Halloien!

Onsdagsbad igjen!

Etter ein kort periode med god vassføring og oppklårande regnskyll m/innlagt donner und blitzen var det tid for ei solfylt og stemningsfull stund i Godalen.

Me kom glidande i kolonnekjøring fram til parkeringa og såg berre blanke sjøen nere i Godalen.

To kvite svaner speilte seg i sjøen då me kom vandrande ned vegen, og Gunnar dukka opp rundt hjørna av naustet, klar for bad.

I alt 6 sjøbadarar klare for vatnet.

Turen gjekk mot badetrapp og stupebrett..


men sviene var i overtall i dag!

Då vart det full retrett og bad i stranda som eit godt alternativ, sjølv om svieradaren til
HMS-ansvarleg slo ut for fullt!

16,8 grader denne solfyllte morgonen.

Med ny tavle for badetemperaturen!

Upåklageleg stemning rundt bordet, der ferieopplevingar vart formidla med druse mål!

God vermelding for dei kommande dagane, så me legg ut på segltur med “Brødrene” og kursen vert sett mot Skudesnes og Haugesund.

Ha ei fin veke!

Me badast!

smiley Svein Egil