Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Vinterbad

Heilårsbad Posted on Sat, January 09, 2010 12:18

God morgen kjære sjøbadar!

Igjen vakna me til eit strålande ver, med minus 9 på
gradestokken i Idsegata!

Lag på lag vart kledde på, og etter kvart var me klare, lenge før normalen.
Me hadde til og med god tid då me rusla bort til miljøstasjonen på Varden.
Fysste mann..

Idag var me 9 stykk som la turen om Hillevåg. Inklusive Maren og Lars frå Hetland vgs.
Maren vil skriva ei oppgåve om Godalen sjøbaderforening. Ho går på Media og kommunikasjon og trengde eit tema som gjekk på ein litt uvanleg forening.
Då skulle me passe godt inn!

I Hillevåg var det frose til innerst inne, men utover låg sjøen blank og fin, med litt antydning til
frostrøyk.

I Godalen møtte med tre til. Borda vart flytta ut i flott solskinn før kleda gjekk.

9 badarar i sjøen denne flotte kalde januardagen.

Ser at billeda kom i omvendt rekkefølge.

Idag kunne me melde om 2 grader i sjøen og minus 7,8 på land. Landmålaren gjekk ned til minus 9 etter kvart.

God stemning som alltid, men eg hadde venta meir skrik og skrål denne dagen. Vart eit meir beherska uttrykk på veg uti!

Det var godt å kjenna at blodet kom tilbake i fingrar og tær. Det tok ikkje lang tid før blodet brusa rundt.. Kaffien gjekk rundt bordet og badetøyet fraus fast og kunne stå oppreist utan hjelp.

Turen fortsatte mot Ramsvik på broddkledde føter (for dei som hadde det).
Eivind filma frå seansen, så kanskje me får inn ein snutt på sida. (Niels meinte at
Jorunn kunne vera redaksjonelt ansvarleg for lovligheten i filmen).
Eg tar det som eit komplement på at eg alltid legg ut det eg har!!

<!–
WriteFlash('’);
//–>

Film

Andre meinte at det var lite å skjula i denne kulda, så faren var visst ikkje så stor.

I alle fall.

takk for eit flott bad.

;.)) Svein Egil



Godbad!

Heilårsbad Posted on Wed, January 06, 2010 09:27

God morgen sjøbadar!

Kaldveret held fram og me fylgjer på.

Morgenbadet denne onsdagen vart det kaldaste så langt.

Meldingane var klare, det er og blir kaldt framover..

Kaffien kom fort på kok og nistepakken smurt. Varme kler og

godt underlag til å stå på vart pakke og me var klare.

Traff Sten på vegen opp til Godalen.

På vegen ned til stranda såg med Godalen måla i måneskinn, med stille og fjære sjø.

I horisonten var det skimt av lys og dag.

Samling rundt bordet og raskt skifte – rett ut!!!!

Og dagens temperaturar målt i Godalen vart:

1,8 i sjøen og minus 8 på land.

Det var spesielt fingrar og tær som var mest utsatt, sjølv om me hadde sikra oss godt.

Men det gjekk fort å få følelsen igjen, så då alle kler, vottar og luer var på plass, kom og

varmen igjen i dei ytre ekstremitetane.

Ha ein fortsatt fin vinterdag!

Ses på laurdag!

Helsing Sten og Svein Egil!



Nyttårsbad2010

Heilårsbad Posted on Fri, January 01, 2010 14:39

Godt Nytt År kjære sjøbadar!

Det sedvanlege nyttårsbadet er unnagjort!

Godt oppmøte ved miljøstasjonen idag kl. 1200.
Det såg ikkje ut til at nyttårsfeiringa hadde tatt så hardt på.

Ein god gjeng var med som vakter på Varden ved oppskytinga, og det gjekk svært bra!

Idag var det minus 2,5 grader ute heime då me gjekk.

12 badarar i sjøen og like mange badevakter!

Ungdommen stillte sterkt, både på sjø og land (Slik ungdommen lika).
Det lover godt for det nye året!

Raudstrupen møtte og idag, litt oppblåst i kulda, men ved godt mot.

3 grader i sjøen og minus 1,5 på land idag kl. 1230.smiley

Tale av badevakt Bente og nest(en)erkebadeengel Torhild las fortsettinga av sitt nyttårsdikt, inspirert av Jon Fosse.

God mat og drikke servert på raud duk. Kan det bli betre?

Ha ein fortsatt fin dag!

.. og som sagt: Godt Nytt Badeår!

🙂 Svein Egil



Stuntreporter fra NRK

Heilårsbad Posted on Wed, December 30, 2009 10:22

God morgen frostnasar!

Idag var det kjøligt, men for ein stemning!

NRK meldte sin ankomst igår, og reporter Lene Klovning tok
utfordringen om å sjølv stille til bad på strak arm.

Med gode minusgrader i lufta, der meldingane inn til Lokalen varierte frå
-5 til -18, så var det med forventningar om eit sprekt bad me stillte opp i
Godalen denne morgonen.

Eit flott skue, med snø på markene, stille sjø, ein morgenhimmel som stod
klar og blå i aust, og med frostrøyken liggande i det fjerne.

Her er bildene i litt tilfeldig rekkefølge:

Som nokon kanskje vil sjå så vart badeshortsen til Sten ståande i frosten!

Idag vart det målt 2,7 i sjøen og -6 på land. Tendensen er klart synkande.

Etter eit godt bad fylgjer som alltid ein kaffitår og drøs rundt bordet — før me
fer i forskjellige retningar, nokre heim til romjulsfred, andre til jobb.. og
NRK har fått ein ekta STUNT-reportar, Lene Klovning!

Då teller me ned til nyttår og hugs:

Nyttårsbadet, fredag kl.1200 (på miljøstasjonen) 1230 i Godalen.
NB! Aldri verforbehold!!

Takk for gode bad i året som svinn!

;-)) Svein Egil

Og her er lenka til sendinga:

1:43:55 (Sten) 1:55:00 (Uti vatnet) 2:09:12 (Stuntreporter Lene Klovning
går i sjøen).

http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/591359



Andre Juledagsbad

Heilårsbad Posted on Sat, December 26, 2009 12:43

God dagen godtfolk!

No er det tida for å få spasert og bada av seg litt julafeitt!
Det har vore godt med snø denne jula, og sjølv om det vart mildare ver nokre dagar, så har me endå kvit jul i Stavanger, og det er svært kjekt.

Det er noko spesielt med kvit jul.

Alt vert stillare, lysare og venare, ja sjølv naboen vert mildare ( nei det var
berre vas).

Det vart godt å koma igang med bad att.

Arvid, Sten, Jorunn og Svein Egil tok runden langsmed sjøen idag.
Det var ikkje så glatt som tidlegare. Litt snø gjorde vegen “håsare”.
For å sei det så sant er: “Ikkje Risa-style”.

Det er: Ikkje brøyting, berre sand og salt. Då får du ei fin smørje!

Men i Godalen var himmelen blå!

Me kom akkurat fram til at sola steig over Dalsnuten.

Idag var det 5 grader i sjøen og 0,5 på land. Veret som sagt upåklageleg, og me fekk mange
badevakter. Åse, Olav, Else og Helene & Tassen passa godt på, og samlinga rundt bordet
var som sedvanleg: Svært god stemning. Som det ser så var frokostboksane fulle og cognacbegra store ( Takk berre litt på botnen!!).

Me hadde litt påskefølelse, då sola skein og snøen blenkte og sjøen var roleg og fin.

Det vert ondagsbad og me noterer oss at månen er full på nyttårsaftan..

Ha ei fortsatt fin romjul!

:-)) Svein Egil



SNØBAD

Heilårsbad Posted on Sat, December 19, 2009 12:15

Jess!!!

Endeleg kom snøen!
Idag vakna me til kaldt ver og snødrev i lufta.
Det var lovande takter for oss som ønska oss snøbad…

Kaffibønnene vart malt og kaffien trakta. Her skulle det vera skikkelege varer
te kaffidrøset ittepå!

Ved miljøstasjonen dukka kjente fjes opp og me kunne legga ut på tur langsmed sjøkanten.

Ittekvart kom det fleire til og då me kom til
Godalen var me heile 14 stykker!

Snøveret auka på og vinden drog seg opp, så det var bølger te
dei så ville prøva litt kroppssørfing.

Johanne, Tonje og Svein Egil tok billeder av seansen!

Som de ser så var stemningen på topp!

Johanne fyllte 50 på torsdag og Torhild hadde dag i går, så me kunne feira skikkeleg
med medbrakt musserande godsaker.

Lokalen fekk si melding: 5,8 i sjøen og 1 grad på land. Snøføyk og 14 badarar! God julestemning.

Erkebadeengelen fekk ei flott gåve til sjøbadeforeninga frå Johanne!

Ein alternativ vermålar, med stake.

No vert det berre å ta med seg denne gode stemninga vidare i jula!

Ha ei fin jul alle sjøbadarar og kanskje me treffest i romjula til bad?

I alle fall.. Badet 1.nyttårsdag er bankers!

PS! Og God Jul og takk for det gamle til Susanne og Rasmus i Danmark! DS!

:-)) Svein Egil



Snø i vente?

Heilårsbad Posted on Fri, December 18, 2009 12:48

Onsdag 16.desember 2009

Me nærmer oss julaften for fullt, men kose oss med

eit friskt morgonbad i Godalen.

Denne morgonen var det tidleg oppmøte, fpr då eg sende sms til Sten om

at eg var på gang, så var svaret: Er alt på plass!

Gry og eg kom samtidig på plass og rusla nedover stien i fint driv.

Stormlykta vart tent og det kvinnelige medlem var sjølvsgat først uti..

Me heng framleis fast i stilongsen!

7 grader i sjøen og 2,6 på land!

Medan me sat rundt bordet starta det å snø, så no er det ting på gang!

Ellers vert det musserende feiring av badevakta på laurdag.

Forutan at me stiller opp for fotografering av julebildet. Alle tek med seg nisseluer.

:-)) Svein Egil



Solbad

Heilårsbad Posted on Sat, December 12, 2009 12:05

Kjære sjøbadar!

Etter ei natt med tåke og heller kjølig luft, vakna me til eit
vakkert morgonlys!

Frost på bilrutene gav oss eit hint og forventning om eit kaldt bad.

Plastposane vart droppa ved miljøstasjonen og turen rundt Strømvik gjekk i eit flott motsol.

I godalen venta og ein gjeng.
Patrick, Benjamin, Camilla og Elisabeth stod klare då me kom vandrande.

Som de ser så var det reine vårstemninga lang sjøsida idag!

Melding til Lokalen: Godalen sjøbaderforening melder om 7,6 i sjøen og 8 på land
( i solveggen). Fiina veret og 10 sjøbadarar.

Me hadde trudd det var kaldare idag!!

Kjekt at det vert påfyll i rekkene. Det likar me.
Og det er framleis plass til fleire rundt borda..

God drøs rundt kaffebordet etter badet, og Jorunn fekk innvia sin nye Lubeckmatboks.

Me prata om Danmarksturen og at me neste laurdag stiller med nisseluer.
Då vert det fotografering uti vatnet med nisseluer!!

Ha ei flott helg!

🙂 Svein Egil



Fiina veret!

Heilårsbad Posted on Thu, December 10, 2009 20:45

God morgen igjen!

Ja, så stod då Sten å venta på oss igjen!

Normaltilstanden er dermed etablert.

Litt blåst denne morgonen, og det merkes når ein stig uti bylgjene.

Som de ser så var det ei trolsk stemning med ein måne som hang i skydekket.

Denne morgonen kunne me melder 7,6 i skøen og 7,3 på land til Lokalen.

No berre gler med oss te 2. laurdagsbad i desember.

.. Det nærmar seg Jul og så eit kommande nyårsbad!!!

🙂 Svein Egil



Champagnebadarar

Heilårsbad Posted on Thu, December 10, 2009 20:32

Hipp hipp…

Medan Jorunn og eg var i Lübeck på langhelgstur, kom det eit
begeistrande bilde frå Godalsgjengen.

Som me ser så er det høg glasføring!

Turid feira sin doktorgrad ( Gratla Turid, me e imponerte).

Temperaturen var høg, men i vatnet låg den nok rundt 7-8 grader.

🙂 Svein Egil



« PreviousNext »