Gudd mårning!

Helg igjen og me rundar av august!

Det stundar mot haust og ein opplever tydeleg at kveldane er mørkare.

Denne helga vart det Jelsatur på oss, men sjølvsagt eit bad på plass..

Sviefritt og berre nokre tyske fisketuristar som fiska med stang frå båt… ( me beit ikkje på.)

Frå byen melder Kristin:

Rapport til bloggen. 12 blide badere, 16,4 i vannet. En lille en til kaffen og upåklagelig stemning. Stor aktivitet rundt oss. Brannvesenet brant ned MC-huset. Horder av joggere sprang maraton, men intet kan måle seg med et godt bad!

Godt å sjå at Badeungdomsfylkingen er i gong.

Her er fleire aktiviteter festa til “celluloiden”:
Synkron, friflyt, distanse og mølje..

Litt rart å sjå at bakteppe denne dagen bokstaveleg talt er røykteppe etter nedbrenninga av
Strømvik bad. Etter 99 år er huset vekk og me kan berre sei: Ka nå?


Badeturmat: Akevitt og sjokolade ( etter badet ).
Etter prinsippet: “No er det fest, la meg få ei Solo og 10 glas!”


No kan me gleda oss til bad i soloppgang på onsdagsmorgonen.

Ha ei fantastisk helg!

Me badast!

smileySvein Egil