God kveld sjøbadarar!

Kort rapport frå dagens sjøbad!

Vandrande badarar vart målbundne av oppmøte i dag!

7 vandrarar vart fort tridobla, og til slutt talte me 27 oppmøtte ( 2 badevakter).

Ungdomsfylkingen stillte sterkt og var forsterka med søstrene til Tonje.
Spreke jenter!


Dei fleste nytta det flotta veret og tok klesbytte utandørs!

Blå himmel og stille sjø gjorde det heile til ein god oppleving.

Lange skyggar frå ei låg sol. Gjengen er klar..
Nokre i Stranda, andre ved trappa.


Jorunn og Anita..

Astri og Kimmi..

Sprudledamer, det vil me ha..

Så turen over til trappa, der det og var ein gjeng..

Ingen tvil om at Helge Dagfinn likar seg i sjøen!


Og i solveggen Arvid og Synnøve.
Kven treng vel Costa del Sol når ein har ein slik plass?
10,8 grader i sjøen i dag!

Alle borda måtte ut i dag, og ingen problem med å seta 27 personar.
Ikkje verst!
Fleire nye fjes i dag, og me håper at dei vender tilbake til badegjengen.

Ha ein fin dag!

Etter badet drog fleire på Gelleritur, Ostahus og bykafear.
Andre drog på handletur og bursdagsfeiring av 95års dag til besten.
Gratla frå badegjengen!!
Og til sist vart borda rydda inn, døra lukka og ein tur innom den nye kolonihagen til Merete og Svein før nasen vende heim!

Me badast!

smileySvein Egil