Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Heimkomenbad

Onsdagsbad Posted on Thu, December 12, 2013 07:32

Morn igjen!

Det stundar mot jul og me olstrar
rundt for å klargjere til denne rolege
tida, der me skal senka skuldrene og henta oss inn etter ein travel haust, eller..

Då er det godt å setja kurs mot Godalen og trygge ramer.


Like mørkt, ja endå mørkare enn då det for kort stund sida låg snø.


og sjå, det kjem folk til naustars.
Heile 6 sjøbadarar flokka seg rundt døropninga og ville inn.

For deretter å vilja uti.

7,2 grader denne morgonen og stranda var merka av både springflo og kraftige regnbyger.

Mykje sand var vaska ut.

Då er det greit å setja seg rundt bordet med stormlykta som varmande midtpunkt og la drøset gå.

Idag var også Ina på plass etter å ha vore i Etiopia denne hausten. Lite sjøbad der nede, så det var godt å kome seg uti og få eit kjølande bad. Kjekt å sjå Ina att.

Gunnar har noke ølvottar igjen, så det gjeld å skunde seg.

..men det gjer ikje denne gjengen. God tid til frukost ogkaffi før kvardagen kjem ruslande.

og husk: Laurdag er det julabord i badegjengen. Til vanleg tid. Ta med litt til bordet så skal du sjå det vert eit dugande dekking.

Me badast!

smileySvein Egil (som dreg til Kingston i dag!)



Desemberjubelbad

Onsdagsbad Posted on Wed, December 04, 2013 22:19

Morn du!

“Fiina veret”!

Joda, det er møje ver for tida.
Og det skifta i ett!

På veg ned til stranda møtte me ei haglbyga.

Vel nede vart det stjerneklårt..

og det var så ein kunne sjå stormlykta.
Det er godt det går mot solsnu…
Men før me kom på plass hadde Torhild og Gry pynta litt opp i “stova”.

Ein flott kreasjon som stod på bordet. Torhild har vor i eigen hage og i hagen til Clas,

og sjølv fjosnissen har vore innom og smakt på noko godt!

Eller….??

Pyntekomiteen er godt i gang.


og då er det klart!

og stjernehimmelen kom ner til oss..
Badet gjorde oss godt! 7 i sjøen, som var 8,3 grader i dag, og kun 4 grader i lufta.

Smilande fjes og godstemning rundt frukostbordet.

Opphald nesten til slutt, men så kom ei skur som førte oss inn i naustet og avslutning innandørs.

Takk til Torhild og Gry for eit fantastisk desemberbad!

..og takk til Marianne og Torhild for billeder.

Snart helg!

Me badast!

smileySvein Egil



Desemberjubelbad

Onsdagsbad Posted on Wed, December 04, 2013 22:19

Morn du!

“Fiina veret”!

Joda, det er møje ver for tida.
Og det skifta i ett!

På veg ned til stranda møtte me ei haglbyga.

Vel nede vart det stjerneklårt..

og det var så ein kunne sjå stormlykta.
Det er godt det går mot solsnu…
Men før me kom på plass hadde Torhild og Gry pynta litt opp i “stova”.

Ein flott kreasjon som stod på bordet. Torhild har vor i eigen hage og i hagen til Clas,

og sjølv fjosnissen har vore innom og smakt på noko godt!

Eller….??

Pyntekomiteen er godt i gang.


og då er det klart!

og stjernehimmelen kom ner til oss..
Badet gjorde oss godt! 7 i sjøen, som var 8,3 grader i dag, og kun 4 grader i lufta.

Smilande fjes og godstemning rundt frukostbordet.

Opphald nesten til slutt, men så kom ei skur som førte oss inn i naustet og avslutning innandørs.

Takk til Torhild og Gry for eit fantastisk desemberbad!

Snart helg!

Me badast!

smileySvein Egil



Tåkebad

Onsdagsbad Posted on Wed, November 27, 2013 15:45

Hei godtfolk!

Det går opp og ner her i badelivet, og i dag gjekk det opp.

10 grader i lufta og..

ennå mørkt når me føler oss fram nedover mot badeplassen..

Når me ser over bukta er det litt tåkedis som duser det heile ner.

Sjøen ligg blank og klår..

Og raskt er 6 sjøbadarar uti.

Sjølvsagt er damesida fysst uti.
Mannfolka slepp “tattelet” på seg og kjem diltande etter.

Herrlegt!

8,7 grader i dag, så det har absolutt stege.

Stormlykta er tent og gjer oss håp om både lys og varme.

No er det berre 4 veker til sola snur!!!

Mykje vert diskutert og endevendt og ein ting:

Laurdag den 14. vert det julebord.

Alle som kjem tek med seg noko til bordet. Som minner om jul og mat..
Drikke som passar den enkelte.

Ellers gjekk diskusjonen høgt om navn og begrepet forening.

Me er jo ikkje nokon forening med medlemskap, kontigent og anna som kan binda oss.
Forslaga vandra over bordet. Kvifor ikkje Godalen sjøbølgebevegelse eller noko liknande..

Dette vert nok tema i kommande årsmøte og styremøter..

Nok om sllkt!

Ha ein forrykande fin dag og gratla til Sten fyllte år i går!

Me badast!

smiley Svein Egil



Stormlyktbad

Onsdagsbad Posted on Wed, November 20, 2013 15:39

Guddagen!

Vad blæser det før vind i dag?…

Motvind i alle fall.

Turen ned bakken til Godalen var ganske så vindfull denne morgonen..

men opphaldsver og godt oppmøte.

11 sjøbadarar trådte ut i strandsona og la på svøm.

7,9 grader denne dagen og nok til å kjøla seg ner ei stund.


Lys i naustet og omkledning på gang.


Månen var å sjå, men ikkje mykje meir..

Kjekt med ungdomsfylkingen representert!


Og stormlykta frå Susanne og Rasmus fekk litt “go-go-juice” og livna til.

Den er fin å samla seg rundt.. og gjer litt varme.. om ein kjenner godt etter.

Og med langbord i ly for vinden gjorde det godt å vakna i lag til ein ny dag!


Stemningen i dagen som gryr kan du kjenne, om ikkje heilt klårt!

Ha ein fin dag!

Me badast!

smileySvein Egil



Myrkebad

Onsdagsbad Posted on Wed, November 13, 2013 17:33

Morndu!

Ein mørk haustmorgon i Godalen!

Det var starten..

og med mørke som selskap vart det samling i støa.
8 sjøbadarar som lengta etter havet.

Idag vart det målt 9,1 grader, men rundt 6 grader på land.

Det er alltid godt å kunne ta badeburkaen i bruk og kasta av seg vått ty.
Då vert det leskeleg og godt.

Så på med kleda og samling utandørs.

Dagen gryr, og med det ser me at det mørknar både i nord og sud, men over Godalen er det
blåskimmer..

ei stund.

Drøset går og blant anna har fleire sett filmen om dei to syskenå som bur ilag i alderdomen.
Vert anbefalt.

Så kjem ei kraftig regnbyge og me tutlar oss inn ei kort stund, før me rullar vidare i dagen.


Morgonhimmelen gjer oss eit løft.

Det er her me høyrer til.
Det er her me er..
her er me..
her.
(Fritt etter Jon Fosse).


Så fer me kvar til vårt.
Nokon føre..


Andre etter..

Me badast!

smileySvein Egil



Kaldarebad

Onsdagsbad Posted on Wed, November 06, 2013 18:46

God kveld i stova!

Frost og glatte vegar møtte oss alle i dag!

Tydeleg teikn på at herr Vinter bankar på døra!

Bilruta var tilisa og det vart naudsynt med skrape og varme på fullt!

Ellers..

fiina veret!


Samling og fort igong med påkledning..

før ein får snudd seg er gjengen uti.


Ja,, nokre nyttar høvet til å dela på varmen.

Klårt vatn og ivrige sjøbadarar…

og Marianne fotograferar.

Litt plastinnsamling høyrer til.


Så inn til klesbyte før dagen rullar fram for fullt.
9 grader i sjøen i dag.

8 sjøbadarar i dag (Kristin Vaulenbadar kom også innom).

Der kom sola!

Så, etter ei god drøseøkt, var frukosttida over og med dreg kvart til vårt.

Dagen er her og me er klare..


Me badast!

smileySvein Egil



Nysjansebad

Onsdagsbad Posted on Thu, October 31, 2013 21:18

Hei folkens!

Ja, ny sjanse.

Etter at vintertida førte oss ein time mot sommar vart det ny
sjanse for eit onsdagsbad i morgonsol.

Klårver og stille vart ein lovande start på dagen då me trødde ut i morgonlufta.

Samling etter kvart som tida nærma seg 0700.

Dagen grydde og horisonten stod i blått..


Bordet vert flytta ut mot soloppgangen, og me gjer oss klare til bad..

Sjøen ligg lokkande. Lurer på kva det vert målt til i dag?

Ein filmsnutt;

//www.youtube.com/embed/KVvmYF7GTcg

Så er badet over og me kan kle oss fort og fram med frukosten.

Den gode samtalen går rundt bordet og legg eit fint grunnlag for starten på ein ny dag!


Så vert lyset slått på og me kan vandra vidare i dagen!

Me badast!

smileySvein Egil



Blåtimebad

Onsdagsbad Posted on Wed, October 23, 2013 15:30

Hallaien!

Onsdagsbadet er framleis i mørke..


men ka så?
der er jo lys i horisonten, og sjølv om vermeldinga lovar både regn og blåst, er det opphald og stilla i Godalen.. enn så lenge.

4 sjøbadarar samlast og dragast mot sjø.

12,8 grader i dag, men likavel relativt mildt i lufta. Rundt 13-14 grader.

Det dreg seg mot den blå timen, der lyset skiftar fort.

og der kaffien smakar fortreffelegt..

Neste onsdag er det bading i soloppgang.
Då er tida snudd ein time mot sommar.
Me kan gleda oss.

Ha ein fin veke!

Me badast!

smileySvein Egil



MidtiOktoberbad

Onsdagsbad Posted on Wed, October 16, 2013 15:20

Onsdag og klar for bad!

Me er nå midt i oktober, og denne dagen feirer både
Carolyn og Lisbeth gebursdag!

Hipp-hipp-hipp!!
Hurraaaaa!

Mørketida er over oss, men der er håp om fine onsdagbad i soloppgang i nær framtid!

Hvilken vei? Fram eller tilbake?
Det er ikke alltid så lett å huske om klokken skal stilles fram eller tilbake. En vanlig huskeregel er at «Klokken stilles mot sommeren». Om våren har man sommeren foran seg, klokken skal derfor stilles fram en time mot sommeren. Om høsten derimot, har man sommeren bak seg, og klokken stilles derfor tilbake en time.

Klokken skal stilles frem siste søndag i mars og tilbake siste søndag i oktober.

Søndag 27. oktober 2013 stilles klokken tilbake 1 time fra kl 03.00 til 02.00.

Med andre ord:

Nye sjansar!

I dag var me to nye i sjøkanten.

Tone og Tom var på plass for eit sjøbad.
og Tone samla tang til salaten.
Spennande alternativer..

12 badarar i sjøen i dag, og 12,6 grader vart målt!

Ulike tema var over bordet og stemningen god!

Som alltid!

og lyset sig på og me er snart klare for ein ny dag på jobb!

Ha ein god dag!

Me badast!

smileySvein Egil



« PreviousNext »