Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Rekrutteringsbad

Lørdagsbad Posted on Tue, November 19, 2013 07:26

Hallaien!

Mørkt om dagen!

Nå er det snart berre ein månad att til solsnu.

Laurdags morgon kom – og eg er på Jelsa og ikkje i Godalen.

Alltid litt rart å ikkje kunne ta turen ned og møta gode badevener, men Torhild melder:

“Godalen lørdag 16 november: 15 badere møtte til morgenbad, temp i sjøen lå på rundt 10 grader og det ble bad både fra strand og stupebrett. 2 nye badere i dag, velkommen!”

Med bilder:

Badeklar!!
Ver, ja, men kler ordnar alt!
Alternativet for dei som vil litt meir er stupebrettet på neset.

Takk til Torhild for inspirasjon til fleire badarar og..

til onsdag tek eg med parafin til stormlykta, så då..

Me badast!

smileySvein Egil



Myrkebad

Onsdagsbad Posted on Wed, November 13, 2013 17:33

Morndu!

Ein mørk haustmorgon i Godalen!

Det var starten..

og med mørke som selskap vart det samling i støa.
8 sjøbadarar som lengta etter havet.

Idag vart det målt 9,1 grader, men rundt 6 grader på land.

Det er alltid godt å kunne ta badeburkaen i bruk og kasta av seg vått ty.
Då vert det leskeleg og godt.

Så på med kleda og samling utandørs.

Dagen gryr, og med det ser me at det mørknar både i nord og sud, men over Godalen er det
blåskimmer..

ei stund.

Drøset går og blant anna har fleire sett filmen om dei to syskenå som bur ilag i alderdomen.
Vert anbefalt.

Så kjem ei kraftig regnbyge og me tutlar oss inn ei kort stund, før me rullar vidare i dagen.


Morgonhimmelen gjer oss eit løft.

Det er her me høyrer til.
Det er her me er..
her er me..
her.
(Fritt etter Jon Fosse).


Så fer me kvar til vårt.
Nokon føre..


Andre etter..

Me badast!

smileySvein Egil



Mimrebad

Lørdagsbad Posted on Mon, November 11, 2013 16:15

smileySvein EgilHei alle sjøbadarar!

Helga kom farande med blest, regn, “Donner und Blitzen”.

Me reiste frå landet torsdag og landa i solfyllte Newcastle og hald fram med ein nydeleg
togreise til York. Kan anbefalast.

Lørdag kjem det melding frå Gry:

Godalen melder: Mimrebad uten nøkler. deilig foemddagmed regn i lufta. 4 badere og en badevakt. Det meldes ca 10 +|- i vannet.

og med bilde på slep:

Det ser deiligt ut, med snødekte fjell i horisonten.

Me brukte lørdagen til synfaring i York og fann fram til både pub’ar og handlegater.

Sjølv om alle gatene ikkje var like lette å skjøna seg på:

Så då så!!

Ha ein flott dag!

Me badast!



Kaldarebad

Onsdagsbad Posted on Wed, November 06, 2013 18:46

God kveld i stova!

Frost og glatte vegar møtte oss alle i dag!

Tydeleg teikn på at herr Vinter bankar på døra!

Bilruta var tilisa og det vart naudsynt med skrape og varme på fullt!

Ellers..

fiina veret!


Samling og fort igong med påkledning..

før ein får snudd seg er gjengen uti.


Ja,, nokre nyttar høvet til å dela på varmen.

Klårt vatn og ivrige sjøbadarar…

og Marianne fotograferar.

Litt plastinnsamling høyrer til.


Så inn til klesbyte før dagen rullar fram for fullt.
9 grader i sjøen i dag.

8 sjøbadarar i dag (Kristin Vaulenbadar kom også innom).

Der kom sola!

Så, etter ei god drøseøkt, var frukosttida over og med dreg kvart til vårt.

Dagen er her og me er klare..


Me badast!

smileySvein Egil



Costa del Storhaug-bad

Lørdagsbad Posted on Sat, November 02, 2013 16:37

God kveld sjøbadarar!

Kort rapport frå dagens sjøbad!

Vandrande badarar vart målbundne av oppmøte i dag!

7 vandrarar vart fort tridobla, og til slutt talte me 27 oppmøtte ( 2 badevakter).

Ungdomsfylkingen stillte sterkt og var forsterka med søstrene til Tonje.
Spreke jenter!


Dei fleste nytta det flotta veret og tok klesbytte utandørs!

Blå himmel og stille sjø gjorde det heile til ein god oppleving.

Lange skyggar frå ei låg sol. Gjengen er klar..
Nokre i Stranda, andre ved trappa.


Jorunn og Anita..

Astri og Kimmi..

Sprudledamer, det vil me ha..

Så turen over til trappa, der det og var ein gjeng..

Ingen tvil om at Helge Dagfinn likar seg i sjøen!


Og i solveggen Arvid og Synnøve.
Kven treng vel Costa del Sol når ein har ein slik plass?
10,8 grader i sjøen i dag!

Alle borda måtte ut i dag, og ingen problem med å seta 27 personar.
Ikkje verst!
Fleire nye fjes i dag, og me håper at dei vender tilbake til badegjengen.

Ha ein fin dag!

Etter badet drog fleire på Gelleritur, Ostahus og bykafear.
Andre drog på handletur og bursdagsfeiring av 95års dag til besten.
Gratla frå badegjengen!!
Og til sist vart borda rydda inn, døra lukka og ein tur innom den nye kolonihagen til Merete og Svein før nasen vende heim!

Me badast!

smileySvein Egil



Nysjansebad

Onsdagsbad Posted on Thu, October 31, 2013 21:18

Hei folkens!

Ja, ny sjanse.

Etter at vintertida førte oss ein time mot sommar vart det ny
sjanse for eit onsdagsbad i morgonsol.

Klårver og stille vart ein lovande start på dagen då me trødde ut i morgonlufta.

Samling etter kvart som tida nærma seg 0700.

Dagen grydde og horisonten stod i blått..


Bordet vert flytta ut mot soloppgangen, og me gjer oss klare til bad..

Sjøen ligg lokkande. Lurer på kva det vert målt til i dag?

Ein filmsnutt;

//www.youtube.com/embed/KVvmYF7GTcg

Så er badet over og me kan kle oss fort og fram med frukosten.

Den gode samtalen går rundt bordet og legg eit fint grunnlag for starten på ein ny dag!


Så vert lyset slått på og me kan vandra vidare i dagen!

Me badast!

smileySvein Egil



Blåtimebad

Onsdagsbad Posted on Wed, October 23, 2013 15:30

Hallaien!

Onsdagsbadet er framleis i mørke..


men ka så?
der er jo lys i horisonten, og sjølv om vermeldinga lovar både regn og blåst, er det opphald og stilla i Godalen.. enn så lenge.

4 sjøbadarar samlast og dragast mot sjø.

12,8 grader i dag, men likavel relativt mildt i lufta. Rundt 13-14 grader.

Det dreg seg mot den blå timen, der lyset skiftar fort.

og der kaffien smakar fortreffelegt..

Neste onsdag er det bading i soloppgang.
Då er tida snudd ein time mot sommar.
Me kan gleda oss.

Ha ein fin veke!

Me badast!

smileySvein Egil



Sprudlebad

Lørdagsbad Posted on Mon, October 21, 2013 15:24

Du sprudlande!

Helg og badetid, og tid for å markera dagen til
Carolyn. Dette er ikkje kvar dag ein feirer 40 ++!

Eg er på Jelsa denne helga og kosar meg med maling av golv då det kjem melding frå
Torhild!

Med billedfølge:


Godt å sjå at sprudledamene er på plass.

Observerar at temperaturen er synkande, men at stemningen er den sedvanlege:
På topp!

Jorunn: Badevaktene var godt
representert v/Johanne, som kom med velvalgte ord, og minde oss på at
badevaktene er det nærmaste me i badegjengen kjem royale krinsar. I grunnen er
dei badevaktdronningar

Ha ei flott veke!

Me badast!

smileySvein Egil



MidtiOktoberbad

Onsdagsbad Posted on Wed, October 16, 2013 15:20

Onsdag og klar for bad!

Me er nå midt i oktober, og denne dagen feirer både
Carolyn og Lisbeth gebursdag!

Hipp-hipp-hipp!!
Hurraaaaa!

Mørketida er over oss, men der er håp om fine onsdagbad i soloppgang i nær framtid!

Hvilken vei? Fram eller tilbake?
Det er ikke alltid så lett å huske om klokken skal stilles fram eller tilbake. En vanlig huskeregel er at «Klokken stilles mot sommeren». Om våren har man sommeren foran seg, klokken skal derfor stilles fram en time mot sommeren. Om høsten derimot, har man sommeren bak seg, og klokken stilles derfor tilbake en time.

Klokken skal stilles frem siste søndag i mars og tilbake siste søndag i oktober.

Søndag 27. oktober 2013 stilles klokken tilbake 1 time fra kl 03.00 til 02.00.

Med andre ord:

Nye sjansar!

I dag var me to nye i sjøkanten.

Tone og Tom var på plass for eit sjøbad.
og Tone samla tang til salaten.
Spennande alternativer..

12 badarar i sjøen i dag, og 12,6 grader vart målt!

Ulike tema var over bordet og stemningen god!

Som alltid!

og lyset sig på og me er snart klare for ein ny dag på jobb!

Ha ein god dag!

Me badast!

smileySvein Egil



Haustbad

Lørdagsbad Posted on Mon, October 14, 2013 15:55

Guddagen!

No er helga over og me kan sjå attende til ei
fantastisk helg når det gjeld ver og vind her i krinsen.

Den eine etter den andre postar bilete av solned- og oppgongar med vakre haustfargar som spelar seg i vatn.

Då gjerne med ein sjøbadar eller fleire i biletramma.

Else sender rapport frå Godalen:


8 badarar og 13 grader i sjøen.

Og som alltid – smilande fjes.

Ja ei flott helg!

Me var på Jelsa denne helga og fekk oss fleire bad i sjøen, både på Jelsa og på Nyvoll.

Men ein kjenner no at sjølv om sola varmar, så er det haust i lufta.

Sesongen er i gong!

Me badast!

smileySvein Egil



« PreviousNext »