Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Solskinnsbad

Lørdagsbad Posted on Sat, November 22, 2014 19:33

Hei i stua!

Helg og eg tek meg ei langhelg på Jelsa og Longanes medan Jorunn
pleier seg sjølv heime. God bedring!smiley

Klokkar tikkar ikkje så lang på dagen før melding kjem frå Torhild:

17 badere i Godalen. 10,4 grader i sjøen og sola skinte.
En fornøyd gjeng. Farfar og Mathea leker på stranden og vannhunden Leo trives best på land.

Fortsatt god helgsmiley

Bilder følger:


Tydeleg fin stemning i solveggen denne lørdagen.

Mange bilete på Fb. tyder også på det, med svanebesøk og det heile.

Her inne på Jelsa var det svært glatt på vegane denne morgonen. Is på bilruta og på vasspyttane.

Men sol og opphald gjer fort vei i vellinga.

Ha ei fin helg!

Me badast!

smileySvein Egil



Myrkebad

Onsdagsbad Posted on Thu, November 20, 2014 07:38

Morn du!

Melding frå onsdagsbadet den 19.november i det Herrens år- 2014.

Fyssta bildet e likt mange andre denne hausten. Fiina veret, med gryande dag i aust!

..og gryande morgonbadarar klare til dukkert!

Lykta er tend og gutane klare!

10 sjeler i sjøen og 10,7 grader i vatnet denne morgonen.

Ljos i natta! 7,3 grader i lufta.

Det er morgon og badet er unnagjort. Klare til frukost og drøs.
No comments!

Ein uthaldande gjeng kom seg etter kvart på jobb!

Ha ein fin dag og..

Me badast!

smileySvein Egil

NB! Husk den 13.desember!!



Lyktebad!

Onsdagsbad Posted on Wed, November 12, 2014 16:39

Hei bademennesker!

smiley

Bilane “laina seg opp” på parkeringsplassen ved Godalen vgs.
denne morgonen.

Morgonfriske fjes i fri dresssur trampa ned mot bleikeplassen..
Eit velkjent motiv etter kvart! Med blåstenk som eit bakteppe til det som skal skje.

Badet er unnagjort, og 13 dampande sjeler samlar seg før nokre fer uti atter ein gong.
Overoppheta? Nei, godt avkjølte etter kvart, sjølv om tempen i sjøen var gode 12,12 grader den 12. november.

Nokre “heng” att og vil luftturke meir enn andre.
Og få med seg den vakre himmelkvelven som sakte men sikkert skiftar ham.

Og vert meir og meir lys, sakte men sikkert.

Godt hjulpen av stormlykta, vår gode følgesvenn på mørklagte “quistar”.

Takk for badet og ha ein fin dag!

Me badast!

smileySvein Egil

NB! Og hugs julebordbadet den 13.des.!!



Svømmeundervannbad

Lørdagsbad Posted on Sun, November 09, 2014 21:13

Hei folkens!

Helgå e snart slutt, med møje ver og gode bad.

Farsdag og samisk flaggdag idag!

Lørdag:

Melding frå Torhild i by’n:

7 badere som hadde en god svømmetur med sjøtemperatur
over 12 grader.

Bildene viser Niels som svømmer under vann, og
Gry som svømmer over vann.

Frokost ute, sola skinte og igjen..
en flott morgen i Godalen smileyTorhild

Me var på Jelsa denne helga og fekk oss eit søndagsbad i Noresjøen:

Søsknene Romsbotn i aksjon, med ein Klungtveit lågt i vatnet.

Det tikkar snart ned mot einsifra temperatur, men heller mildt i dag.

Me badast!

smileySvein Egil



Onsdagsrekordbad

Onsdagsbad Posted on Wed, November 05, 2014 16:31

Morn du!

Folksomt i dag då me samla oss i Godalen.

Snart fullmåne ( i mårå).
Så vidt at det gryr av dag, så me tenner stormlykta og gjer klart!

4 russiske badegjester på plass ( Kristin bidrar stadig med nye entusiastar!).

Og me kunne måla 11,6 grader i sjøen i dag og 9,4 på land.

Langbord og plass til alle dei 22 som var på plass i dag!

Hjalp den russiske delegasjonen med gruppebilde og dei virka vel nøgde med badet.
(Kanskje litt i varmaste laget?)

Gjengen såg ut til å slå seg til ro, for då me gjekk satt det mange igjen.

Eit godt tegn!

Me badast!

smileySvein Egil



Novemberbad

Lørdagsbad Posted on Sat, November 01, 2014 12:48

Goddagen!

Lørdag 1. november

Årets 305. dag, uke 44

60 dagar igjen av 2014.

Fra i dag er piggdekk tillatt også i Sør-Noreg.

Stavanger kommune oppfordrar alle til å:
“Drive without pigs in your decks!”
for eit betre klima.
Nøff-nøff!

1. november er også Allehelgensdag og vart kalla Helgemesse i eldre tid

Navnedag i dag

Veslemøy Vetle

Veslemøy er egentlig kjælenavn. Vetle = norrønt vetrliði (års-gammel bjørn).

..og: Niels har gebursdag!

Gratla!smileysmiley

Mange av badarane på tur idag, både sør- og nord-øve. Yoga og mykje anna på gang.

Oppmøte. Det auka fort på!
Vind frå sør, men god temperatur!

Klare til bad!
Andre nytta meir kler….

14 sjøbadarar i dag og 12,7 grader i sjøen og 14,5 på land.

Helge Dagfinn sjenka opp med Hyllebærshots og eg serverte ferske Marianne-rundstykker.

Morgenen gjekk fort og brått var det tid for andre oppdrag..

IS demonstrasjon på torjå, økologisk matmarked samma plass og Whats Brewing på Tou scene.

Fiina veret………………. blæst og regnvær.

Ha ei fin helg!

Me badast!

smileySvein Egil



Novemberbad

Lørdagsbad Posted on Sat, November 01, 2014 12:48

Goddagen!

Lørdag 1. november

Årets 305. dag, uke 44

60 dagar igjen av 2014.

Fra i dag er piggdekk tillatt også i Sør-Noreg.

Stavanger kommune oppfordrar alle til å:
“Drive without pigs in your decks!”
for eit betre klima.
Nøff-nøff!

1. november er også Allehelgensdag og vart kalla Helgemesse i eldre tid

Navnedag i dag

Veslemøy Vetle

Veslemøy er egentlig kjælenavn. Vetle = norrønt vetrliði (års-gammel bjørn).

..og: Niels har gebursdag!

Gratla!smileysmiley

Mange av badarane på tur idag, både sør- og nord-øve. Yoga og mykje anna på gang.

Oppmøte. Det auka fort på!
Vind frå sør, men god temperatur!

Klare til bad!
Andre nytta meir kler….

14 sjøbadarar i dag og 12,7 grader i sjøen og 14,5 på land.

Helge Dagfinn sjenka opp med Hyllebærshots og eg serverte ferske Marianne-rundstykker.

Morgenen gjekk fort og brått var det tid for andre oppdrag..

IS demonstrasjon på torjå, økologisk matmarked samma plass og Whats Brewing på Tou scene.

Fiina veret………………. blæst og regnvær.

Ha ei fin helg!

Me badast!

smileySvein Egil



Regnøktbadmedopphald

Onsdagsbad Posted on Wed, October 29, 2014 21:08

Hallaien!

Du for eit regnver!

Vakna klokka 5 av eit dundrande regnver!
Koss blir dette badet?

Men,, opphald då me gjekk ut døra. Tilogmed blå himmel med stjerner i skylaggløtt.


Betydeleg lysare idag enn sist bad.

Regntung veg med haustdekke og gryande himmelrand.
Steg for steg vert Godalen synleg i sin morgonskrud.

Folket samla seg itte kvart og tok inn morgonstunda med andakt.

Blikkstille etter ei hard natt!

Klar for sjøsetting!
..og her er gjengen!

12,1 grader i sjøen og 7,6 på land.

Nokre tok ein tur te..


Så lysna dagen og me kunne nyta ei gostund rundt bord og benker.
11 sjøbadarar i alt!

På under 1 time var dagen grydd og me tok ut kurs mot jobb og nye økter.

Takk for badet!

Me badast!

smileySvein Egil



Haustklokkesnubad

Lørdagsbad Posted on Sun, October 26, 2014 22:10

Hei folkens!

Carolyn melder om 14 badere i Godalen og
12,4 grader i sjøen.

Torhild, Gry, Flemming, Jorunn og Svein Egil melder om søndagsbad og 11 kvikke
sjøbadarar i Noresjøen på Jelsa. ( Etter “Brødrene-dugnad og Haustfest på Jelsa).
Stiv kuling og høgvatn med godt med lauv i sjøen i strandsona.


Flemming ordna med bilete og etterpå vart det kaffi i Stova til Brit ( Jorunn si syster).

Me vann ein time i dag, og no vert det mulige soloppgangsbad igjen!

Me badast!

smileySvein Egil



U-bad

Onsdagsbad Posted on Wed, October 22, 2014 21:12

Hallaien!

Regn i dag då eg stod opp.

Ka gjørr vel det?

Det e onsdag og badedag..

Dagen i dag – 22. oktober

Internasjonal stammedag: International Stuttering Day

SSSå det så!

Mørkt på Quisten, men det er ingen hindring.


Svaneparet er på plass og me må berre hiva oss i med dei som medbadarar.


Her er tre av ti morgonbadarar. Litt uskarpt, men det skyldast meg og ikkje dei.


Prøver meg ein gong te, men..

13,1 grader er inga unnskyldning. Varmare enn på laurdag.

Men litt yr gjer at me trekkjer inn i naustet og set opp naustdøra.


Alle på plass, men me skiftar ut lyset med litt meir kos og os..

Bedre stemning med ein gong og gode historiar vert delt.

Ein del var på Stavangerquiz på Sting Nere med Gunnar Roalkvam.
Sjempesjekt..smiley
Neste vert tirsdag 18.november, så sett av tida. Kl. 1900.

Tida går fort og me må rusla mot kvardage og arbeid. Blåtimen er snart slutt!

Ha ein fin kveld!

Me badast!

smileySvein Egil



« PreviousNext »