare strøk iblant!

Astrid og Tohild sjøbadebackpackere melder:

“Måtte söke ly for 33 veldig varme grader. Vi Sitter og får fotmasjasje m aircon som de sier her. Hoppet i elva ,25grader m alle klärne pä for å kjöle ned”.

Det var sms frå Laos eller… litt usikker kor dei er akkurat no.

Idag (onsdag) var det 9,2 grader i sjøen, lett regn og mørkt.

Stormlampen tent ute, men me trakk inn til frukosten.

Stor ukjend hund var ivrig medbadar, men me søkte ly ittekvart og skalka lukene.

8 badarar denne morgonen, og god stemning rundt kaffikroppen..

Me badast!

🙂 Svein Egil



Obama-bad

Onsdagsbad Posted on Wed, November 07, 2012 15:17

Onsdag 7.november!

Hallaisen og gratla!

Obamabad til ære for gjenvalget!

Me i Godalen tar også 4 nye år på strak arm!

Flott morgenstemning då me vandra ned mot stranda.

Lys i dør og i stormlykta vitna om tidlig påmelding.

Nydeleg himmel etter kvart som dagen grydde.

9,8 grader i sjøen og som fiskarne sa då han vart redda opp or sjøen:

“Eg hadde ein feber på 31 grader”.

Nei.. me holdt varmen godt!

Melding frå Torhild og Astris på backpacki9ng hadde tikka inn før kl. 0500:

“Morgenbad på hotellets svømmebasseng. 32 grader og selvfølgelig sol:-)

Vi er i Vientiane og reiser videre til Vang Vieng i dag.

Topp ferie.

Godt bad! A og T.

Jess!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Alterpålag-bad

Lørdagsbad Posted on Mon, November 05, 2012 18:41

Hallaisen!

Lørdagen er forbi, og eg sit i Trondheim.

Jelsa vart min plass denne helga, og lite bading og heller meir vedhogst..

Då smell Jorunn til med fleire billeder:

Oppmøte ved miljøstasjonen var rimeligt godt!

Ved Strøvik Bad var det pause for å innrullera dei to farande fantane som skal til Asia på backpacking.

.. og fleire fulgte på..

Vel framme og uti sjøen vart det 20 badarar denne laurdagen.

Temperaturen var i underkant av 11 grader og det sosiale været var som du ser, upåklageleg.

Fleire hadde feira bursdagar og den sangglade gjengen stemde i..

Og dagens motto var: “Alt er på lag”.

Me badast onsdag?

🙂 Svein Egil



Nymorningsbad

Onsdagsbad Posted on Wed, October 31, 2012 10:04

Guddagen!

Ny onsdag, med ny sjanse til eit soloppgangsbad.

Veret tillot ikkje det. Overskya med regn i lufta, men det var berre så vidt…

No når klokka er ein time tilbake vert det nokre dagar med litt lysare morgonstunder, før igjen sola snur.

Under to månader igjen til solsnu..

Som du ser så skiftar det frå mørke til lyse dagen på kort tid no.

9,6 grader i sjøen og 5 badarar uti.

Stormlykta frå Susanne er god å ha frå start. Den gir oss eit fint lys saman med den opne døra.

Haustaligt og vått, men.. allikavel godt!!

Godt bad!

🙂 Svein Egil



« PreviousNext »