God onsdag!!

Dagen i dag – 8. oktober
Pelagiadagen: Minnedag for Pelagia den Botferdige, skytshelgen for skuespillerinner og botferdige syndere.

Navnedag
Benedikte, Bente

Gratla te alle Bentene!!smiley

og som så mange mørke morningar..
Opphald då me kom vandrande mot gjengen som hadde benka seg utføre naustet, klare for bad!

Fort vart me 11 badarar ( berre meg som mannebein ) og 13,7 grader i sjøen.


Etter påkledning vart naustdøra opna på vidt gap, då det byrja å yregna.

Men ka gjer det? Lys på bordet og blåtimen i naustgluggen!

Det lysna fort og tida gjekk endå fortare. Kristin stilte både med kusine og med fersk brødbakst frå moderen. Det kan fort bli ein vane..

Nei dette gjekk for fort. Jorunn rettar meg.. Kristin stilte med både svigerinne Elin og nybakt kringle frå svigermor… Beklagar Kristin og Elin.. smiley


Og kaffien smaka godt til drøset, som skifta frå blåskjellbegrodde båtar på Sørlandet.. til Rub&Stub-restaurant i København ( der Marianne B jobbar frivillig når ho er heimom.)

Og folk og hundar kosar seg!

Ha ein fin dag!

Me badast!
smileySvein Egil