Guddagen!

No er helga over og me kan sjå attende til ei
fantastisk helg når det gjeld ver og vind her i krinsen.

Den eine etter den andre postar bilete av solned- og oppgongar med vakre haustfargar som spelar seg i vatn.

Då gjerne med ein sjøbadar eller fleire i biletramma.

Else sender rapport frå Godalen:


8 badarar og 13 grader i sjøen.

Og som alltid – smilande fjes.

Ja ei flott helg!

Me var på Jelsa denne helga og fekk oss fleire bad i sjøen, både på Jelsa og på Nyvoll.

Men ein kjenner no at sjølv om sola varmar, så er det haust i lufta.

Sesongen er i gong!

Me badast!

smileySvein Egil