Goddagen!

Joda, det står til….

Men eg glømde heilt å leggja inn bilder på bloggen etter laurdagsbadet.. ( vart direkte på Fb.)

Travle tider.. på ein måte..

Haustalegt, med vind, regn og haustgule fargar.

Seier som Jonas ein gong i barndommen: ” Pappa.. det blade i dag!”


Ja, eit flott teppe er lagt ut!
med mulighet for “bylgjer” i håret.. for dei så har.

Eg var tidligt uti denne dagen då programmet vidare var tett, så eg vart strandløva då dei andre bada!

Fine gjeng! 7 badarar og 12,4 grader i sjøen i dag også.
Tid for litt drøs og lufttørking.
Så klar til klesbyte.
Vidare i dagen, medan gjengen sat og koste seg vidare.

No nærmar det seg nye soloppgangsbad, men ikkje før i neste veke.

Me badast!

smileySvein Egil